fredag, juli 07, 2006

På ferdaveg i Lofoten


I forrige veke var eg på ferie, då reiste eg frå herberge til herberge i Lofoten. Sidan eg no må regnast som ein Lofoten-kjennar, kjem det nokre reisetips til deg som skal reisa til øyriket i nord i framtida:

1. Reis med hurtigruta når du reiser til og frå Lofoten. Sjølv eg, som har sterke aversjonar mot sjøreiser, må innrømma at hurtigruta er noko heilt anna enn andre sjøreiser. Kor ser ein elles slikt lys, og på kva for andre reiser finn ein slikt rom for langsam ro?

2. Ingen som reiser til Lofoten, kan tillata seg å gå glipp av herberget i Stamsund. Ein fargerik fiskebrukeigar driv eit herberge som har 20-30 gjester frå heile verda. Etter å ha overnatta på nokre titals herberge i inn- og utland opp gjennom åra, har eg aldri opplevd ein slik gjestfridom og eit slikt miljø blant gjester og vertskap som i Stamsund.

3. Å reisa i Lofoten er ein form for språkreise. I løpet av mine tre fyrste dagar i Lofoten, snakka eg norsk eit par-tre gonger. Finnes det nokon annan stad her i kongeriket kor engelsk og tysk er fyrstespråka, og kor norsk er forvist til det tredje mest talte språket?

Etter denne erfaringa skal eg slutta å reisa til Berlin for å vedlikehalda tysken min. Frå no av reiser eg på herbergeferie i Lofoten.

4. Les novella "Vin i Kabelvåg" av Arild Nyquist før du reiser til Lofoten, det er ein sjeldan god humoristisk tekst av Lofoten-diktaren. Det er også ein av mine personlege favorittekstar i den norske bokheimem.

Eg leita etter indremisjonskaféen i novella då eg var i Kabelvåg, men fant ingenting. Det var nok best slik.

5. Dersom det ikkje er plass til deg i Herberget i Å, er det eit godt alternativ å overnatta på kyrkjegarden i Moskenes. Eg fann meg ein roleg plass under dei store granane i nordre enden av gravplassen, og har sjeldan sove så stille under open himmel. Pass likevel på å pakka inn eventuell medbrakt mat, eg fekk nemleg erfara at det kryr av sultne måsar i området.

6. Den forblåste øya Værøy ytst i Lofoten husar mange underlege og særeigne attraksjonar. Eg nevner nokre: Ein nedlagt flyplass kor landingstårnet er omgjort til vertshus, ein gravplass (sjå bilete) som ligg så nært havet at sjøsprøyten står inn over gravene i uvêr, ei fråflytta veglaus grend som i si tid livnærte seg på ørnefangst for hand og oppál av ein hunderase som var spesialisert på å fanga sjøfugl til matbruk.

Er du like heldig som meg, kjem du dessutan i prat med den ferierande sosialmedisinaren Per Fugelli på di ferd over Værøy. Det kan bli ditt livs sjanse til å sjå Per Fugelli utan tversoversløyfe.

tirsdag, juni 20, 2006

Farvel til ein by


Den siste kvelden er komen. Bøkene er pakka ned, rommet er nyvaska og kofferten står klar i gangen for avreise. I kveld merkar sjølv kattane at det er noko i gjære her på tunet. Mitt landlege eksil er forbi, snart skal det berre vera minnet att etter meg både her i Tønsvika og i Tromsø.

Det blir for dumt å skriva noko om Tromsø og Tønsvika i kveld. Desse stadane står meg for nært no, ein eventuell tekst ville blitt både pompøs og pinleg. I staden får eg prøva og skriva noko når eg er vel heime på Tysnes om ei dryg veke.

Med sumaren kjem det og rolegare tider på denne bloggen. Om to veker startar sumarjobben min i Bergen, då vert det lite tid til blogging. Før det set eg meg altså på Hurtigruta til Lofoten, kor eg blir buande på eit herberge i Stamsund i ei knapp veke.

Eg lovar å koma sterkt tilbake, frå hausten av satsar eg på å blogga ivrig frå frå eit kollektiv i Schweigaards gate på Grønland i Oslo. God sumar!

mandag, juni 19, 2006

Høyrt i kantina


I går åt eg lunsj i Teorifagskantina saman med ein gamal kjenning av meg, Glenn Fagervik. Glenn er ein kunnskapsrik mann, og me er fleire som brukar han som kjelde når me innimellom lurer på ting. Her er eit utdrag frå dialogen vår under lunsjen i går:

- Det er noko eg har lurt på i det siste. Det er dette med krikar og krokar. Eg veit jo kva ein krok er, men kva er eigentleg ein krik, spurte eg.
- Det er ein krik, sa Glenn.
- Det burde eg ha visst, sa eg.

fredag, juni 16, 2006

By utan kritisk presse


Eg syng på siste strofa no. Natt til onsdag set eg meg på hurtigruta sydover, og mi tid i Tromsø er då ugjenkalleleg over for denne gang. Det er mangt og mange eg kjem til og sakna her i byen, tre og eit halvt år under nordlyset set sine spor.

I denne samanhengen skal eg likevel fokusera på den institusjonen eg aldri kjem til og sakna, det er byens regionsavis Nordlys. Ein svært stor del av det redaksjonelle stoffet i Nordlys er av annanrangs kvalitet i høve til andre aviser det er naturleg for ei regionavis i ein universitetsby å samanlikna seg med. Eg har valgt å spissformulera kritikken mot avisa i tre hovudproblem:

1. Den tabloide profilen.
Nordlys er nærast blitt synonymt med tabloide vinklingar, ofte minner framsida oss meir om Se og Hør enn ei nyhetsavis i ein universitetsby. Det ser det ut til at avisa skyr seriøs nyhetsjournalistikk, og nedprioriterer nyhetssaker av viktig prinsipiell art. I staden pregar kjendisstoff og typiske finurlege kvardagssoger (”Katt overlevde takras”, "Fridde i Nordlys og fikk ja" osb.) nyhetsprofilen til Nordlys.

2. Den svake kommentarjournalistikken.
Det slår meg gong på gong at Nordlys manglar redaktørar og andre kommentarskribentar som har nok autoritet og kunnskap til å skriva i ei avis som skal setja dagsorden i ein kultur- og universitetsby. På leiarplass opplever me gong på gong at avisa ikkje tek andre argument enn sine eigne på alvor, og altfor få av kommentarane i avisa greier og utfordra eller opplysa ein danna lesar.

I ei tid kor raske medium som internett og TV trugar opplagstala til papiravisene, er det mildt sagt underleg at Nordlys ikkje har sett potensialet i kommentarjournalistikken. Tromsø er prega av å vera ein svært konkurransesyktig kultur- og universitetsby, kvifor utfordrar ikkje Nordlys fleire av byens skarpe pennar til å skriva fast i avisa?

3. Den svake og tendensiøse dekninga av utfordringar for Nord Noreg.
Nordlys er det viktigaste offentlege forumet for utvikling av idéar og visjonar om kva Nord Noreg skal bli, og om kva landsdelen skal leva av i framtida. I eit slikt lys, er det ei sjølvsagt målsetjing for Nordlys og tilstreba at alle partar kjem til orde, både i lesarbrevspaltene og i avisa si redaksjonelle dekning.

På radioprogrammet ”Sånn er livet” kunne me for nokre veker sidan høyra at AP-representanten Synnøve Konglevoll fortelja om kvifor ho ikkje stilte til gjenval for Troms AP til forrige stortingsval. Konglevoll vart nemleg utsett for ein hets-kampanje frå Nordlys i forkant av nominasjonen til forrige stortingsval. Årsaka til denne hetsen, var at ho gjekk mot oljeutvinning i Barentshavet, på grunn av dei store miljøomkostningane ei slik utbyggjing ville ha.

Nordlys er kjent for sin kampanje for olje- og gassutvinning i nordområda. Det er naturlegvis Nordlys si oppgåve å ta eit tydeleg standpunkt i ei sak som er så viktig for regionen. Men i dag går Nordlys så langt at avisa ikkje evnar å sjå at det finnes viktige motargument mot sitt eige synspunkt. Når Nordlys i tillegg aktivt undergrev dei som er ueinige med sitt synspunkt, har avisa misbrukt si rolle som den viktigaste premissleverandøren i nord-norsk offentlighet.

Kampanjen for olje og gass i nord fører dessutan til at Nordlys i liten grad evnar å sjå Nord Noreg i andre perspektiv enn sitt eige oljeprofetiske. Kvifor er ikkje avisa langt krassare mot dei siste års utvikling i fiskerinæringa? Kva for andre utviklingmuligheter har Nord-Noreg, kan det finnast ei mogeleg framtid bortanfor eller ved sida av olje- og gassutvinning? Og kvifor ikkje satsa meir på djupe og analyserande artiklar om distrikta si utvikling og framtid? Landsdelen har nok av forskarar og aktivistar som kan uttala seg om utviklinga og slik sett gje oss andre perspektiv enn dei me no har blitt tilgodesett med.

Vegen framover
Den svært tabloide profilen og den einsidige redaksjonelle dekninga kan etter mitt syn bli Nordlys sin bane i åra framover. Den profilen som Nordlys i desse dagar framdyrkar, vil alltid tapa i konkurranse med raske medium som TV og internett.

Som avislesar ynskjer eg å bli opplyst, engasjert og utfordra. Når skal Nordlys vakna, og innsjå at mange er som meg i kulturbyen Tromsø?

lørdag, juni 10, 2006

Eg velger meg Elfenbeinskysten


Sjølv om fotball-VM er langt inne i sin andre kampdag, er det fyrst no meisterskapet startar for min del. I kveld skal nemleg mitt favorittlag Elfenbeinskysten ut i sin fyrste kamp mot Argentina. No er det under ein time til kampstart, og eg har allereie stålsett meg framfor TV’en med popcorn og kaffi.

Kva er det som får ein bleikfeit, anglofil nordmann til å velga seg Elfeinsbeinskysten som personleg favoritt i eit VM kor både Sverige og dei gamle engelske heltane mine er med? Ved fyrste augekast synes Elfenbeinskysten som eit av dei landa ein nordmann kan identifisera seg minst med, så kva farken har eg å gjera på den afrikanske vestkysten?

Ei av årsakene mine til å halda med Elfenbeinskysten, er at suksess i VM kan vera eit steg mot slutten av borgarkrigen i landet (sjå til dømes siste utgåve av ”Der Spiegel”). Dessutan har det afrikanske land sine gode prestasjonar VM fotball sidan 1990 hatt uvurderleg betydning for sjølvkjensla på heile det afrikanske kontinentet, suksess for Elfenbeinskysten denne gongen vil nok ein gong bety mykje i Afrika.

Det er heller ikkje utan relevans at Elfenbeinskysten er eit av VM sine mest underhaldande lag, på sitt beste er dei fullt på høgde med Brasil og Nederland. Eg meinar også at det er ein av fotballen sine mest fascinerande sider, at ein av verda sine fattigaste nasjonar kan vera med å kjempa om edelt metall i verdas største idrettsturnering.

Kombinasjonen av den underhaldande fotballen, underdog-posisjonen og fotballen sitt frigjerande potensial i Afrika gjer at eg kjenner meg langt meir i slekt Elfenbeinskysten enn med våre europeiske naboland.

tirsdag, juni 06, 2006

Slutt på ei ørkenvandring?


Moses og israelarane vandra 40 år i ørkenen før dei kom fram. Nokre av oss har no vandra i ørkenen i 43 år, og me er endå ikkje framme. Når det er sagt, er det i desse dagar visse teikn som peikar mot at ørkenvandringa vår kan gå mot slutten. Brann leiar Tippeligaen, og halve vestlandet ber på ein draum om at 43 magre år utan seriegull skal vera nok.

I dag – tysdag 6.juni 2006 - har alle norske aviser ei poesispalte på sportsidene. Denne poesispalta innheld noko slikt som dette:
Tippeligaen
1. Brann 7 4 0 19-7 25
2. LSK 6 3 2 19-12 21
3. Odd 3 6 2 14-11 15
4. RBK 3 6 2 14-12 15

For dei som ikkje har blikket for poesi, kan eg fortelja at Brann aldri før har vore ubesigra etter 11 seriekampar. I 1963 vann Brann serien sist, og me må heilt attende til 1976 for å finna sist gong Brann leia serien så langt ute i sesongen.

No skal ingen sei at me tek sigeren på forskot. Eg trur at dei aller fleste av oss går og ventar på den vanlege Brann-nedturen, det har blitt så mange av dei opp gjennom åra at ”no tapar Brann”-refleksen vaknar allereie etter to sigrar på rad. Samtidig er me ikkje mindre audmjuke enn at me drøymer litt ekstra i år, det er trass alt ikkje dagleg kost dette her.

Ingen fryd utan skadefryd. Det er også mykje god poesi i at bartefolket frå Trøndelag har slått seg til ro som eit middels norsk tippeligalag. Alle dei av oss som var unge på 90-talet, fekk øydelagt mykje av ungdomstida vår fordi landets mest ufjelge folkeslag hadde fri tilgang til alt som var av edelt metall. Sjølv budde eg eit år i Trøndelag, og eg vart hjelpelaust vitne til at Brann tapte 10-0 på Lerkendal midt i mi beste ungdomstid. Slike sår tek tid å lækja, kanskje kjem eg aldri heilt over sjokket den vårkvelden i -96?

Uansett, det blir for dumt å kvila lenge i skadefryden i slike tider. I desse dagar har me nok med å nyta. Dei neste vekene er det VM-pause i eliteserien, og Brann skal kvila på tabelltopp i minst sju veker til! Eg har bestemt meg for å feira litt kvar dag så lenge Brann ligg på tabelltopp, og allereie i kveld drikk eg Hansa til kveldsmaten. Det kan koma godt med, me Brannfans veit nemleg nok til at dette neppe kjem til å vara. Til det er me litt for erfarne som ørkenvandrarar.

søndag, juni 04, 2006

Villsauens siste vår?


Villsauer er ikkje heilt som andre sauer. I går såg ikkje Klaus, husverten min, anna råd enn å starta den årlege ullplukkinga. Medan andre sauer får sin årlege klypp på seinvinteren, er altså villsauen tilgodesett med ein ulltype som gjer at ein ”plukkar” ulla av for hand (sjå bilete) i staden for å klyppa den av.

Debatten går ofte høglydt i sauekjennarmiljø om kva for ull som er å foretrekkja. Dei fleste går langt i å forsvara spel- og dalasauen, som er lettklypte og har jamn og einsfarga kvit ullfell. Men i eitkvart saueaktivistmiljø finnes det ein sta villsauentusiast som forsvarar den eldgamle tesen om at den fleirfarga villsauulla går den einsfarga kvite industriulla ein høg gang. Ikkje berre fordi den er finare i fargen, men også fordi den er av langt høgare kvalitet sidan fibrane i ulla til villsauen ikkje er maskinkutta slik som industriulla. Dette argumentet vert møtt med stille hovudristing av industriullentuiastane, og ofte stiller dei seg totalt uforståande til at villsaubønder av fri vilje vil bruka dagevis kvar vår på å handplukka sauer for ull.

Ulldebatten er berre ein liten flik av ein større debatt som rir sauemiljøa. Utanom ulla, diskuterer saueaktivistar kjøtkvalitet, fóring av høy kontra silofór, bruk av innkjøpt kraftfór i drifta osb. Til vanleg er husverten min og eg liberale og moderne menneske. Men i akkurat denne samanhengen er me av ei anna ull, og me er båe prega av andre haldningar enn dei som kjenneteiknar moderniteten. Etter vårt syn, rir (ir)rasjonalitet og nymotens teknologi den moderne sauedrifta som ein mardraum.

Kvar vart det av dei lange vårkveldane med handplukking av ull? Kva vil skje med landbruket dersom økonomiske omsyn og teknologiske løysingar skal vera svaret på alle utfordringar? Me frys berre ved tanken.

tirsdag, mai 30, 2006

Når vaknar norsk presse?


Det er sjeldan oppløftande å sjå at fleire av dei største amerikanske kjendis- og nyhetsmagasina som Vanity Fair, Elle, Wired, Time, Newsweek, Fortune og Fast Company Magazine set dagsorden i debatten om global oppvarming. Dette har skjedd dei siste vekene, ved at alle dei nevnte magasina har hatt framsideoppslag om det som truleg er den største politiske utfordringa i vår tid.

Elle er verdas største motemagasin med eit opplag på nesten 5 millionar, medan Vanity Fair er det store glamourmagasinet i USA. Sistnevnte er eit slags ”Se og Hør” for intellektuelle, som held allmugen oppdatert om kjendisane sitt liv gjennom teksttunge artiklar. Begge desse blada har global oppvarming som hovudoppslag i maiutgåvene, i korttekst stiller begge spørsmål ved om me no står ovanfor ein miljøtrussel som kan representera eit paradigmeskifte i menneska sin historie?

Når til og med amerikanske mote- og livstilsmagasin tek til orde for ein ny dagsorden i politikken, må det vera lov til å undra seg over kvar det blir av norsk presse og norske politikarar i denne debatten? Til pressa sitt forsvar skal det seiast at både Klassekampen (29.april) og Bergens Tidende (td. 27.mai) i enkeltartiklar har sett viktig dagsorden i klimadebatten. Dessutan er radioprogramma ”Sånn er livet” og ”Verdt og vite” forvitnelege i si dekning av den globale oppvarminga.

Men ellers? Kor ofte tek dei norske region- og riksavisene klimapolitikk på alvor? Sørgeleg sjeldan. Politikarane snakkar ofte om miljø, men dei ser svært sjeldan at miljø og klima er i direkte konflikt med mange av dei andre politiske målsetjingane deira. Når skal me få høyra den fyrste stortingspolitikaren innrømma at klimapolitikken er så viktig at den må leggja premissane for resten av politikken?

I slutten av juni kjem FN sitt klimapanel til Solstrand Fjordhotell utanfor Bergen. Der skal dei offentleggjera sin nye rapport om prognosane for klimaendring fram mot år 2100. I nokre dagar rundt offentleggjeringa kjem klimapolitikk til å prega framsidene i norske aviser, alt tyder nemleg på at det ikkje er lystige tal som vert lagt fram. Kan alvoret i prognosane som vert presentert på Solstrand føra til at me får ein varig klimadagsorden i norsk presse og politikk?

lørdag, mai 27, 2006

Dobbeltmoralens politikk


Det kanskje mest underkjente helseproblemet verda står ovanfor, er vald, krig og militarisme. I lys av dette, er det svært trist å sjå at Noreg, som i andre samanhengar likar å framstå som den gode fredsmeklaren, er ein av verda sine største bidragsytarar til krig og valdeleg konflikt.

Det er innlysande at krig og væpna konflikt har store konsekvensar for helsa til menneske som lever i konfliktområde. Den mest omtalte konsekvensen av krig er at mange sivile og soldatar blir drept, og i det 20 .århundre regnar ein med at knappe 200 millionar menneske vart drept i krig.

Krig og førebuing til krig har dessutan andre meir indirekte og mindre innlysande helsekonsekvensar enn dei fysiske skadane som menneske blir påført. For det fyrste har krig alvorlege konsekvensar for miljøet, til dømes gjennom svært stor ressursbruk og utslepp av giftig eller radioaktivt avfall. Dessutan etterlet ein krig seg ein valdskultur i dei landa som er involvert i krigen. Studiar har vist at antall sjølvmord, familievald og kriminalitet aukar i etterkant av ein krig.

For det tredje fører krig og førebuing til krig til at mange land nedprioriterer andre viktige samfunnsområde til fordel for militæret. I nokre land i sør investerer staten mellom 10 og 20 $/innbyggjar i militæret i året, medan den offentlege helsevesenet må greia seg med mellom 1 og 2 $/innbyggjar. På denne måten undergrev derfor krig og opprusting av militæret fokuset på helse i mange av dei fattigaste landa i sør.

Kva kan gjerast for å redusera det enorme helse- og utviklinsproblemet som krig og militarisme utgjer? Det er liten tvil om at hovudutfordringa er å redusera våpeneksporten frå nord til sør. Mellom 1990 og 2001 var det 57 store væpna konfliktar i verda, og nesten alle desse foregjekk i sør. 2/3 av verda sin våpeneksport går i dag til land i sør, dette legg grunnlaget for både krig og fattigdom.

Noreg er i dag verdas største våpeneksportør målt i eksport/innbyggjar, og verda sin 11.største eksportør i faktiske tal. Den norske våpeneksporten og investeringane i internasjonal våpenindustri gjennom oljefondet, representerer framfor noko anna den norske utanrikspolitiske dobbeltmoralen. Kvifor skal Noreg, som allereie har svært store eksportinntekter frå lukrative næringar som olje og fisk, tena seg endå rikare på våpeneksport og -investeringar som fører til store menneskelege lidingar og nedprioritering av helse og andre viktige samfunnsområde i sør?

tirsdag, mai 23, 2006

Når våren kjem


I desse vårdagane burde eg eigentleg konsentrera meg om alle eksamenane som står for døra. På fredag er det skuleeksamen i historie, og innan måndag skal eg tilsaman levera 17 sider heimeeksamen. Til no har eg lest ein del, men skrevet fint lite. Herifrå bør det bli ein annan dans.

Eg slit altså med å få jobba nok med eksamen. Ikkje berre er eg ein av dei uhelbredeleg late, eg har det også slik at vårens kome vekkjer ein spesiell lengt i meg. For nokre år sidan arbeidde eg eit års tid som gardsgut i eit økologisk jordbrukskollektiv i Nord Irland. Sjølv om dagane mine i landbruket synes svært fjerne, er det ingen tvil om at vårkjensla no i mai minner meg om mitt gamle virke. I staden for å lesa og skriva som besett på min faste abeidsplass på UB, blir eg sitjande og bla i ein av Hamsun sine gamle vandrarromanar. I dag lot eg meg forføra av desse linjene i "Under høststjærnen":

"Se nu er jeg borte fra byens larm og trængsel og aviser og mennesker, jeg er flygtet fra det altsammen fordi det igjen kaldte på mig fra landet og ensomheten hvor jeg er fra. (...) Ak jeg har gjort en slik flugt før og er atter vendt tilbake til byen. Og er atter flygtet."

"Under Høststjærnen" omhandlar ein kar som flyktar frå byens larm og tar seg arbeid som reisande gardsarbeidar. Slike soger burde eg halda meg vekke frå, dei dreg meg inn i tankar om det eksamensfrie livet med mjølking, grønsaksdyrking og forefallande gardsarbeid som ramme om dagen. Her sit eg på eit innestengt bibliotek og les livlause bøker, det irrgrøne irske kulturlandskapet og det naturnære gardsarbeidarlivet er allereie blitt meg ein fjern idè.

For det meste har eg stor glede av mitt frie, urbane universitetsliv. Her vankar ein mellom folk og idéar som ikkje er ein gardsarbeidarar forunt. Likevel er det ingen tvil om at eg i skrivande stund hadde gitt mykje for å reisa frå gard til gard i nokre veker. Me får sjå kva det blir til på måndag...

torsdag, mai 18, 2006

Prisen å betala


Me er midt i mai, og vêrgudane tilgodesåg oss med 15 centimeter nysnø i dag! Dette har naturleg nok sett ein støkk i både folk og fé, kven er vel budd på snø etter at lauvet har spruttet?

Det er ikkje få gongar eg har prisa Tromsø for det stabile, gode vintervêret. Det skal eg ikkje gjera i dag, eg må nemleg innrømma at akkurat i dag lengtar eg heim att til Bergen, regnet og våren...

lørdag, mai 13, 2006

Når fridomen er truga


Under karikatur-striden i vinter høyrte me fleire fornuftige folk hevda at islam er den største trusselen mot frie, demokratiske samfunn i den vestlege verda. Det vart hevda at den totalitære ideologien som ligg til grunn for politisk islam er eit direkte trugsmål mot det sekulære demokratiet i til dømes Norge, og at kampen mot politisk islam er vår tids viktigaste kulturkamp.

Denne oppfatninga er i beste fall tendensiøs, og i verste fall kan den vera med på å skjula kva som er dei største utfordringane for demokratiet i åra framover. Etter mitt syn står demokratiet og den personlege fridomen vår overfor to hovudutfordringar i åra framover: 1. Det nyliberale hegemoniet som legg føringar på, og som reduserer dei politiske verkemidla som nasjonalstaten, organisasjonar og enkelpersonar rår over. 2. Overvaking eller kontroll av enkeltmenneske og grupper som blir innført med grunngjeving i kampen mot terror eller andre sikkerhetsårsaker.

I denne samanheng skal eg halda meg til den andre hovudutfordringa mot demokrati og fridom i den vestlege verda, det er overvakingssamfunnet som er på frammarsj i skuggen av krigen mot terror og eit ynskje om større sikkerhet i Europa. I norsk presse har eg berre lese to artikkelseriar om dette dei siste månadane, men desse er i seg sjølv såpass oppsiktsvekkjande lesing at dei burde vera obligatorisk lesnad for alle som har eit snev av samfunnsinteresse.

Bergens Tidende sette i jula fokus på EU sine planar om oppbyggjing av det sokalla ”Galileo”-satelittnettverket, som i fyrste omgang skal overvaka alle nye motoriserte køyretøy i Europa frå 2010. Tanken er å gjennomføra til dømes fartskontroll og bompengeinnkreving gjennom satelittovervakinga. Sjølv om satelittmottakaren berre skal innførast i nye bilar frå 2010, er planen at alle motoriserte køyretøy skal vera satelittovervaka. I sum ynskjer EU å ha full kontroll med all offentleg og privat transport i Europa innan nokre få år.

For ei dryg veke sidan skreiv Klassekampen om EU sine planar om innføring av eit direktiv som legitimerer oppbevaring av informasjon om alle europeiske telefonsamtalar i to år etter at røret er lagt på. Dessutan legitimerer direktivet overvaking av nettrafikk og e-post. Føremålet med dette direktivet er at ein ynskjer å lettare å kunna oppspora terroristar og kriminelle.

Det er ingen tvil om at innføringa av ei slik systematisk overvaking av dei fleste europearar stiller store grunnleggjande spørsmål knytt til personvern og fridom i Europa, dette luktar av overvakingssamfunn og "1984". Det er likevel så godt som stilt om desse overvakingsplanane i Noreg. Kvifor er det berre partiet Venstre som er redd overvaking i dette landet? Kvar vert det av fridomselskarane i Høgre? Og sjølv om Ågot Valle har uttalt seg til dels kritisk til dette, er det betimeleg å spørja om ikkje SV har lært av overvakinga på -70-talet?

Det vil gå for vidt å i denne samanhengen gjera greia for alle implikasjonar og konsekvensar av desse EU-prosjekta, men reaksjonen til direktør i datatilsynet Georg Apenes seier det meste. - Det finnes bare en måte å eliminere all kriminalitet på - å fjerne friheten. Jeg er dypt pessimistisk og det er sløvheten som er farligst. Jeg har ingen illusjoner om hvilket samfunn vi utvikler, så lenge folk er passive.

Den vestlege illusjonen om at politisk islam er den største trusselen mot fridom og demokrati i Europa, kan fort bli vår bane i åra framover. Korleis er det mogeleg å i fullt alvor tru at islamsk Sharia-lovgivning nokonsinne skal få innpass i Europa? Er det nokon som kan gje meg ein truverdig argumentasjon for at dei sekulære juridiske og demokratiske institusjonane i Europa i framtida vil vera truga av politisk Islam?

Når skal høgrekreftene i Europa vakna i sin eigen bakhage? Både fridomen vår og demokratiet vårt er truga, men på ein heilt annan måte enn det høgrekreftene hevdar.

fredag, mai 12, 2006

Barndommens heltar

Det er panisk føreksamenstid, så det er ikkje lett å få oppdatert bloggen i desse dagar. I slike dårlege blogg-tider er ein god bror gull verdt!

Dei siste åra har Nils Vermund (bror min) vore ein farande fant som frilansjournalist for ulike blad i den kulørte pressa og for enkelte meir seriøse aviser. Det er knapt nok grenser for kven den fyren skumpar borti på sine reiser, og mang ei fetert Hollywood-stjerne har blitt portrettert i ein av landets meir eller mindre tabloide publikasjonar av min reisande bror. Eg kjenner knapt nok nokon som lever eit så oppjaga og innhaldsrikt liv som han. Til gjengjeld er det meir enn fem år sidan han leste ein roman frå byrjing til slutt, denslags tidtrøyte har han rett og slett ikkje tid til.

Sjølv for ein blasert frilandsjournalist, er det likevel noko eige med barndommens heltar. Både bror min og meg var svorne Beatles-fans i gutedagane, han var nok endå større enn meg. For eit års tid sidan traff han brått og uventa Ringo Starr på ei av sine mange reiser. På denne linken kan du høyra og sjå Nils Vermund fortelja den artige soga om då han traff ”The biggest fool to ever hit the big time”.

fredag, mai 05, 2006

I staden for festival


I kveld ligg eg heime og er sjuk. Samtidig skin sola frå skyfri himmel (sjå bilete), og halve Tromsø går og nynnar. Dei fleste har spruttet si fyrste pils og går småtrippande og ventar på vårens viktigaste rotbløyte. Her hos meg er stemninga ei noko anna: For det meste ligg eg i senga og lurer på kva som får folk til å stå opp i denne urettferdige verda, kor vanlege folk ikkje ein gong får gå på ein festival dei har sett fram til i lengre tid?

I dag skulle eg altså på festivalen Autdafé i mitt gamle kollektiv Konkylien. Sjølv om eg langtfrå er noko drivkraft bak denne festivalen, er det ingen løyndom at eg har sett fram til han i nokre dagar. Festival i Konkylien er det same som ein verkeleg fest, og dei som lurer på kva slikt er bør ta turen til Kirkegårdsvegen 13 i kveld.

På ein dag som denne orkar eg ikkje meir. Eg skal berre liggja i senga mi og kjenna på at eg er riktig, riktig sjuk!

mandag, mai 01, 2006

Ein vakker dag!


På årets vakraste dag har det vore 1.mai feiring i Tromsø. Me i Attac Tromsø har feira med frukost med 30 deltakarar, allsong, nylaga parole (sjå bilete) og markering mot EU sitt tjenestedirektiv.

Kvart einaste år les me i avisene at 1.mai er passé fordi folk ikkje lenger engasjera seg politisk ved å gå i tog. Dessutan spør mange seg kva me skal med ein arbeidardag, når norske arbeidarar har verdas beste løns- og arbeidsvilkår?

Eg håpar eg aldri sluttar å gå i 1.mai tog. Arbeidardagen er like viktig no som før av to årsaker. For det fyrste er den er vår viktigaste markeringsdag for internasjonalt solidaritet, 1.mai er til dømes ein viktig sjanse til å synleggjera dobbeltmoralen i den norske utanrikspolitikken. Dessutan er 1. mai framleis viktig fordi heller ikkje norske lønstakarrettar er statiske, forslaget om eit nytt tjenestedirektiv i EU er eit prov på at norske tariffavtalar er under aukande press.

Big Brother er passé, 1.mai er komen for å bli. Til lukke med dagen!

fredag, april 28, 2006

Nytt liv i Tønsvika


I natt har det store skjedd her i Tønsvika: Søya vår har lamma, og sauebesetninga er blitt fordobla! Dei to nye verdsborgarane er forbausande friske og livlige nokre få timar inn i sin fyrste dag, og både mekring og hopping er allereie observert.

Det einaste som uroar oss, er at barnefaren (væren) har vore både aggressiv og utagerande sidan i går kveld då lamminga nærma seg. Han er tydeleg misnøgd med at det blir fleire som konkurerrer om merksemda framover. I går såg me oss nøydd til å setja han i karantene, og no går han og sullar surt for seg sjølv. Det er trist å sjå at han ein av dei mange som slit med den nye mannsrolla, han burde ha visst betre enn å få utløp for sin sjalusi gjennom aggresjon og valdsbruk!

I dag kjennest det for dumt å reisa til byen og universitetet, så eg har bestemt for å nyta ein langsam dag med pensumlesing og forefallande gardsarbeid i Tønsvika. På ein dag som denne, er det ein sauebonde sitt privilegium.

torsdag, april 27, 2006

Menneskets lodd


Den siste veka har eg gjort fleire innkjøp enn vanleg, og eg har skaffa meg følgande nye eigendelar: Eit speilrefleks digitalkamera, ein ny harddisk og ein liten bunke bøker på eit antikvariat i Oslo. Ved fyrste augnekast kan dette synast som kloke kjøp. Kven kan vel ta skade av eit praktisk kamera, ein meget nyttig harddisk og fri tilgang til nokre viktige verk av Karl Marx og Frans av Assisi? Privatøkonomien min lir heller inga slåande naud etter desse relativt dyre innkjøpa, eg sit framleis på ein bugnande bankkonto. Men likevel er eg altså uroleg etter å ha skaffa meg nye eigendelar.

Kva for truslar mot eit godt, meiningsfullt liv finnes for oss nordmenn? Me lever i eit samfunn som er tufta på ein sterk velferdsstat, det betyr at det skal mykje til for at det går gale med oss. Rett nok ikkje er me ikkje garderte mot alvorleg sjukdom, psykiske lidingar, alkoholisme og mange andre truslar mot eit godt liv. Likevel vågar eg påstanden: Det private forbruket og materialismen er den største trusselen mot eit godt liv for den jamne nordmann!

Avisa Information har den siste veka fokusert på forbruk og identitet i tre ulike artiklar. Her har eit faktum i vår tid blitt understreka: Vårt private forbruk seier i dag svært mykje om kven me er, og fleire og fleire fortel soga om seg sjølv gjennom forgjengelege eigendelar. Bilen min, leiligheten min, kleda mine og bøkene mine er noko meir enn praktiske og estetiske innretningar som gjer livet mitt betre og enklare å leva. Alle desse eigendelane seier kven eg er, kven eg ikkje er og dessutan kven eg gjerne vil vera. Dette sterke vendinga mot forbruk og eigedom som grunnlag for identiteten vår, gjer også at fokuset på inntekt, pengar og lån i samfunnet generelt aukar.

Kvifor er det grunn til å vera uroleg for at identiteten vår er blitt så sterkt knytt til forbruk dei siste 10-15 åra? På sitt vis representerer jo dette ei frigjering, og me som er ein del av den globale overklassen har vel aldri stått friare til å velga oss identitet enn meg gjer i dag? Etter mitt syn er det likevel knytt ei rekkje problem til forbruk som identitetsskapar: For det fyrste trur eg dei fleste av oss mislukkast i jakta vår på identitet gjennom forbruk. Forbruket er både materialistisk og forgjengeleg, og kan slik sett ikkje sei noko viktig om kven me er. Ein identitet som i hovudsak kviler på privat forbruk og eigedom vil derfor alltid vera naiv.

Dessutan er eg heilt på linje med Erik Damman som allereie for 30 år sidan hevda at det norske forbruket var blitt så høgt at det var ein direkte trussel mot god livskvalitet. Dagens forbruk er meir enn det doble av det me hadde i 1975, og dei færraste hevdar vel at me har betre livskvalitet i dag enn då? Eg trur at mange i dag har ei kjensle av å leva i ei forflata tid kor ingenting lenger gjer inntrykk, mi erfaring er at eit lågare forbruk og eit enklare liv er det beste botemiddelet mot denne kjensla.

Det faktum at forbruket er blitt så sterkt identitetsskapande er også eit samfunnsproblem: Noko av det verda treng minst av alt, er menneske som søkjer identitet gjennom luksusforbruk. Korleis skal me greia å løysa utfordringar knytt til global oppvarming og ressursfordeling dersom me lar luksusforbruk konstituera identiteten vår?

mandag, april 24, 2006

Før ein rangel


Før hadde eg det som dei fleste andre nordmenn: Eg mislikte måndagar. Sidan eg kom til Tromsø har dette endra seg. Årsaka til dette er syndig, men enkel: I Tromsø betyr blåmandag billeg øl og burger på byens beste pub Blårock (sjå bilete).

Hugs dette: Dersom du i ein måndagskveld i løpet av livet skulle vera i Tromsø, er eit besøk på Blårock obligatorisk. Eit slikt besøk kan endra synet ditt på mangt, også måndagar. Gløym ikkje at siste buss til Tønsvika går klokka 2337 frå Domus.

fredag, april 21, 2006

Sauehald og postmodernitet


Det nærmar seg lamming her på garden, og i samband med det har eg brukt litt av påskeferien min til og fordjupa meg i sauelitteratur. For sju-åtte år sidan var eg vel bevandra i denne litteraturen, men åra har tæra vekk mykje av kunnskapen eg ein gong hadde. Heldigvis står det framleis ein liten hyllemeter med økolitteratur på guterommet mitt heime.


Det er ei trist kjensgjerning at den norske bokheimen ikkje husar ei skikkeleg lærebok i småskala saueal. Rett nok finnes det eit utal stordriftsbøker for konvensjonelle bønder, men ei grundig innføring i småskala sauehald er ikkje å oppdriva. Heldigvis er det framleis mogeleg å få tak i den gamle klassikaren "Får til husbrug" av Ulrikka Lollesgaard på dansk i enkelte gode bokhandlarar her til lands, eg var lur nok til å tjuvkopiera den i mi frilynte ungdomstid.


Eg innser at kunnskap om det daglege stellet av sauer er av begrensa interesse for dei fleste her i landet. Til gjengjeld ligg det ein kvardagsfilosofi til grunn for dette sauehaldet som burde interessera langt fleire. I innleiinga til klassikaren "Får til husbrug" seier forfattar Ulrikka Lollesgaard dette om småskala sauehald:


”Tilbage er nemlig det, man ikke kan købe for penge: Opplevelsen af menneskene som en del av naturen, ikke som tvivlsomme herrer over atomkraft, men som levende, ydende medlemmer af det samfund vi er godt på vej til at ødelegge.”


Lollesgaard spør vidare: Kven hadde trudd at all den tidssparande teknologien me omgjer oss med skulle føra til at folk har dårlegare tid enn nokosinne? Ho argumenterer for at menneska må ta tida og livet sitt tilbake ved å driva småskala sauedrift, og hevdar at det postmoderne livet er både livsfjernt og oppjaga. Til slutt i innleiinga understrekar ho poenget sitt med eit retorisk spørsmål: " Hvorledes skal mennesket tage livet tilbage?" Det burde ikkje overraska nokon at det usagte svaret ligg i ei småskala sauedrift.


Er vårt sauehald i Tønsvika ein protest mot framveksten av ei oppjaga tid som ikkje lenger har noko rom for det gode, langsame livet? Eg spurte husverten min om dette i dag. Han var ikkje eit sekund i tvil om at svaret er ja, fordi småskala sauedrift er den beste medisinen mot tidsklemme og stress (til opplysning: Husverten min er lækjar, og kan sin medisin).


Etter dette burde det ikkje overraska at eg no er overtydd om at småskala sauedrift er løysinga på dei fleste store utfordringane i vår tid!

tirsdag, april 11, 2006

Dammanns draum

Den siste veka har eg lese ein av dei mindre omtalte bøkene frå sist bokhaust, nemleg Erik Dammann sin sjølvbiografi "Kontraster – Beretning om et mangfoldig liv". Sjølv om Dammann sin biografi kanskje mest av alt inviterer til refleksjonar om kva som er det gode liv, gjev den også næring til visjonar om ei samfunnsutvikling som synes utopisk i 2006.

Som dei fleste kjenner til, grunnla Erik Dammann organisasjonen "Fremtiden i Våre Hender" ved å gje ut boka med same namn midt på –70-talet. Gjennom oppstarten av FIVH fekk Damman praktisk talt heile det politiske Noreg til å støtta at me burde redusera vårt private forbruk, for å leggja til rette for at fattigare land i staden skulle få vår del av den økonomiske veksten. Grunntanken til Dammann i 1974, var at me i Noreg då hadde eit så høgt privat forbruk, at ein vidare vekst ville redusera livskvaliteten vår og gjera kulturen vår meir forflata og materialistisk.

Sjølv om ”alle” støtta Dammann sin visjon, vart det aldri praktisk politikk av grunntanken om vekststopp i ”Fremtiden i Våre Hender”. I staden har utviklinga gått i motsatt retning av Dammann sin draum, aldri har vel privat forbruk konstituert personleg identitet slik som i dag.

I 2006 er vår største politiske visjon å redusera den norske utanrikspolitiske dobbeltmoralen på flest mogeleg område, på slutten av –70-talet spurte ”The New York Times” (i lys av framveksten av FIVH) om Noreg ville bli det fyrste vestlege landet som sa nei til velstandsvekst for å hjelpa dei fattige landa? Korleis har det gått til at det politiske Noreg er blitt så forflata, og no står milevis frå dei visjonane som vart oppfatta som realistiske for berre tjue-tredve år sidan?

Tida er meir enn moden for å ta dei store visjonane tilbake i politikken. Til dømes krev både klimapolitikken og den globale ressursfordelinga løysingar som ikkje kan gjennomførast innanfor dagens system. Korleis skal me finna fram til ein tredje veg bortanfor marknads- og planøkonomi, når ingen lenger har interesse av alternative løysingar?