fredag, juni 16, 2006

By utan kritisk presse


Eg syng på siste strofa no. Natt til onsdag set eg meg på hurtigruta sydover, og mi tid i Tromsø er då ugjenkalleleg over for denne gang. Det er mangt og mange eg kjem til og sakna her i byen, tre og eit halvt år under nordlyset set sine spor.

I denne samanhengen skal eg likevel fokusera på den institusjonen eg aldri kjem til og sakna, det er byens regionsavis Nordlys. Ein svært stor del av det redaksjonelle stoffet i Nordlys er av annanrangs kvalitet i høve til andre aviser det er naturleg for ei regionavis i ein universitetsby å samanlikna seg med. Eg har valgt å spissformulera kritikken mot avisa i tre hovudproblem:

1. Den tabloide profilen.
Nordlys er nærast blitt synonymt med tabloide vinklingar, ofte minner framsida oss meir om Se og Hør enn ei nyhetsavis i ein universitetsby. Det ser det ut til at avisa skyr seriøs nyhetsjournalistikk, og nedprioriterer nyhetssaker av viktig prinsipiell art. I staden pregar kjendisstoff og typiske finurlege kvardagssoger (”Katt overlevde takras”, "Fridde i Nordlys og fikk ja" osb.) nyhetsprofilen til Nordlys.

2. Den svake kommentarjournalistikken.
Det slår meg gong på gong at Nordlys manglar redaktørar og andre kommentarskribentar som har nok autoritet og kunnskap til å skriva i ei avis som skal setja dagsorden i ein kultur- og universitetsby. På leiarplass opplever me gong på gong at avisa ikkje tek andre argument enn sine eigne på alvor, og altfor få av kommentarane i avisa greier og utfordra eller opplysa ein danna lesar.

I ei tid kor raske medium som internett og TV trugar opplagstala til papiravisene, er det mildt sagt underleg at Nordlys ikkje har sett potensialet i kommentarjournalistikken. Tromsø er prega av å vera ein svært konkurransesyktig kultur- og universitetsby, kvifor utfordrar ikkje Nordlys fleire av byens skarpe pennar til å skriva fast i avisa?

3. Den svake og tendensiøse dekninga av utfordringar for Nord Noreg.
Nordlys er det viktigaste offentlege forumet for utvikling av idéar og visjonar om kva Nord Noreg skal bli, og om kva landsdelen skal leva av i framtida. I eit slikt lys, er det ei sjølvsagt målsetjing for Nordlys og tilstreba at alle partar kjem til orde, både i lesarbrevspaltene og i avisa si redaksjonelle dekning.

På radioprogrammet ”Sånn er livet” kunne me for nokre veker sidan høyra at AP-representanten Synnøve Konglevoll fortelja om kvifor ho ikkje stilte til gjenval for Troms AP til forrige stortingsval. Konglevoll vart nemleg utsett for ein hets-kampanje frå Nordlys i forkant av nominasjonen til forrige stortingsval. Årsaka til denne hetsen, var at ho gjekk mot oljeutvinning i Barentshavet, på grunn av dei store miljøomkostningane ei slik utbyggjing ville ha.

Nordlys er kjent for sin kampanje for olje- og gassutvinning i nordområda. Det er naturlegvis Nordlys si oppgåve å ta eit tydeleg standpunkt i ei sak som er så viktig for regionen. Men i dag går Nordlys så langt at avisa ikkje evnar å sjå at det finnes viktige motargument mot sitt eige synspunkt. Når Nordlys i tillegg aktivt undergrev dei som er ueinige med sitt synspunkt, har avisa misbrukt si rolle som den viktigaste premissleverandøren i nord-norsk offentlighet.

Kampanjen for olje og gass i nord fører dessutan til at Nordlys i liten grad evnar å sjå Nord Noreg i andre perspektiv enn sitt eige oljeprofetiske. Kvifor er ikkje avisa langt krassare mot dei siste års utvikling i fiskerinæringa? Kva for andre utviklingmuligheter har Nord-Noreg, kan det finnast ei mogeleg framtid bortanfor eller ved sida av olje- og gassutvinning? Og kvifor ikkje satsa meir på djupe og analyserande artiklar om distrikta si utvikling og framtid? Landsdelen har nok av forskarar og aktivistar som kan uttala seg om utviklinga og slik sett gje oss andre perspektiv enn dei me no har blitt tilgodesett med.

Vegen framover
Den svært tabloide profilen og den einsidige redaksjonelle dekninga kan etter mitt syn bli Nordlys sin bane i åra framover. Den profilen som Nordlys i desse dagar framdyrkar, vil alltid tapa i konkurranse med raske medium som TV og internett.

Som avislesar ynskjer eg å bli opplyst, engasjert og utfordra. Når skal Nordlys vakna, og innsjå at mange er som meg i kulturbyen Tromsø?

4 kommentarer:

Knut Rage sa...

Frå forsida til storavisa Stavanger Aftenblad i dag (rett nok nettutgåva):
Rusa karmøybu låste seg sjølv inne
Knuste vindu på Frøyland
Busspassasjerar nekta å betala

I Oslo-pressa går debatten for fullt om Aylar Lie song sjølv på VG-lista konserten i går.

Velkomen sørover.

Askild sa...

Du har eit poeng, det er ei velkjent kjensgjerning at pressa er blitt langt meir tabloid dei siste 10-15 åra.

Men det er likevel feil å samanlikna SA med Nordlys. SA er langtfrå like tabloid i papirformat (nettutgåva veit eg ingenting om, men i denne debatten er det heller ikkje så viktig).

VG er ei anna soge. Den er sjølvsagt ekstremt tabloid. Det er likevel grunn til å peika på at dei store regionavisene i hovudsak har satsa på ein relativt seriøs nyhetsprofil siste åra. Nordlys er i så måte eit unntak, ved at avisa går langt i å prøva å kopiera VG.

Etter mitt syn er ei slik satsing svært uheldig for ei leiande regionavis i ein universitetsby. Me har allereie ei tabloidavis i byen, og Nordlys sin nedgang i oppslag dei siste åra viser då også at avisa slit med profilen.

Dessutan er denne tabloide satsinga svært trist for dei av oss som er aviselskarar. I lengda blir ein tungsindig av å lesa tabloid journalistikk!

Anonym sa...

Jeg tror den tabloide formen er en følge av de nye raske nyhetsmediene. Nyheter er ferskvare, og det vil altid være viktig å være først. Men nå er det på høy tid at aviser, også Nordlys, innser at slaget er tapt. De kan ikke den kjappeste, mest oppdaterte kilden til informasjon, det er helt umulig å konkurrere med nett på dette området.

Det avisene KAN konkurrere på, er innsiktsfulle kommentarer og debatt. Istedet for å kopiere de raske medienes overfladiske tilstandsrapporter og skandaleoppslag, bør avisene fokusere på dypde og kvalitet. Det at avisene ikke har de samme mulighetene til å nå publikum øyeblikkelig, kan være like mye en fordel som en ulempe. Det vil alltid være ett behov for de kjappe nyhetene, men når de åpenbare fakta er kjent, er det, mener jeg, de treige mediers oppgave å spre ikke bare informasjon men forståelse, bakgrunnskunnskap og innsikt.

Forbrukerjournalistikken, som har kommet mer og mer de siste årene er billigutgaven av den gravende journalistikken. Journalistene "finner ut av ting" for forbrukerne, og det er greit nok, men det å finne ut hvilken sjampo som er mest effektiv mot flass må komme i tillegg, ikke på bekostning av opplysninger om hva oljeselvskapene driver med, at Norge selger våpen osv. Journalistene må ikke gå fra å være samfunnets vaktbikkje til å bli rene underholdere.

Fokuset på kjendisnytt, kongehus osv har alltid vært der, men jeg tror det har vært en kvantitativ økning, og jeg tror dette skyldes de kjappe mediers behov for flere nyheter. Når det ikke er stort mer å rapportere enn at det fortsatt er krig, at det fortsatt er global oppvarming og at det fortsatt er nød og urettferdighet i verden, velger avisene heller å skrive fordummende nyheter om kjendiser, for å møte kravet om en oppdatering på nettavisa hvert tiende minutt.

Jeg mener at om nivået på nyhetene i enkelte aviser er provoserende, så er det kvinnemagasinene serverer sine lesere enda verre.

Askild sa...

Enig med deg, anonym. Papiravisa døyr ein langsom død dersom den satsar på det tabloide og overflatiske slik Nordlys gjer.

Me får tru A-pressa har vit til å redda eit synkande skip.