onsdag, april 29, 2009

Ei stemme fattigare


Steinar Lem er kanskje den offentlege personen som har betydd aller mest for meg. I dag kom den triste meldinga om at Lem er død.

Som 20-åring las eg i romjula 1995 ei bok som kom til å få avgjerande innverknad for korleis eg har tenkt i mitt vaksne liv. Boka heitte «Den tause krigen: mot de fattige og mot miljøet - og hva som må gjøres» og var skriven av Steinar Lem. Sjølv om eg i dag berre hugsar hovudtrekka av boka, gløymer eg aldri verknaden den hadde på meg. Fram til romjula i 1995 såg eg på verda som ei overflødig kulisse som ikkje vedgjekk det livet eg levde. Murens fall, global oppvarming, fattigdom, you name it, alt saman var ei suppe av nesten uvedkomande hendingar for min del.

Steinar Lem si bok var den fyrste som for meg snudde denne verdsoppfatninga på hovudet. Bodskapen hans var at den globale fattigdommen og klimaendringane var så langt frå ei kulisse som dei kunne vera, dei var i staden dei viktigaste moralske spørsmåla i vår tid. Sidan den gong har eg hatt ei heilt anna oppfatning av kva det vil seia å leva i eit samfunn, og eg likar vel også å tru at eg har prøvd å ta Lem sin bodskap på alvor.

Mykje har skjedd sidan 1995, og det er langtfrå alltid eg har vore like begeistra for Lem. For nokre år sidan melde eg meg til dømes ut av Fremtiden i Våre Hender for ein periode. Dette gjorde eg fordi Lem som organisasjonen sin talsmann uttalte i Dagsavisen at han tok fly til Bergen i staden for tog, grunna for mykje barneskrik på toget. Denne vendinga mot det dobbeltmoralske, kor Lem satte ein standard for seg sjølv og ein annan for alle andre, prega etter mitt syn for mange av Lem sine offentlege ytringar dei siste åra.

Uansett vert den norske ålmenta ei viktig stemme fattigare med Steinar Lem sin død. Han har hatt ei særskilt evne til å tenkja moralsk i tider kor det hedonistiske har prega oss.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg så Dagsavisen på mandag (det er mulig at det var en litt eldre utgave), og det var et lite sjokk. Steinar Lem fylte hele forsiden med et ansikt som nesten ikke var til å kjenne igjen.

Inni avisen var det et portrettintervju med ham, fra sykesengen hvor han lå for døden etter å ha fått kreft med spredning. Dette intervjuet er å anbefale for de som måtte ha interesse nok for Lem til å lese dette. Han fortalte åpenhjertig om seg selv: Hvordan han hadde funnet kjærligheten på sine eldre dager, hva som opptok han mest og hva han tenkte om død og liv.

Det var på nytt et lite sjokk å få vite her på denne bloggen om hans bortgang. Jeg håper hans møte med døden gikk fredelig for seg. Mine tanker går til hans kjæreste.

Jeg skal innrømme at jeg ikke hadde så mye sympati med Lems synspunkter og holdninger, men han hadde en personlighet som brente seg fast i bevisstheten min, selv om jeg bare kjente han fra et par nummer av Fremtiden i våre henders eget tidsskrift.

Jeg føler meg sikker på at Steinar Lem nå har det godt, og jeg håper at det blir gjort ære på hans minne. Han har sikkert gjort et inntrykk på mange andre utenom meg.

Askild sa...

Det overraskar meg nok litt at du "ikke hadde så mye sympati med Lems synspunkter og holdninger", Engel. Om me ser bort frå den siste Islam-debatten, har eg fått inntrykk av at du deler mange av synspunkta hans om global fattigdom og om klimautfordringa. Uansett var han ikkje alltid like flink til å formidla synspunkta sine, han framstod alt for ofte som ein ufjelg kar.

Intervjuet med Lem stod i Dagsavisen sist laurdag, det kan lesast her: http://www.dagsavisen.no/innenriks/article413111.ece