onsdag, november 07, 2007

Ein jaga hunds bekjennelsar


Det har lenge vore alt for stilt på denne bloggen. Årsaka er enkel, eg har i knappe to månader vore utplassert som lærarstudent i den norske skulen. Om noko kan drepa ein bloggar, må det vera lærarpraksis. I desse vekene har eg berre skumlese avisene mine, eg har lese ei bok (på TO månader), og eg har knapt høyrt radio eller sett kino.

Dagane mine har vore fyllt til randa. Her har vore forarbeid og etterarbeid til undervisning, her har vore møte om viktige og mindre viktige saker som opptek den jamne lærar. Gløym no heller ikkje den daglege evalueringa av såvel meg sjølv som av elevane, som vordande lærar skal ein øva seg i både dømmekraft og sjølvkritikk. I korttekst har eg fått erfara korleis det er leva midt i tidsklemma, eg har faktisk holdt på frå tidleg om morgonen til seint om kvelden mange dagar, det har ofte ikkje blitt tid til anna enn praksis og universitetsstudiar.

Samtidig er det nærliggjande å snu denne klagesongen min på hovudet. Dei siste vekene har eg nemleg for fyrste gong fått bruka mine talent som synsar til noko meir konstruktivt enn å skriva utopiske lesarinnlegg, eller til å driva ørkeslaust organisasjonsarbeid. Her har samfunnet måtte betala for at ein dørgande lat bondeson skal få studera og bu i kollektiv til han er langt over tredve, utan at han nokonsinne har bidratt til fellesskapet med noko meir enn nokre skarve tusenlappar i året i skatt. Og slikt skal ein gong i framtida sitja på pensjonistræva si og nyta godt av dine skattepengar! Nordisk velferdsstat, my ass!

Kanskje har eg i motsetnad til dette, bidratt aldri så lite til noko samfunnsnyttig desse vekene i lærarpraksis? På skulen har eg nemleg vore så priviligert at eg har fått lov til å undervisa i nokre av dei spørsmåla som opptek mange av oss som regnar oss som samfunnsengasjerte. Nokre spørsmål me har putla med i desse vekene har vore: «Korleis kan me løysa klimautfordringa?», «Korleis kunne eit demokratisk land velga Hitler som sin leiar?» og «Er det nokon samanheng mellom måten me såg på jødar i Noreg i mellomkrigstida, og måten me ser på innvandrarar i dag?».

Sjølvsagt er det avgrensa kor djupt ein kan gå i slike spørsmål i ungdomsskulen. Som oftast sit ein att med eit riss av eit svar, som maksimalt halvparten av elevane har fått med seg. Eg nærer heller ingen stordomstankar om mi eiga undervisning, den ber nok sterkare preg av det uforløyste enn eg likar å gjera meg kjent av. Uansett kjennest det bra å ha deltatt i denne vesle, kvardagslege samtalen om dei store samfunnsspørsmåla. Kanskje er det ein og annan elev som har fått med seg at han eller ho kan melda seg inn i Natur og Ungdom om dei vil engasjera seg politisk i klimaspørsmålet? Og kanskje oppfattar nokre elevar ein viss dissonans, neste gong dei høyrer FrP argumentera som om det var mogeleg å stoppa innvandringa?

Slik kan ein tenkja no som praksis er over. Om eg skal summera opp, har desse praksisvekene fyrst og fremst vore prega av såpass intense dagar, at eg har blitt ein kulturlaus og apolitisk student. Mange kveldar har eg arbeidd med skulearbeid og universitetsoppgåver til langt over midnatt, og kvar einaste morgon har eg tvinga meg på fote i sekstida.

Det eg ser mest fram til no, er å venda attende til mine gamle, stillfarne dagar på universitetet. Allereie på måndag satsar eg på å finna att min gamle arbeidsplass på universitetetsbiblioteket. Der skal eg bli sitjande til lang på kveld i mange veker framover. No skal det nok bli tid til både politikk, kultur og blogging.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei.

Stress å være lærer ja. Du må komme deg oppover i systemet :)

En liten korrigering: Hitler ble aldri valgt, men utpekt - og det etter at nazipartiet for første gang hadde gått tilbake i oppslutning, og venstresida sterkt fram...

http://omicron.leftist.net/?q=node/262

Så det så: Lær elevene dine om hvordan borgerskapert slipper til fascistene når makta deres er trua ;)

Målmannen sa...

«Er det nokon samanheng mellom måten me såg på jødar i Noreg i mellomkrigstida, og måten me ser på innvandrarar i dag?»

Ikkje for å vera frekk, men dette synest eg var ei veldig politisk korrekt tilnærming, dette kunde ein kven som helst slags SV-lærar ha sagt. Kva med å helder spurt noko slikt som:

«Er det nokon samanheng mellom måten me såg på jødar i Noreg i mellomkrigstida, og måten muslimske fundamentalistar ser på jødar i dag?»

Saki er den at me i Vesten hev teke ei uppgjerd med den ideologien og dei haldningane som førde til Holocaust, medan muslimar i Midtausten fører vidare ein tradisjon med systematisk undertrykkjing og diskriminering av minoritetar. Og som Sigurd Skirbekk hev ettervist, her i Vesten vert dårlegt samvit yver Holocaust nytta til å legitimera ein naiv innvandrings- og integreringspolitikk der slike vanskelege problem ikkje vert tekne tak i.

Askild sa...

Ronny: Sant nok, eg hugsar faktisk ditt innlegg om dette. Eg skal vera meir presis neste gong!

Målmannen: Eg har ikkje noko imot å vera ein kva som helst SV-lærar, sidan eg både er partimedlem og lærar.

All refleksjon må byggja på kunnskap. I den timen eg her snakkar om, hadde me arbeidd ei tid med mellomkrigstida, og me hadde dessutan akkurat sett filmen ”Mannen som elsket Haugesund” (om ein jødisk handelsmann som budde i Haugesund i mellomkrigstida). Ein kunne slik sett venta at elevane hadde ein viss kunnskap om jødehatet i mellomkrigstida.

Koblinga til våre haldningar til innvandrarar er nærliggjande, fordi dette er noko elevane har eit forhold til.

Dersom elevane hadde (nok) kunnskap om Islam, kunne me sjølvsagt ha brukt ditt spørsmål. I så fall ville eg ha omformulert det.

Målmannen sa...

Ok, so lat oss ta utgangspunkt i Rabinowitz då. Han var faktisk ein av dei fåe som aktivt engasjerte seg mot nazismen i millomkrigstidi, millom anna skreiv han lesarbrev lenge fyre Tyskland invaderte Noreg og åtvara mot Hitler-regimet. Dette var i ei tid då mange store mainstream-avisor, som Aftenposten, hadde ei sers naiv haldning til Nazi-Tyskland. Medan ei avis som Dagen alt den gongen var jødevenleg og antinazistisk. Og kva er stoda i dag? Jau, alle dei politisk korrekte avisone leflar med Hamas og Hizbollah, frå Klassekampen til Aftenposten. Medan nokre fåe personar og kristne avisor styd jødane og Israel. Under andre heimskrigen hadde me organisert boikott av "jødeforretningar", i våre dagar er det boikott av israelske varor som gjeld. So ja, når det ser kven som stod på kvar si sida den gongen og no er det framleis mogleg å draga sume slutningar. Men prøv å presenter dette perspektivet for Kristin Halvorsen eller ein annan leidande SV'ar, og alle anstendige SV'arar vil ha seg fråbedne slik "brunskvetting". Underleg nok meiner dei same personane at andre verdskrigen og jødeforfylgjingane er ein heilt relevant mælestav å nytta på spursmål som gjeld muslimar. Kvifor er det slik?