onsdag, mars 29, 2006

Vorspiel for vidarekomne


Alle som har vore på vorspiel i eit studentmiljø har vel på eit eller anna tidspunkt kome ut for den store frihandelsdebatten. Debatten artar seg vanlegvis som følger: Ein høgremann av ukjent valør (Høgre, Venstre eller Frp for å nevna nokre) tar til orde for at han (det er alltid ein han) har funnet medisinen for verdas fattige: Frihandel. Rette vedkomande hevdar sjølvsikkert at den økonomiske globaliseringa som har kome med frihandelsavtalane dei siste åra vil føra til økonomisk vekst i sør. Men ikkje berre det, frihandel er også medisinen som skal bringa velstand, utdanning og betre helse til dei fattigaste.

Desse påstandane blir sjølvsagt hardnakka tilbakevist av alle som har ein fot eller ei tå på venstresida: Vis oss det landet som har utvikla seg til rikdom utan å fyrst gå gjennom ein vekstperiode med vern av innanlands produksjon? Frihandelsavtalane forhindrar både ei offensiv utbygging av det offentlege og andre former for ekspansiv finanspolitikk ved å leggja sterke føringar på offentlege investeringar gjennom inflasjonsmål i land i sør. Er slike økonomiske føringar rettferdige?

I morgon arrangerer me i Attac Tromsø debattmøte om desse spørsmåla, det er tid for å ta debatten eit steg vidare enn me maktar på vorspiela. Som innleiarar har me fått Magnus Marsdal (nyss avgått Attac-leiar) og Lars-Henrik Micaelsen (leiar i Unge Venstre). Ta turen innom Kulturhuset klokka 20 i morgon kveld (torsdag)!

Til dåke som ikkje bur i Tromsø: Rapport følgjer på denne sida i løpet av fredag!

(Det illustrerande vorspiel-biletet er forøvrig frå eit karneval i mitt gamle kollektiv Konkylien. Det er ingen løyndom at dagsorden låg langt bortanfor frihandelsdebatten den kvelden.)

søndag, mars 26, 2006

I skuggen av solnedgangen



I ettermiddag kom eg endeleg heim igjen til Tønsvika etter ei nokså travel arbeidshelg på Åsgård (psykiatrisk sjukehus i Tromsø). Sjølv om eg har hatt ei god helg på jobb i byen, er det få opplevingar som er like gode som å koma heim til sol frå skyfri himmel ein snøtung sundags ettermiddag i Tønsvika.

Etter at eg kom heim, har eg ikkje vore verre på det enn at eg har nytt ein ettermiddag og ein kveld som framstår som reine latmannslivet: Eg har drukket fleire koppar kaffi ved kjøkenvinduet i selskap av ein forbiletleg solnedgang (sjå bilete over). Etter solnedgang fulgte eg Brann sitt bitre treningskamp-nederlag mot Viking på nettet, i selskap av endå fleire kaffikoppar. Før kvelden kom har eg dessutan stia to sauer og tre kattar, og bore i hus ved for nokre dagar. No har eg fyrt i peisen og sit attpåtil og nyt eit langsamt glas raudvin medan eg les essayet ”Stillhetens historie” av Peter Englund.

Bakdelen med denne late sundagsidyllen er at eg har ei sjeldan travel veke framfor meg, fordi eg skal skriva ein større artikkel for eit tidsskrift, levera ein heimeeksamen i historie og vera debattleiar på eit seminar om ”Frihandel og fattigdom” før veka er omme. Eg førebur meg altså til årets travlaste veke med å lesa irrelevante essay, surfa på nettet, drikk kartongvin og tenkja på alt anna enn det eg eigentleg burde bruka tida mi på.

På sitt vis illustrerer vel denne kvelden paradokset i store delar av mitt (og mange andre sitt?) vaksne liv: Det er det neste vinglaset og nytinga som ligg i augneblinken som har fått styra dagane og åra mine. Dei viktige oppgåvene og dei lange linjene har som oftast levd eit tilbaketrekt liv i skuggen. Kven veit, kanskje trives me menneske best med å ha det slik?

torsdag, mars 23, 2006

Ta sjansen - bli forført!



For eit par månader sidan leste eg ein leiarartikkel i Klassekampen om den nye boka til den høgt respekterte biologen James Lovelock. Leiarartikken refererte til eit større oppslag i den danske avisa Information, kor Lovelock sin nye teori om den globale oppvarminga blir presentert. I korttekst hevdar Lovelock at me allerede har nådd den kritiske grensa for utslepp av klimagassar, og at brorparten av jorda vil vera ubebudd i 2100, fordi temperaturen har steget med mellom 9 og 11 grader. Etter å ha lese dette i Klassekampen, fann eg fort vegen til avishylla på UB kor eg leste 4 tettskrevne sider om Lovelock sin teori i Information. I Noreg gav både Klassekampen og Morgenbladet Lovelock avmålt spalteplass, men ingen av avisene var nær den grundige og problematiserande dekninga til Information.

Poenget mitt i denne samanhengen er ikkje at eg førebur meg på sivilisasjonens samanbrot, men at eg dei siste to månadane har fått eit nytt referansepunkt i kvardagen. Nesten kvar einaste formiddag rasar eg rett bort til avishylla på UB når eg kjem til universitetet. Eg er nemleg blitt så avhengig av Information sidan eg las det oppslaget i januar, at eg ikkje kan gå glipp av ei einaste utgåve.

Sjølv om dette kan høyras svermerisk og umodent ut, har eg latt meg villig forføra av mi nye favorittavis. Information har nemleg det meste ein venstreradikal avisjunkie kan drøyma om. Den har stor utanriksdel, tydlege og grundige leiar- og kommentarskribentar og djuptpløyande temaartiklar mellom mykje anna. Information er kort sagt meir kunnskapsrik, utfordrande og grundig enn alle norske aviser. Til deg som likar å bli inspirert av det skrivne ord: Begynn å lesa Information!

onsdag, mars 22, 2006

Villsaudrift og det grøne i nasen


Me har kjøpt inn nye høyballar til dei to villsauene me held oss med her på garden. Dei kosta det kvite i auget, det grøne i nasen og det gule i øyret. Me får tru sauene våre er verdt såpass.

Tid for blogg?

Til no har eg regna blogging som ei postmoderne, djupt ironisk uttrykksform. Slik sett har eg lenge tenkt at dette ikkje kan vera noko for meg. Men også her har tida forandra seg, og etter å ha surfa litt i ulike bloggar den siste tida har eg kome til at eg vil starta min eigen blogg. Førebels har eg ingen andre ambisjonar enn at eg skal skriva nokre linjer om samanhengen mellom småskala sauedrift og eit globalt politisk engasjement eit par kveldar i veka. Men det kan no kanskje óg vera nok som eit utgangspunkt? Følg med på denne sida!