fredag, mars 21, 2008

Verdien av ein motkultur


Dei siste dagane har eg lese den svært fascinerande soga om korleis slaveriet vart avskaffa i kolonimakta Storbritannia, gjennom Adam Hobschild si grundige framstilling i boka «Begrav lenkene».

Det fascinerande ved denne forteljinga er den påverknadskrafta eit dusin slaverimotstandarar som møttes i London i 1785 for å starta ein foreining mot slaveri, fekk i eit land som var så økonomisk avhengig av slaveriet. I løpet av to år greidde desse tolv aktivistane å snu den britiske opinionen frå å vera likegyldige til slavehandel, til at store delar av befolkninga deltok i ei folkerørsle mot slavehandel! Heile slaveriet som institusjon tok det noko lengre å reisa motstand mot og til å avskaffa, men i løpet av nokre tiår greidde dei denne oppgåva også.

Slaverimotstandarane lukkast fordi dei greidde å knyta forbindelsar mellom det nære og det fjerne, fordi dei greidde å gjera slavane sine lidingar til eit spørsmål om menneskeverd som nasjonen Storbitannia var ansvarleg for. Slavemotstandsrørsla var både den fyrste menneskerettsorganisasjonen og den fyrste sosiale rørsla, dei utvikla mellom anna mange av dei reiskapa som dagens politiske og sosiale organisajonar brukar for å påverka opinionen og politikarane. For dei av oss som er engasjerte i slike organisasjonar i dag, er boka «Begrav lenkene» av uvurderleg verdi.

Når tolv menn utan stemmerett på eiga hand kunne mobilisera ein nasjon til å avskaffa ein institusjon som var så sentral for økonomien som slaveriet, er det nærliggjande for ein samtidig lesar å spørja kva me kan få til i dag? Dei to mest nærliggjande analogiane til avskaffinga av slaveriet i vår samtid, må vera dei globale fattigdoms- og klimautfordringane.

Det er sjølvsagt ein stor forskjell mellom slaveritilhengjarane på 17- og 1800-talet og vår tids tilhengjarar av det politiske hegemoniet. På 17- og 1800-talet forsvarte slaveritilhengjarane slavehandelen og slaveriet med reine ord, i dag vil ingen kalla seg motstandarar av miljøvern eller av utvikling i fattige land. Vår tid er i staden prega av ein dobbeltmoralens retorikk og politikk som 17- og 1800-talets Storbritannia i stor grad var skånt for. Til dømes går ikkje dagens norske politikarar av vegen for å kalla seg miljøvernarar, trass i at dei fører ein politikk som fører til at Noreg aukar CO2-utsleppa år etter år. Det manglar heller ikkje på norske politikarar som er opptatt av internasjonal solidaritet, men som likevel forsvarar norsk våpeneksport og norske imperialistiske posisjonar i WTO-forhandlingane.

Sjølv om utfordringane er annleis, er det ingen tvil om at nokre få aktivistar kan ha stor påverknadskraft også i dagens dobbeltmoralske politiske klima. Framveksten av den vekstkritiske organisasjonen «Fremtiden i Våre Hender» i Noreg på -70-talet, og framveksten av den globale sosiale rørsla for demokratisering av finansmarknaden no på 2000-talet, er berre to døme på dette. Begge desse døma viser uansett at omstillinga frå engesjement til gjennomføring av praktisk politikk, er like krevjande i dag som for 200 år sidan.

I desse motgangstider får me henta inspirasjon i Margaret Mead sine ord som er sitert i innleiinga til «Begrav lenkene» : «Ein skal aldri tvila på at ei lita gruppe omtenksame og engasjerte borgarar kan endra verda. Faktisk er dette det einaste som nokonsinne har endra den.»

torsdag, mars 13, 2008

Eksamenseksil i Lofoten


På sundag satte eg meg på Hurtigruta til Stamsund igjen. Denne gongen har eg heimeeksamen i eit masteremne i sosialantropologi, som eg tek for skrivegleda si skuld og for å kobla av frå det umotiverande studiet i pedadogikk som eg driv med til dagleg.

I Stamsund har eg som før mitt perfekte eksil for ro og fordjuping, her er korkje internet, bøker, fotballkampar eller allverdas andre freistingar som uroar meg i arbeidet med heimeeksamen. I staden har eg fått eit stille einmansrom med eit skrivebord, ei seng og ein vannkokar til fri bruk. Om eg ikkje finn lese- og skrivero her, finn eg det aldri.

Temaet eg har skrevet om dei siste dagane, må seiast å vera svært så passande til mitt eksamenseksil på Hutigruta og på herberget her i Stamsund. Oppgåva eg har skrive eit svar på, er nemleg denne: «Ein kan sjå på reise som ein metafor for moderne identitetstematikkar. Drøft denne påstanden med referansar til pensumliteraturen.» I grunnen er me vel mange som kan sjå på reise som ein innfallsport til vår eigen identitet, mellom anna forbi den konkrete reisa i form av feriar og flytting mellom stader og land pregar våre eigne liv. Dessutan er det noko i den uroa og den rotløysa som pregar folk sin levemåte og sin kultur, som støttar teorien om at reise er ein god allegori for moderne identitetstematikkar. Det grenselause i våre planar og draumar om fleire og lengre feriar, større hus og bilar, høgare løn, betre jobbar, andre og betre kjærestar og mangt anna, er også eit av dei perspektiva som underbyggjer tesen om at me er kontinuerleg reisande.

Eg må likevel innrømma at pensumet eg har lese til eksamen har skuffa meg i monaleg grad. Antropologane er høgstemte i si framstilling av kor viktig den kulturelle globaliseringa har vore for folk i nord og sør. Det dei i liten grad tek høgde for, og som er svært sentralt, er at sosiale og økonomiske ulikskapar er svært sentrale når me skal diskutera globaliseringa. Rett nok har globaliseringa ført til at me i ein global samanheng deler fleire av dei same referansane og dei same draumane om kva som er attråverdig, enn me gjorde før. Felles referanserammer endrar dog ikkje handlingsrammene, det er framleis dei ressursterke som kan utnytta dei nye og meir einsretta referanserammene som globaliseringa skapar. Dei fattige har små eller ingen mulighetar til å utnytta desse nye referansane eller til å verkeleggjera dei nye draumane, anten dei bur i London eller i Kuala Lumpur.

Om ikkje anna, kan eg i hvert fall gle meg over at det er sosiologien og ikkje antropologien som er mitt fag. Den overbetoninga av det kulturelle som antropologane målber i den antologien eg har som viktigaste referanse, er etter mitt syn like mykje eit stengsel enn eit reiskap til å forstå dei endringane som globaliseringa har ført med seg i ulike kulturar i sør og nord.

I går leverte eg min heimeeksamen etter tre intense skrivedagar. Etter ei kjærkomen rotbløyte i går kveld, har eg i dag nytt ein stillfaren dag med lesing, fotografering og bloggskriving. No ber det snart nordover att med Hurtigruta til Finnmark, så får tida visa om eg nokon gong får ei kjensle av å vera bufast mellom mine endeleause reiser...

(Foto: www.vandrerhjem.no Stamsund vandrerhjem)

søndag, mars 09, 2008

Kvinnedag som trengs


I går feira me som alltid den internasjonale kvinnedagen i Tromsø med kvinnemesse i Domkyrkja og tog gjennom Storgata. Sidan dagen i år fall på ein laurdag, og sola glimta til og skein frå skyfri himmel, var me litt færre i kyrkja og i toget enn me pleier.

Like sikkert som at det er kvinnedag, like sikkert er det at eg får spørsmål frå ein eller annan fjern eller nær kjenning om kva som er vitsen med denne markeringa: Kva skal me med kvinnedag i eit land som er likestilt i alle spørsmål knytt til kjønn?

Det sluttar aldri å undra meg at så mange kan tru på ei slik framstilling som er så innlysande feil. Eg skal i denne omgang la eit av dei aller viktigaste perspektiva knytt til kjønnsspørsmål liggja, det er menn sin valdsbruk mot kvinner. Det manglar nemleg ikkje på andre område i det norske samfunnet kor kjønn er ein viktigare variabel enn den burde vera. Ein rask kikk på Statistisk sentralbyrå sine heimesider viser oss desse tala:

- Nesten 80% av dei undersysselsatte (deltidarbeidande som ynskjer meir arbeid) er kvinner.
- Kvinner tener 84,7% av menn/månad gjennom løna arbeid.
- 19% av toppleiarane i det offentlege og næringslivet er kvinner.

Av dei ulikskapane som ikkje er målbare, har eg spesielt i to offentlege saker merka meg kjønnsperspektivet det siste dryge året: Ville Gerd Liv Valla ha blitt mobba av heile offentligheten på den unisone måten ho vart, dersom me til dømes tenkjer oss at Lars Sponheim eller Bjarne Håkon Hanssen satt i hennar posisjon? Ville Manuela Ramin Osmundsen ha blitt avsatt som statsråd dersom ho var mann? Etter mitt syn er det mest sannsynlege svaret på desse spørsmåla nei, det er ulike reglar som gjeld for kvinner og menn i toppstillingar.

I lys av dette, kan vel ingen tvila på at kvinnedagen trengs, såvel i eit internasjonalt som i eit nasjonalt perspektiv.