lørdag, september 17, 2011

Ein sundag i Berlin


Dei siste åra har eg frå tid til annan budd i kortare periodar i Berlin. I april leigde eg meg ein leilighet i ti dagar i byen, det kosta meg ikkje ein gong ein tusenlapp. For meg som elles i året bur nordanfor polarsirkelen var det dessutan ein sjeldan sjanse å få nokre dagar med vår, i ei årstid som er prega av snø og seinvinter på mine kantar.

Ein sundag traska eg barfot rundt i den gamle austtyske bydelen Friedrichshain og såg etter LP-plater og bøker på eit av dei store marknadane som er i Berlin kvar helg. Etter ei stund fann eg ut at eg skulle kjøpa meg ei flaske Paulaner og nyta den på ein benk i den vakre vårsola. Etter to minutt på benken stoppa ein skjeggete kar og spurte om korleis i allverda eg greidde å gå barfot i Berlin?

Dette nyfikne spørsmålet leidde oss inn på ein lengre prat om kunstnarliv, levevis og arbeidsløyse. Det viste seg nemleg at denne karen var ein arbeidsledig amerikanar som hadde budd i Berlin i tjue år, og han hevda at Berlin var den beste byen å bu i for alle arbeidslause som ynskte å leva som kunstnarar.

Etterkvart stoppa mange andre kjenningar av min nye kunstnarven ved benken der eg sat og drakk øl. Etter ti minutt var me rundt åtte-ti personar som stod der og snakka om korleis det er å vera arbeidsledig i Berlin, og om kva som er det gode liv for ein kunstnar. Meg kalla dei berre for «Der Schriftsteller» (forfattaren), sidan eg under press innrømte at det næraste eg kom utøvande kunst, var å skriva nokre ord på PC´en innimellom.

Dette kvardagslege møtet med åtte-ni kunstnarar i Berlin varte vel ein liten halvtime, og eg rakk både å bli invitert på pub med ein av dei og på konsert med ein av dei andre. Det som likevel gjorde sterkast inntrykk, var at ein på ein vanleg sundag i Berlin kunne møta så mange folk som hadde tid til ein halvtimes prat med ein barfot utlending i vårsola.

Kor mange ville ha stoppa i Bergen eller Tromsø om eg sat meg barfot på ein benk ein solrik sundag? Ikkje ei levande sjel, her på berget har me ikkje tid til denslags tidstjuveri.

3 kommentarer:

Askild sa...

Tida for å kommentera bloggar ser ut til å vera forbi. No til dags får ein i staden kommentarar på facebook når ein legg ut blogginnlegg. Det er synd, så eg håpar fleire kan kommentera direkte her!

Askild sa...

Samtidig er det verdt å merka seg at det norske samfunnet har høgare tillit og fleire nære relasjonar enn noko anna europeisk land. I ei meget lesverdig bok som kom ut sist veke, "Sosial Kapital i Norge", kjem det fram at ein nordmann har rundt 17 nære venner i gjennomsnitt, berre slovenarar har fleire. 74% av oss meiner at folk flest er til å stola på, det er meir enn dobbelt så mykje som gjennomsnittet i Europa.

Sjølv om me manglar tid, er det likvel mykje som tyder på at vårt sosiale liv er rikare og mindre fryktbasert enn i dei fleste andre land.

Ronny K sa...

Jeg er enig i at det er synd dersom folk slutter å kommentere på blogger. Synes det var interessante observasjoner du kommer med. Nordmenn er jo litt beryktede for å være reserverte. Jeg erusikker på årsaken.