Stortingsrepresentanten Bendiks H. Arnesen frå Arbeidarpartiet hevdar i
Troms Folkeblad 31.august at Miljøpartiet Dei Grønne (MDG) sin politikk vil
føre til at det siste lys i Nord-Noreg vil bli slukka. Ifølge Arnesen ynskjer MDG at me skal leva av
cannabis-sal og havvind i åra framover.
Det er rett at MDG ynskjer
ei omstilling av samfunnet i retning av eit samfunn kor me lever langt meir
berekraftig. Ein viktig del av denne strategien er å leggja til rette for
havvind-utbygging som kan erstatta petroleumsaktiviteten på norsk sokkel. Me
ynskjer å fasa ut olje- og gassaktiviteten i løpet av 20 år, fordi denne
aktiviteten er økologisk og økonomisk uansvarleg. Den er økologisk uansvarleg
fordi heile 2/3 av dei kjente førekomstane av olje, gass og kol må bli
liggjande under jorda ifølge FN sitt klimapanel. Viss ikkje Noreg, som er eitt
av dei mest velståande landa i verda, greier å trappa ned olje- og
gassverksemda, kven er det då Arnesen meiner at skal gjera det?
Olje- og gassaktiviteten på
norsk sokkel er økonomisk uansvarleg fordi me med dagens utvinningstempo styrer
mot ei krise i norsk økonomi om 10-20 år. Det er ingen tvil om at mykje av dei
ressursane som er att på norsk sokkel er ressurskrevjande og dyre å vinna ut.
Det velrenommerte finanstidskriftet “The Economist” hadde for tre veker sidan
bilete av ein dinosaur som drakk olje på framsida. Overskrifta var “Why demand
for oil will fall”. Arbeiderpartiet, Høgre og Framstegspartiet nektar dessverre
å ta innover seg at oljealderen sine glansår er forbi. Deira planlagte høge
utvinningstempo på norsk sokkel er ein sikker kurs mot ei økonomisk
omstillingskrise her til lands.
MDG ynskjer å leggja til
rette for næringsutvikling i andre næringar enn oljeindustrien dei neste åra.
Ved å fasa ut oljeaktiviteten, vil lønns- og kostnadsnivået gå ned, og andre
næringar vil bli langt meir konkurransedyktige enn dei er i dag. Dei Grøne vil
dessutan fjerne arbeidsgjevaravgifta for alle bedrifter i oppstartfasen, og
alle bedrifter med få tilsette. Me vil også bruka ein del av oljefondet til å omstilla til ei grøn næringsutvikling i Nord-Noreg og
resten av landet.
Korleis har
Arbeidarpartiet sin politikk for næringsutvikling i Nord-Noreg vore dei siste
åra. La oss til dømes sjå på utviklinga i fiskeria, som har vore ryggraden i
landsdelen vår dei siste hundreåra. Fiskeripolitikken, som Arbeidarpartiet er
hovudarkitekt for dei siste åra, har ført til ei rasering av
fiskeforedlingsindustrien frå Lofoten til Austfinnmark. Det som skulle vera
ryggraden i fiskeria, kystfiskeflåten, er blitt og blir rasert gjennom
samanslåing av kvotar eller den såkalla strukturrasjonaliseringspolitikken.
Denne politikken kjem fyrst og fremst trålareigarar på Sunnmøre og i Austevoll
til gode, i tillegg til styrtrike investorar i sør som Røkke. Arbeidarpartiet
sitt alternativ til å satsa på fornybare ressursar som fisk og fornybar energi
som havvind, havvarme og tidevasstraum, er å gå mot folkefleirtalet i
landsdelen og selja våre mest sårbare område til oljeindustrien. Olje- og energidepartementet
seier at Nord-Noreg skal få maksimalt 5% av arbeidsplassane frå ei utbygging av
oljeverksemd i LoVeSe. Er det denne nordnorske næringsutviklinga Arnesen er så
stolt av?
Arnesen sitt billege poeng
om at Dei Grøne ynskjer at me skal leva av havvind og cannabis i åra framover,
illustrerer kor lite oppdatert han er på anna politikk enn den han sjølv
forkynner. MDG ser i likskap med det Arbeidarparti-utnemnte Stoltenberg-utvalet
på norsk narkotikapolitikk som fullstendig mislukka. Derfor vil me
avkriminalisera bruk av cannabis, og me vil utreda om omsetnaden av cannabis
bør vera statleg og ikkje lagt i hendene på kriminelle.
Arbeiderpartiet sin
strategi med å tømma Nord-Noreg for ressursar på få år er både uansvarleg og
kortsiktig. MDG er det einaste partiet i norsk politikk som tek økologisk og
økonomisk ansvar for dei endringane klimakrisa vil føra til for verda og for
den norske økonomien i tiåra framover. Det må til for at det skal brenna lys i
nordnorske hus, også etter at konsekvensane av Arbeidarpartiet si ansvarsløyse
i klima- og næringspolitikken slår ut for fullt.
(Faksimile Troms Folkeblad 31.august)
(Faksimile Troms Folkeblad 31.august)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar