mandag, mars 19, 2007

Dobbeltmoralens retorikk


I ulike sosiale samanhengar har eg dei siste månadane oftare og oftare møtt folk som har hevda at tida er mogen for å avslutta den norske oljealderen. Umiddelbart kan dette uansett synast som ein realitetsfjern idé: Korleis kan ein i fullt alvor hevda at Noreg skal leggja ned industrien som legg grunnlaget for ein generøs velferdsstatpolitikk idag, og for framtige pensjonsinntekter for oss som er unge idag?

Svaret på dette kan i korttekst formulerast i tre ord: Den globale oppvarminga. Sidan i haust, då klimadebatten fann sin rettmessige plass i norsk offentlighet, har det gått opp for mange at den vestlege sivilisasjonen er truga dersom me fortset å basera energiforbruket vårt på fossile kjelder.

Samtidig som såpass tungsindige innsikter er i ferd med å vinna fotfeste mellom vanlege folk, fortset det globale politiske spelet med forhandlingar om nærast ubetydelege utsleppsreduksjonar. Her i landet vert dette paradokset understreka ved at arbeidet for framtidige norske klimautslepp fortset med uforminska styrke (gjennom kjøp av klimakvotar, leiteboring, utbygging av nye oljefelt, oppkjøp av utanlandske oljeressursar), parallelt med at politikarane overbyr kvarandre i mål om reduksjonar i klimagassutsleppa. Kor lenge skal norske politikarar få fortsetja denne dobbeltmoralske politikken og retorikken?

Noreg framstår som ein av dei største pådrivarane for klimaendringane, både i form av petroleumspolitikken og energibruken. Så seint som i 2005 var me verdas 3.største olje- og gasseksportør, og me er eit av dei landa i verda som brukar mest energi/innbyggjar. Det er også verdt å leggja merke til at Noreg har ein påfallande svak miljøprofil i forvaltninga av oljeformuen. Om nokre månader passerer det norske oljefondet 2000 milliardar kroner. Desse pengane vert idag nesten utelukkande investert i vestlege aksje- og finansmarknadar, oljefondet manglar eit mandat til å investera i land i sør og i fornybar energi. Tanken er at oljefondet om nokre tiår skal sikra at nokre millionar nordmenn skal kunne ovra seg i verdas mest generøse statlege pensjonsordning. Samtidig tyder mykje på at det vil vera heilt andre utfordringar enn pensjonen som vil uroa oss om 40-50 år. Idag framstår Noreg med stolthet som fredsmeklar og verdsmeister i bistand på den internasjonale politiske arenaen, dette biletet vil fort bli snudd på hovudet den dagen verda «oppdagar» kor usolidarisk og egoistisk Noreg forvaltar oljeformuen.

Tida er inne for å setja ein ny dagsorden i norsk politikk. Den dobbeltmoralske retorikken, som både tek til orde for ein offensiv oljeutvinningspolitikk og for ein ansvarleg klimapolitikk, kan ikkje lenger aksepterast. Den Saudi-arabiske oljeministeren Even Sheikh Zaki Yamani sa ein gong: «The stone age did not end for lack of stone, and the oil age will run out long before the world run out of oil». Når skal norske politikarar vakna til at me som styrtrik oljenasjon har eit særskilt ansvar for å utvikla teknologi som kan framskynda overgangen frå fossil til karbonfri energi?

Dei eg har møtt som tek til orde for stopp i den norske oljeutvinninga, har det til felles at dei ikkje er politisk aktive. Det er uansett ingen tvil om at synspunktet deira om stopp i oljeutvinninga, er langt meir i takt med vitskapen enn nokon norsk stortingspolitikar er. Eit fleirtal av klimaforskarane, ser det som truleg at me treng minimum 60% reduksjon i dei globale klimagassutsleppa innan 2030 dersom me skal unngå klimaendringar ute av kontroll. Skal greia dette, er er ei nedbygging av norsk og internasjonal petroleumsindustri einaste utveg. Overgangen frå fossil til karbonfri energi vil sjølvsagt ikkje bli enkel, det trengst enorme investeringar og ditto politisk vilje for at karbonfrie energikjelder i hovudsak skal kunne overta for fossile energikjelder innan 20-25 år.

Overgangen til karbonfri energi at nokre land er viljuge til å gå i spissen, og satsa tungt på fornybar energi. Noreg har eit spesielt ansvar for å bli eit av desse landa, gjennom oljefondet har me også muligheten. Ved å omdefinera forvaltningsmandatet for det norske oljefondet, kan oljefondet gå frå å vera eit defensivt investeringsfond i vestleg økonomi, til å bli eit offensivt, globalt investeringsfond i fornybar energi.

Det eventyrlege kapittelet i norsk historie som heiter «Den norske oljealderen» fyller snart førti år. Kor lenge skal me venta før den norske offentligheten og norske politikarar innser at det einaste ansvarlege er å innsjå at denne epoken går mot slutten?

(Innlegget vart trykt i Nordlys 29.mars 2007)
(trykt i Bergens Tidende 15.april 2007)

11 kommentarer:

Øystein sa...

I miljøspørsmål er eg samd med deg, Askild. Eg skulle ynskja eg hadde ditt pågangsmot. Når eg høyrer at verdas miljøkjendis numero uno flyg i sitt private jetfly til miljøkonferansane han deltek på, skjønar eg at dobbeltmoralen også har gode levevilkår på den sida av gjerdet. Når det ein sjeldan gong dukkar opp nokon som lever slik han lærer, finst det nesten ikkje grenser for kva som kan skje.

Askild sa...

Takk for det, Øystein!

Dobbeltmoralen har nok spesielt gode kår her i landet, trøysta får vera at det er betre enn ingen moral. Uansett er det viktig å skilja mellom den personlege og den statlege dobbeltmoralen. Som enkeltpersonar er me alle dobbeltmoralistiske i ein eller annan grad, den jetflygande Al Gore er ikkje noko meir enn ein ekstrem versjon av oss andre.

Statleg dobbeltmoral er langt meir problematisk. Politikarar som i fullt alvor påstår at dei tar klimautfordringa på alvor, samtidig som dei støttar den ekspansive norske petroleumspolitikken, undergrev sjansen vår til å løysa klimautfordringa.

Me får tru at også media oppdagar dette paradokset i framtida. Sjølv me som flyt rundt på eit feitt oljefat, må ein gong vakna til realitetane i klimapolitikken.

Bjørn Sandvik sa...

Takkar for eit bra innlegg i klimadebatten!

Eg trur me kjem til å sjå tilbake på 2. februar 2007 som eit vendepunkt i klimahistoria. Med lanseringa av den siste hovedrapporten frå FNs klimapanel var dei såkalla klimaskeptikarane plassert godt ute på sidelinja.

Neste stridsspørsmål er om det i det heile tatt er riktig å tømma Noregs olje- og gassressurar på ein generasjon eller to. Karbon av god gammal årgang omgjort til dollar og klimagassar i eit rasande tempo. No er ikkje ein gong dette eit spørsmål, debatten strekk seg ikkje lengre enn korleis ein går fram i sårbare område.

Eg er ikkje i tvil om korleis framtidige generasjonar vil sjå tilbake på våre dumme og kortsiktige valg anno 2007. Året då me tross alt var klar over konsekvensane av våre handlingar.

Målmannen sa...

Fornyande energi hev eg lite tru på. Å nytta endå meir pengar på vindmylnebyggjing langs kysten og andre ineffektive tiltak hev lite fyre seg. CO2-reinsing av gasskraft er helder ikkje vegen å gå, skal me yverlata andsvaret for enorme reservoar med CO2 til framtidige generasjonar, som fyrr eller seinare kjem til å koma ut att i atmosfæren? Det er helder ikkje energieffektivt, meir enn 20% av energien me vinn må nyttast til å føra CO2-gassen ned att i reservoari.

Det bør nok helder byggjast fleire kjernekraftverk. Her er det faktisk likt til at opinionen er åt å snu. Sjå på Sverike og Finland, det er dei landi der ålmennkunnskapen um kjernekraft er høgast. Der er det stødt fleire som er positive til vidare satsing på kjernekraft. Avfallsproblemi for radioaktivt avfall er åt å verta løyste, det meste av dagsens avfall kann brennast upp i næste generasjons reaktorar, slik at langtidslagringstidi for det avfallet som vert att kann avgrensast til nokre hundrad år. Problemet med å halda "reinsa" CO2 trygt under jordi vil me derimot aldri verta kvitt.

Bjørn Sandvik sa...

Er einig i at kjernekraft kan vera ei løysing på kort sikt. Det er ein kjend teknologi som rett nok har mange ulemper, men det vil gje oss meir tid til å finna meir varige energikjelder.

Av to onder er radioaktivt avfall betre enn klimaendringar ute av kontroll.

Askild sa...

Eg håpar du har rett i at 2007 vert eit vendpunkt, Bjørn. Førebels er eg likevel litt tvilande, enn så lenge er det mange tomme ord og få konkrete løysingsforslag til korleis me skal gjennomføra utsleppsreduksjonane som FN-rapporten tek til orde for. Uansett får me tru du har rett!

Det er trist å lesa at maalmannen avfeier heile debatten om fornybar energi nesten utan argumentasjon. Tyder dette at du/dåke er prinsipielle motstandarar av alle former for fornybar energi?

Førebels er avfallsproblematikken for kjernekraft uløyst. Kjernekraft kan vera ein del av løysinga, men på lengre sikt er lagringa av det radioaktive avfallet ein stor trussel mot miljøet.

Bjørn Sandvik sa...

Sjå artikkelen Gaiateorien på vei inn i varmen.

Målmannen sa...

Eg er ikkje prinsipielt mot nokor form for energi, eg berre steller spursmålet um fornyande energi er det me bør prioritera. Er det i det heile mogleg å tenkja seg at energiproblemi i verdi i dag skal verta løyste med fornyande energi?

Sjå til USA til dømes, der byggjer dei heilt nye, ureinande kolkraftvertk som skal stå for 10% av energiforbruket i landet. Den mest primitive og miljøfiendslege teknologien vert vald fordi han er den billegaste. Når ikkje ein gong eit høgteknologisk, vestleg land som USA vel å prioritera onnorleides, korleis kann ein venta seg at utviklingsland som er på veg upp skal gjera det same? Skal til dømes Kina få dekt energiforbruket sitt i framtidi med dyr, fornyande energi, når det pr i dag finst nok kol til å halda det gåande med billeg, ureinande kolkraft i hundradtals år?

Me er faktisk i steinalderen når det gjeld energi pr i dag. Den energien som vert frigjord i kjemiske reaksjonar ligg på elektronvolt-nivå. Den energien som vert frigjord i kjernereaksjonar ligg på megaelektronvolt-nivå. Det er med kjernekraft ein kann frigjera dei verkeleg store energiane som kann gjeva oss ei fundamental løysing på energiproblemet, er kjernekraft vegen å gå. Det er klårt at Noreg med sine oljemilliardar og rikesleg tilgang på olje og gass kann velja å plassera seg sjølve på sidelina i dette spursmålet, men verdssamfundet hev ikkje råd til å lata vera å fylgja dette faret vidare. Noreg må gjerne nytta milliardar på å forska på vindkraft, bylgjekraft og "ureiningsfrie gasskraftverk", men dette er ikkje nokon teknologi som umverdi kjem til å kjøpa frå oss.

Problemet med lagring av atomavfall er ikkje so stort som mange vil ha det til, sjå til dømes http://web.ift.uib.no/fsem/files/Atomkraft_Jon_Samseth.pdf. Avfallsproblemet frå kjernekraftverk let seg handtera, CO2-avfallet frå gasskraftverk og kolkraftverk let seg ikkje handtera i det heile, framtidige generasjonar vil verta sitjande med ovstore reservoar med CO2 som me aldri vert kvitt.

Askild sa...

Du har nok rett i at fornybar energi har sine begrensingar. Den svært energikrevjande, motoriserte vestlege leveformen kan knappast nok overleva på fornybare energikjelder. Som George Monbiot viser i boka "Heat", er det til dømes vanskeleg å sjå for seg flyreiser på fornybar energi i overskueleg framtid.

Når dette er sagt, deler eg ikkje din store optimisme for atomkrafta. Avfallsproblemet er framleis alvorleg for atomindustrien, forsvarleg lagring for atomavfall i tusenvis av år er umogeleg. Biologen James Lovelock (som Bjørn viser til), som kanskje er den mest omtalte forsvaren av atomkraft idag, har heller ikkje funnet eit godt svar på avfallsproblemet.

Eg skal likevel ikkje motsei at atomkraft er ein viktig del av løysinga på klimautfordringa. Som Bjørn nevner, er avfallsproblemet trass alt langt mindre enn klimaendringar ute av kontroll. Det er uansett ikkje tvil om at ein stor del energiframtida vår ligg i fornybar energi.

Askild sa...

No har eg fått opna linken din til Jon Samseth sitt innlegg (Rett adresse: http://web.ift.uib.no/fsem/files/Atomkraft_Jon_Samseth.pdf ).

Noko av poenget hans er at me om 15-20 år vil ha utvikla det han kallar "4.generasjons atomkraftverk". Ifølge Samseth vil nedbrytingstida på avfallet frå desse kraftverka vera radikalt kortare enn i dag, kanskje heilt nede i 200 år. Dersom Samseth har rett, er det ingen tvil om at mykje av framtida sin energibruk vil vera bygd på kjernekraft.

Uansett etterlet Samseth meg med fleire spørsmål om avfallsbehandlinga av dagens atomkraftverk-teknologi. Eg skulle ynskja han hadde problematisert denne meir i innleget sitt.

Askild sa...

Det vart ein feil på min link til Jon Samseth óg. HER kjem omsider rett link.