lørdag, mai 09, 2009

Den fornedra nordlendingen



Oppfatninga av at det skjer ei politisk nedprioritering av Nord-Noreg, er både feilaktig og øydeleggjande.

Då Tromsø sin OL-søknad vart avslått i haust, vart det snakka høglydt om nord-sør-konflikt og trakassering av Nord-Noreg. Den mest innbitte OL-tilhengjaren av alle, Nordlys-redaktør Hans Kristian Amundsen, skreiv mellom anna dette om OL-nederlaget i avisa etter par dagar etter at avgjerdsla var tatt:

Dessverre kom vi aldri så langt [som til å søke OL], og én årsak er en nord-sør-konflikt. Å nekte for det er naivt. (…) Legg merke til at frykten målbæres av dem som bærer med seg 1950- og 60-tallets fornedrelse. Jeg har stor respekt for at de ikke liker at gamle sår åpnes. Deres erfaringer har preget mye av debatten opp til vår tid.

Kva for historiske tilhøve er det som får Amundsen til å trekka fram -50 og -60-talet som ein periode kor folk i Nord-Noreg opplevde nord-sør-konflikten spesielt, og nedprioritering og fornedring som resultat av dette?

Desse tiåra er i nordnorsk samanheng prega av den distriktspolitiske politikken som ofte blir omtalt som ”Nord-Norge-planen”. Nord-Noreg-planen var ein den fyrste norske distriktspolitiske planen, som skulle sikra arbeidsplassar og busetjing i Nord-Noreg etter attreisingstida mellom 1945 og 1952. 1950- og -60-talet var derfor ei tid som var prega av statleg styrt industrireising, institusjonsbygging og store økonomiske overføringar til Nord-Noreg. Frå dette perspektivet kan det synast underleg at redaktøren i Nordlys framstiller -50- og -60-talet som ei fornedrande tid.

Til Amundsen sitt forsvar, er det for enkelt å framstilla -50- og -60-talet som ei tid som berre var prega av dei positive verknadane av Nord-Noreg-planen. For det fyrste er det nokre få som hevdar at industrireisinga og dei økonomiske overføringane eigentleg ikkje var i landsdelen si interesse. Ottar Brox påstår til dømes i boka Hva skjer i Nord-Norge at planen fungerte som ei fjernstyring av Nord-Noreg, fordi dei økonomiske overføringane førte til ei næringsmessig omstrukturering som folk ikkje ynskte. For det andre, var -50- og -60-talet også prega av nedlatande haldningar til det nordnorske, til dømes følte mange nord-norske utflyttarar følte seg marginaliserte og mobba når dei flytta sørover.

Det må likevel seiast at stereotypien om fornedringa på -50- og -60-talet, gjev eit svært skeivt bilete av utviklinga i landsdelen i denne perioden. Dei som held denne sterotypien i live, ignorerer dei historisk store økonomiske overføringane og alle arbeidsplassane som kom Nord-Noreg til gode i åra mellom 1952 og 1970.

Dette forhindrar ikkje at denne stereotypien er viktig i Nord-Noreg. Til dømes førte OL-striden til at meir enn 6000 personar i løpet av kort tid meldte seg inn i facebook-gruppa ”Republikken Hålogaland”, som tok til orde for at Hålogaland skulle lausriva seg frå Noreg og bli eigen republikk. Ordskiftet mellom medlemmene i denne gruppa viste at mange meinte alvor med at Hålogaland skulle bli eigen republikk.

Mange nordlendingar si oppfatning av Nord-Noreg som ein landsdel som er nedprioritert og fornedra, er noko av det mest uproduktive ein kan gje seg inn på. For det fyrste er den faktisk feil, såvel i eit historisk som i eit samtidig perspektiv. Nord-Noreg har dei siste tiåra hatt ei særskilt viktig strategisk og politisk stilling, og i dag nyt landsdelen godt av effektive distriktspolitiske tiltak som tiltakssonen, differensiert arbeidsgjevaravgift og uforholdsmessig mange stortingsrepresentantar i høve til folketalet. Kor mange regionar i Europa kan visa til ein like generøs distriktspolitikk som den Noreg gjennomfører i Nord-Noreg?

For det andre er oppfatninga av landsdelen som nedprioritert, den direkte årsaka til ei rekkje sjølvdestruktive politiske oppfatningar. Til dømes vert denne stereotypien nok ein gong iverksett i desse dagar, denne gongen for å forsvara utbygging av oljefelt i Lofoten og Vesterålen. I følge mange av dei som vil ha oljeutbygging, er den viktigaste årsaka til motstanden mot oljeutbygginga nemleg ikkje omsynet til miljøet eller fisket i nord, men snarare den politiske nedprioriteringa av landsdelen. Søringane unner rett og ikkje nordlendingane eit oljeeventyr! Nærare konspirasjonen kjem ein vel ikkje.

Hans Kristian Amundsen sin påstand om at ein Nord-Sør-konflikt var hovudårsaka til avslaget på OL-søknaden, iverksatte ei forteljing om Nord-Noreg som både er feilaktig og øydeleggjande for landsdelen. Skal me la denne forteljinga også prega ordskiftet om me vil ha oljeutbygging i Lofoten og Vesterålen? Eller finnes det ei anna og meir framtidsretta forteljing om Nord-Noreg?

4 kommentarer:

Unknown sa...

Bra Askild. Mer av disse!

Anonym sa...

Jeg tror ikke det er snakk om at Nordlendinger synes landsdelen er fattig og perifer sosialt, politisk og økonomisk. Det er mer snakk om diskrimineringen vi møter sørpå i form av negative stereotypier og manglende kunnskaper om Nord-Norge.
Og når det gjelder olje- og gassutvinning i Nord-Norge er jo det flertall blant befolkningen for dette. Og jeg mener det vil være til det beste for regionen at det etableres en bærekraftig industri i Nord-Norge. La ikke debatten bli polarisert; det er fullt mulig at olje- og gassindustrien kan eksistere samtidig som naturen skånes. Nord-Norge er ikke et naturreservat :)

ane elene sa...

Hei!

Så bra innlegg på bloggen din. Jeg er helt enig i hva du sier, og de som føler seg diskriminert på grunn av sin stedstilhørighet, må kanskje selv ha komplekser ved det? Jeg er i alle fall glad for at du tar tak i disse temaene, et ønske om å bli sett av flest mulig koste hva det koste vil, er for meg helt absurd.

Og angående utvikling i Nord-Norge, så tror jeg på ei økologisk utvikling, og ikke en som er styrt av anabole steroider.

-ane

Askild sa...

Daniel: Takk for det!

Anonym: Både Amundsen sin OL-analyse, facebook-gruppa "Republikken Hålogaland" og den utbredte forståinga av Lofoten/Vesterålen-utbygginga som eit nord/sør-spørsmål, viser at stereotypien om det nedprioriterte og fornedra Nord-Noreg er levande og spelar ei viktig rolle i landsdelen vår.

Ein skulle sjølvsagt ynskja at fleire tenkte som deg, og såg vekk frå nord-sør-konflikten i sin analyse av oljeutvinningsspørsmålet, men me må også innsjå at det ikkje er tilfellet.

Det er mange gode argument for og imot oljeutbygging. Sjølv er eg mot utbygginga fordi den i for liten grad vil skapa nordnorske arbeidsplassar, og fordi dette er store inngrep i eit av våre viktigaste matfat.

Kva du meiner med "bærekraftig industri" når du omtalar oljeindustrien, er elles ei gåte. Om me skal peika på ein industri i verda som ikkje er bærekraftig, må det vel bli oljeindustrien. Eller kva?