onsdag, mai 13, 2009

Deltakar eller tilskodar?


Storbylivet har nokre tiltalande sider som korkje småbyen eller bygda kan freista med. I går var eg på ein ørliten kino og såg den mykje omtalte filmen «Milk». Kinoen hadde berre 25 seter, og var ein del av ein pub, og bartenderen måtte derfor både visa film og selga øl. Kulturtilbodet i Berlin generelt er prega av at det er mangfaldig og billig på same tid, slik sett skil Berlin seg frå andre storbyar som alltid er dyrare og ofte er elitistiske når det kjem til kultur.

Eg er likevel ikkje i tvil om at eg i Tromsø har funnet ein by som er langt meir i mi gate enn det Berlin nokon gong vil bli. Det er mange årsaker til dette, men viktigast er det kanskje at ein for ofte ferdast som forbrukar og tilskodar i Berlin sine gater. Medan ein i Tromsø ikkje kan koma utanom å vera med på å arrangera ulike politiske og andre arrangement som vender seg til det ålmenne publikum, er ein i Berlin fyrst og fremst tilskodar mellom tusenvis av andre. Sjølvsagt er ein også tilskodar i Tromsø, men der har ein nødvendigvis ein langt større grad av aktiv deltaking i sitt engasjement.

For mange er det kanskje ikkje innlysande at det å vera aktiv deltakar er å foretrekka framfor det å vera tilskodar. I desse dagar, synes det jo snarare som om det er som publikum og som forbrukarar at me blir dei me ynskjer å vera. Det kan likevel ikkje vera tvil om at rolla som tilskodar er meir overfladisk og mindre utfordrande enn den aktive deltakinga i det lange løp. Er det ikkje som politisk og kulturelt aktive deltakarar at me verkeleg kan utfordra oss sjølv?

Det er også mykje anna storbyen ikkje kan by på, til dømes saknar eg den den stillfarne kvardagen her. Eg finn aldri den roen som eg gjer på Tysnes eller i Tromsø. Her er for mykje trafikk, for stort kjøpepress og for mange freistande ølkneiper. Det gjev ingen kvile for ein landsens gut!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Har du lest "deltagerne" av Audun Lysbakken, eller?

Askild sa...

Nei, eg har ikkje lese den endå. Men den er bestilt frå Haugen BOK, så snart har eg den i handa. Meinar han noko av det same?

Anonym sa...

Temaet du tar opp nå er jo interessant i lys av at du også diskuterer lokalmedia som e problematikk i Tromsø. Jeg tror utfordringene knyttet til å leve på et lite sted, ofte er mer inngripende i deg som person, enn det å leve i storbyen, hvor du i større grad er en del av et system som yter noe bestemt. I det lille tette samfunnet, så blir du på mange måter selvbevisst, du ser dine egne begrensninger og er på mange måter nødt til å nøye deg med det. I et slikt perspektiv er det ekstra interessant at mediehverdagen i Tromsø er så til de grader bedervet, spesielt i forhold til å gi perspektiv til andre samfunn, f.eks. storbyen. Jeg tror aviser i Tromsø som evnet å sette byen i perspektiv til nasjonale og internasjonale byer ville hatt noe for seg. Kanskje en økt ro og glede over å ikke bry seg så mye om egne begrensninger ?

Askild sa...

Det er eit godt poeng, anonym. Det er veldig trist for oss i Tromsø at me ikkje har ei regionavis som i så liten grad set regionen vår og byen vår inn i ein større samanheng. Om Tromsø hadde hatt ei avis av Bergens Tidende sitt kaliber, hadde det nok vore min draumeby!