
For tida er eg i praksis på ein ungdomsskule her i byen. På fredag er det tanken at eg skal undervisa i emnet «Klimapolitikken – eit lokalt og globalt ansvar». Korleis undervisa i vår sivilisasjon sin mogelege undergang? Korleis fortelja ein fjortenåring at om me skal tru eit stort fleirtal av dei vitskapsfolka som syslar med klima, så er verda på veg mot eit samanbrot?
Ovanfor meg sjølv, pleier eg alltid å svara at i lys av klimautfordringa, er det politiske engesjementet viktigare enn nokon gong. Om me skal unngå ukontrollerte klimaendringar som vil setja heile vår sivilisasjon i fare, er me avhengige av at me både som enkeltpersonar skapar nye forteljingar om kva som er det gode liv, og at me som samfunn set andre premissar for utviklinga enn det einsidige vekstperspektivet som pregar politikken i dag. Som nordmenn som flyt rundt på eit feitt oljefat, har me dessutan både eit spesielt ansvar og eit unikt handlingsrom for å vera med på å skapa eit samfunn som riv seg laus frå den oljebaserte teknologien og den einsidige veksttanken.
Men korleis formidla dette i ungdomsskulen? Korleis fortelja ein fjortenåring at ho lever i ein verden som har gått av hengslene, og som truleg vil kollapsa, både økonomisk og økologisk, i løpet av hennar levetid? Kan ein i det heile ta slike ord i bruk?
Eg har ingen svar på desse spørsmåla. Kanskje er det heller ikkje mogeleg å undervisa på ein måte som formidlar alvoret i klimautfordringa, samtidig som elevane blir inspirert til politisk handling bortanfor den dobbeltmoralen som pregar norsk og internasjonal klimapolitikk i dag?
Det er endå lenge til fredag. Det ender nok uansett med at eg ikkje vågar å ta steget så djupt inn i klimautfordringa som eg gjer i dette innlegget. Det får vera grenser for kva ein urøynd ungdomskulelærar skal våga seg på...
(Illustrasjon: www.mdbc.gov.aus)