onsdag, september 04, 2013

Grøn realisme

Stortingsrepresentanten Bendiks H. Arnesen frå Arbeidarpartiet hevdar i Troms Folkeblad 31.august at Miljøpartiet Dei Grønne (MDG) sin politikk vil føre til at det siste lys i Nord-Noreg vil bli slukka. Ifølge Arnesen ynskjer MDG at me skal leva av cannabis-sal og havvind i åra framover.

Det er rett at MDG ynskjer ei omstilling av samfunnet i retning av eit samfunn kor me lever langt meir berekraftig. Ein viktig del av denne strategien er å leggja til rette for havvind-utbygging som kan erstatta petroleumsaktiviteten på norsk sokkel. Me ynskjer å fasa ut olje- og gassaktiviteten i løpet av 20 år, fordi denne aktiviteten er økologisk og økonomisk uansvarleg. Den er økologisk uansvarleg fordi heile 2/3 av dei kjente førekomstane av olje, gass og kol må bli liggjande under jorda ifølge FN sitt klimapanel. Viss ikkje Noreg, som er eitt av dei mest velståande landa i verda, greier å trappa ned olje- og gassverksemda, kven er det då Arnesen meiner at skal gjera det?

Olje- og gassaktiviteten på norsk sokkel er økonomisk uansvarleg fordi me med dagens utvinningstempo styrer mot ei krise i norsk økonomi om 10-20 år. Det er ingen tvil om at mykje av dei ressursane som er att på norsk sokkel er ressurskrevjande og dyre å vinna ut. Det velrenommerte finanstidskriftet “The Economist” hadde for tre veker sidan bilete av ein dinosaur som drakk olje på framsida. Overskrifta var “Why demand for oil will fall”. Arbeiderpartiet, Høgre og Framstegspartiet nektar dessverre å ta innover seg at oljealderen sine glansår er forbi. Deira planlagte høge utvinningstempo på norsk sokkel er ein sikker kurs mot ei økonomisk omstillingskrise her til lands.

MDG ynskjer å leggja til rette for næringsutvikling i andre næringar enn oljeindustrien dei neste åra. Ved å fasa ut oljeaktiviteten, vil lønns- og kostnadsnivået gå ned, og andre næringar vil bli langt meir konkurransedyktige enn dei er i dag. Dei Grøne vil dessutan fjerne arbeidsgjevaravgifta for alle bedrifter i oppstartfasen, og alle bedrifter med få tilsette. Me vil også bruka ein del av oljefondet til å omstilla til ei grøn næringsutvikling i Nord-Noreg og resten av landet.

Korleis har Arbeidarpartiet sin politikk for næringsutvikling i Nord-Noreg vore dei siste åra. La oss til dømes sjå på utviklinga i fiskeria, som har vore ryggraden i landsdelen vår dei siste hundreåra. Fiskeripolitikken, som Arbeidarpartiet er hovudarkitekt for dei siste åra, har ført til ei rasering av fiskeforedlingsindustrien frå Lofoten til Austfinnmark. Det som skulle vera ryggraden i fiskeria, kystfiskeflåten, er blitt og blir rasert gjennom samanslåing av kvotar eller den såkalla strukturrasjonaliseringspolitikken. Denne politikken kjem fyrst og fremst trålareigarar på Sunnmøre og i Austevoll til gode, i tillegg til styrtrike investorar i sør som Røkke. Arbeidarpartiet sitt alternativ til å satsa på fornybare ressursar som fisk og fornybar energi som havvind, havvarme og tidevasstraum, er å gå mot folkefleirtalet i landsdelen og selja våre mest sårbare område til oljeindustrien. Olje- og energidepartementet seier at Nord-Noreg skal få maksimalt 5% av arbeidsplassane frå ei utbygging av oljeverksemd i LoVeSe. Er det denne nordnorske næringsutviklinga Arnesen er så stolt av?

Arnesen sitt billege poeng om at Dei Grøne ynskjer at me skal leva av havvind og cannabis i åra framover, illustrerer kor lite oppdatert han er på anna politikk enn den han sjølv forkynner. MDG ser i likskap med det Arbeidarparti-utnemnte Stoltenberg-utvalet på norsk narkotikapolitikk som fullstendig mislukka. Derfor vil me avkriminalisera bruk av cannabis, og me vil utreda om omsetnaden av cannabis bør vera statleg og ikkje lagt i hendene på kriminelle.


Arbeiderpartiet sin strategi med å tømma Nord-Noreg for ressursar på få år er både uansvarleg og kortsiktig. MDG er det einaste partiet i norsk politikk som tek økologisk og økonomisk ansvar for dei endringane klimakrisa vil føra til for verda og for den norske økonomien i tiåra framover. Det må til for at det skal brenna lys i nordnorske hus, også etter at konsekvensane av Arbeidarpartiet si ansvarsløyse i klima- og næringspolitikken slår ut for fullt.

(Faksimile Troms Folkeblad 31.august)