onsdag, november 07, 2007

Ein jaga hunds bekjennelsar


Det har lenge vore alt for stilt på denne bloggen. Årsaka er enkel, eg har i knappe to månader vore utplassert som lærarstudent i den norske skulen. Om noko kan drepa ein bloggar, må det vera lærarpraksis. I desse vekene har eg berre skumlese avisene mine, eg har lese ei bok (på TO månader), og eg har knapt høyrt radio eller sett kino.

Dagane mine har vore fyllt til randa. Her har vore forarbeid og etterarbeid til undervisning, her har vore møte om viktige og mindre viktige saker som opptek den jamne lærar. Gløym no heller ikkje den daglege evalueringa av såvel meg sjølv som av elevane, som vordande lærar skal ein øva seg i både dømmekraft og sjølvkritikk. I korttekst har eg fått erfara korleis det er leva midt i tidsklemma, eg har faktisk holdt på frå tidleg om morgonen til seint om kvelden mange dagar, det har ofte ikkje blitt tid til anna enn praksis og universitetsstudiar.

Samtidig er det nærliggjande å snu denne klagesongen min på hovudet. Dei siste vekene har eg nemleg for fyrste gong fått bruka mine talent som synsar til noko meir konstruktivt enn å skriva utopiske lesarinnlegg, eller til å driva ørkeslaust organisasjonsarbeid. Her har samfunnet måtte betala for at ein dørgande lat bondeson skal få studera og bu i kollektiv til han er langt over tredve, utan at han nokonsinne har bidratt til fellesskapet med noko meir enn nokre skarve tusenlappar i året i skatt. Og slikt skal ein gong i framtida sitja på pensjonistræva si og nyta godt av dine skattepengar! Nordisk velferdsstat, my ass!

Kanskje har eg i motsetnad til dette, bidratt aldri så lite til noko samfunnsnyttig desse vekene i lærarpraksis? På skulen har eg nemleg vore så priviligert at eg har fått lov til å undervisa i nokre av dei spørsmåla som opptek mange av oss som regnar oss som samfunnsengasjerte. Nokre spørsmål me har putla med i desse vekene har vore: «Korleis kan me løysa klimautfordringa?», «Korleis kunne eit demokratisk land velga Hitler som sin leiar?» og «Er det nokon samanheng mellom måten me såg på jødar i Noreg i mellomkrigstida, og måten me ser på innvandrarar i dag?».

Sjølvsagt er det avgrensa kor djupt ein kan gå i slike spørsmål i ungdomsskulen. Som oftast sit ein att med eit riss av eit svar, som maksimalt halvparten av elevane har fått med seg. Eg nærer heller ingen stordomstankar om mi eiga undervisning, den ber nok sterkare preg av det uforløyste enn eg likar å gjera meg kjent av. Uansett kjennest det bra å ha deltatt i denne vesle, kvardagslege samtalen om dei store samfunnsspørsmåla. Kanskje er det ein og annan elev som har fått med seg at han eller ho kan melda seg inn i Natur og Ungdom om dei vil engasjera seg politisk i klimaspørsmålet? Og kanskje oppfattar nokre elevar ein viss dissonans, neste gong dei høyrer FrP argumentera som om det var mogeleg å stoppa innvandringa?

Slik kan ein tenkja no som praksis er over. Om eg skal summera opp, har desse praksisvekene fyrst og fremst vore prega av såpass intense dagar, at eg har blitt ein kulturlaus og apolitisk student. Mange kveldar har eg arbeidd med skulearbeid og universitetsoppgåver til langt over midnatt, og kvar einaste morgon har eg tvinga meg på fote i sekstida.

Det eg ser mest fram til no, er å venda attende til mine gamle, stillfarne dagar på universitetet. Allereie på måndag satsar eg på å finna att min gamle arbeidsplass på universitetetsbiblioteket. Der skal eg bli sitjande til lang på kveld i mange veker framover. No skal det nok bli tid til både politikk, kultur og blogging.