fredag, mai 01, 2009

Kunsten å demonstrera


Kva har ikkje storbyen Berlin å by ein landsens raddis? I dag har eg vore med på to demonstrasjonar, ein til støtte for dei såkalt «arbeidande fattige» og ein for sosial revolusjon. Medan fyrstnemnte var ei roleg og fargerik solidaritetsmarkering for den stadig aukande andelen arbeidande fattige i Europa, var den sistnemnte ein av dei mest frykta og omtalte demonstrasjonane her i byen på mange år.

Eg var lenge i tvil om eg skulle delta i kveldens store demonstrasjon. Dei siste dagane har det nemleg vore stor mediadekning på at såvel politi som ytterlegåande grupper har førebudd seg på dette slaget om Berlin. Under slike omstende er det nok viktigare enn nokon gong at me ikkje-valdelege deltek, til sist var det derfor ingen tvil om at eg skulle avgarde.

Kveldens demonstrasjon er utan samanlikning den største eg har vore med på. For meg som er van med demonstrasjonar i Tromsø og Oslo, seier vel ikkje dette allverda, men det må ha vore meir enn 10 000 i toget. Slagordet til denne demonstrasjonen var «Sosial revolusjon», og som arrangør stod både den tradisjonelle venstresida og ulike miljøorganisasjonar her i byen. Heime i Noreg synes «revolusjon» som eit kompromisslaust og nesten politisk farleg ord, her i Tyskland samla ei rekkje organisasjonar seg om dette slagordet. For eigen del er eg ikkje i tvil om at me treng svært store endringar av vår måte å organisera samfunnet på om me skal løysa klima- og fattigdomsutfordringa, eg er derfor ikkje framand for idéen om ein sosial revolusjon.

Tilsaman spaserte me kanskje 3-4 kilometer i toget. Lenge var det musikk, apellar og livleg gateliv i eit vårkledd Kreuzberg som prega 1.mai-toget vårt, men idyllen skulle ikkje vara. Dei siste tre-fire hundre metrane viste det seg nemleg til mange si overrasking at politiet ville ha eit ord med i laget, og dei braut derfor inn i toget ved hjelp av sine innøvde formasjonar. Sidan eit såpass mykje omtalt demonstrasjonstog naturleg dreg til seg ei rekkje «autonome», som anten er perifert interessert i politikk eller berre tullingar, førte dette umiddelbart til stein- og flaskekasting mot politiet. Då me kom fram til Kottbusser Tor, som var demonstrasjonstoget sitt endepunkt, braut det ut full krig mellom politiet og ei stor gruppe svartkledde karar i hettegenserar.

Dette gateslaget kjem heilt sikkert til å fortsetja langt inn i mainatta, og bli blodig for både politi og punk. Det er ingen tvil om at bodskapen om at det kapitalistiske Europa treng ein sosial og økologisk revolusjon, fullstendig vil drukna i store avisoppslag om desse gateslaga. Eg kan ikkje fri meg frå å tenkja at det verste kunne ha vore unngått. Dersom politiet ikkje hadde bygt opp om dette gateslaget i det vide og det breie i pressa på førehand, og dersom dei i tillegg hadde vore meir defensive og ikkje provosert unødig i sjølve toget, så hadde det kanskje vore eit håp for at bodskapen vår om eit meir solidarisk Europa ville nådd fram?

Samtidig er det nok for mykje å håpa på. Den lange tradisjonen for valdelege opptøyar i 1.mai-toget i Kreuzberg viser vel at dette arrangementet ikkje kjem til å få avisoppslag for den politiske bodskapen på ei stund. Slik sett er det nok like greit å venda tilbake til den meir fredelege 1.mai-feiringa i Tromsø til neste år.

(Bilete: www.tagezeitung.de)

4 kommentarer:

Ronny K sa...

Det er helt utrolig at politiet klarer å opptre så utrolig lite taktiske. Hvis ikke de ville ha bråk da - det kan jo også hende.

LOLA sa...

Helt utrolig. Og det samme gjentar seg år etter år. Jeg skulle gjerne vært der! Jo flere "normale" folk med fredlige hensikter og sterke meninger, jo bedre, tenker nå jeg!

Askild sa...

Det er sant, Lola! Samtidig blir ein jo veldig frustrert av alle desse som berre vil ha bråk. Du får ta turen til neste år, Berlin er absolutt verdt eit besøk om våren!

Målmannen sa...

Etter å ha observert desse autonome bråkmakarane på nært hald både i Køln og Strasbourg, so trur eg diverre ikkje at det er so mykje politiet kunde ha gjort onnorleides. Desse personane ynskjer slagsmål og bråk, det er det dei er der for, same kva dei hine 90 prosentane av fredelege demonstrantar skulde meina um det. So frå Politiet si sida kunde det vel ikkje vera noko spursmål _um_ det kom til bråk, snarare eit spursmål um korleis ein best moglegt kann ha ein viss kontroll yver situasjonen. Trist, men sant.