søndag, mars 09, 2008

Kvinnedag som trengs


I går feira me som alltid den internasjonale kvinnedagen i Tromsø med kvinnemesse i Domkyrkja og tog gjennom Storgata. Sidan dagen i år fall på ein laurdag, og sola glimta til og skein frå skyfri himmel, var me litt færre i kyrkja og i toget enn me pleier.

Like sikkert som at det er kvinnedag, like sikkert er det at eg får spørsmål frå ein eller annan fjern eller nær kjenning om kva som er vitsen med denne markeringa: Kva skal me med kvinnedag i eit land som er likestilt i alle spørsmål knytt til kjønn?

Det sluttar aldri å undra meg at så mange kan tru på ei slik framstilling som er så innlysande feil. Eg skal i denne omgang la eit av dei aller viktigaste perspektiva knytt til kjønnsspørsmål liggja, det er menn sin valdsbruk mot kvinner. Det manglar nemleg ikkje på andre område i det norske samfunnet kor kjønn er ein viktigare variabel enn den burde vera. Ein rask kikk på Statistisk sentralbyrå sine heimesider viser oss desse tala:

- Nesten 80% av dei undersysselsatte (deltidarbeidande som ynskjer meir arbeid) er kvinner.
- Kvinner tener 84,7% av menn/månad gjennom løna arbeid.
- 19% av toppleiarane i det offentlege og næringslivet er kvinner.

Av dei ulikskapane som ikkje er målbare, har eg spesielt i to offentlege saker merka meg kjønnsperspektivet det siste dryge året: Ville Gerd Liv Valla ha blitt mobba av heile offentligheten på den unisone måten ho vart, dersom me til dømes tenkjer oss at Lars Sponheim eller Bjarne Håkon Hanssen satt i hennar posisjon? Ville Manuela Ramin Osmundsen ha blitt avsatt som statsråd dersom ho var mann? Etter mitt syn er det mest sannsynlege svaret på desse spørsmåla nei, det er ulike reglar som gjeld for kvinner og menn i toppstillingar.

I lys av dette, kan vel ingen tvila på at kvinnedagen trengs, såvel i eit internasjonalt som i eit nasjonalt perspektiv.

2 kommentarer:

Sæbjørn Singelstad sa...

Tvilar på at det hadde vorte eit anna utfall i dei to sakene du nemner, om det hadde vore ein mann i stillingane. Kjønnet hadde nok ingenting å sei her, det har også fleire hevda.

Askild sa...

Vel, det får me vel aldri vita. Uansett vil sjølvsagt mange hevda at det ikkje hadde noko å sei, det finnes nok av mannfolk av begge kjønn der ute som meiner at kjønn er ein irrelevant variabel.

Eg er ikkje ein av dei, og det trur eg ikkje du er heller!