lørdag, april 28, 2007

"Vi som ikke bygde Norge"


Dei siste åra har det slått meg kor mange i tjue- og tredveåra som slit med ei kjensle av å vera skuffa over kva livet har å by på. Eit typisk utslag av denne kjensla høyrte eg her om dagen: «Vaksenlivet blei aldri slik eg trudde det skulle bli, korkje jobben eller privatlivet har levd opp til dei forventningane eg ein gong hadde». Kva er det som gjer at så mange av oss er desillusjonerte?

Oppfatninga av å vera desillusjonert, skuldast truleg fyrst og fremst i manglande visjonar i privatlivet. Sterkast er nok oppfatninga av at det er svært vanskeleg å finna seg ein livsledsagar i vår tid. Mange er i eit forhold, ein god del av desse i mangel eller i vente på noko betre. Alt for mange av dei eg kjenner, føler seg meir eller mindre ferdige med kjærleiken, fordi dei har gitt opp å nokon gong finna ein partnar dei verkeleg passar saman med.

Ein anna aspekt som gjer mange desillusjonerte, er kjensla av at arbeidslivet og den jamne, grå vaksenkvardagen ikkje byr på dei utfordringane og dei opplevingane som mange trudde den skulle. For ei tid sidan var eg på rangel med tre karar tidleg i tredveåra. Alle tre med gode universitetsgrader frå UiTø, alle tre med relativt ferske, attraktive jobbar. Felles for dei tre var at dei etter ei tid i arbeidslivet følte at jobben deira korkje var utfordrande eller utviklande. Dei tre gjekk ut av universitetet med ein visjon om å gjera godt arbeid i ein interessant jobb. I realiteten opplevde dei at arbeidslivet krevde at dei gjorde middels innsats, og konsekvensen var at ein talte dagar til helg og månader til ferie. Sjølv om langtfrå alle er like misnøgde med arbeidet som desse karane, er det ingen tvil om at alt for mange er skuffa over at arbeidslivet er mindre utfordrande og utviklande enn det me forestiller oss som studentar.

Ei meir politisk forståing av kvifor me er desillusjonerte, er det å tilhøyra den generasjonen som Erlend Loe i boka «L» omtalar som «Vi som ikke bygde Norge». Loe sitt utganspunkt er at han tilhøyrer generasjonen som er komen til duk og dekka bord som barn av ein svært generøs velferdsstat. Alt det viktige er ferdigbygd, for Loe sine gutar står det berre att å dyrka seg sjølv og sine eigne navlebeskuande prosjekt. Ti år etter at Loe skapte sitt naive og ironiske univers, er det grunn til å spørja om Loe sin allegori framleis er gyldig?

«Vi som ikke bygde Norge» er nok framleis eit bilete som mange kjenner seg att i, kanskje står det likevel for fall? Både 11.september og det sterke fokuset på klimaendringane det siste året, viser at både Noreg og heile den vestlege verda står ovanfor utfordringar som inneber at me må byggja samfunnet vårt på nytt. Som barn av det norske oljeeventyret er me ufriviljug blitt fanga i eit forbruksmønster og i ein livsstil som har brakt verda ut i ei djup økologisk krise, samtidig som me er ansvarlege for å finna løysinga på denne krisa.

Kva skal me så gjera for å koma ut av vår eksistensielle krise? Ifølge filosofen Hanna Arendt har livet to aspekt, eit privat og eit offentleg. Mennesket kan ikkje nå sitt fulle potensial utan å delta i begge desse sfærane, vår samtid sitt einsidige fokus på det private vert slik sett eit blindspor. Sjølv om mange deltek på den offentlege sfæren i nokre samanhengar, er det påfallande kor lite politisk aktive mange av oss er. Dersom det finnes ein veg ut av det desillusjonerte, er det ingen tvil om at den går gjennom engasjementet for noko anna og større enn vårt private velvære.

(På trykk i studentavisa Utropia i september 2007)

9 kommentarer:

Anne sa...

Har nett brukt laurdagskvelden på å bla gjennom bloggen din med godt selskap av eit glas vin (eller tre vart det vel). Triveleg, triveleg, kjendes nesten som gamle dagar på SJH...

Men sidan eg no er i det kvardagsfilosofiske hjørnet må eg stille meg noko kritisk til ditt innlegg om oss som definitivt ikkje bygde landet men som absolutt lever godt i det. Desillusjonerte seier du at vi er, og det kan det nok hende du har rett i, men eg kan ikkje sjå at du stiller spørsmål ved desse illusjonane som vi har mista. Å vere desillusjonert er kan hende negativt i utgangspunktet men dersom dei illusjonane ein hadde også var negative - er det då så ille? Sjølvsagt er det mogleg å leve eit liv som framstår som meiningsfullt, men då er vel nett det å frigjere seg frå tidlegare illusjonar om kva eit meiningsfullt liv inneheld naudsynt. Ja, vi er sikra i den norske velferdsstaten og ja, vi sit i det materielle klisteret (litt av eit paradoks når det kjem til stykket), men gjer dette oss desillusjonerte?

At det vaksne livet ikkje bringer det vi hadde trudd i form av arbeid som kjennest utfordrande og utviklande, er det kulturen, systemet, arbeidet eller den enkelte arbeidstakaren sin "feil"? Svaret vil vel som alltid vere ein kombinasjon men poenget er at dette er eit luksusproblem. Vi er komne til toppen av Maslows pyramide, og det mest på grunn av dei føregåande generasjonane, men maktar ikkje å fylle den siste, lille trekanten. Kan hende ligg desillusjonen i det at vi trudde at utfordringane og vår eiga utvikling skulle kome av seg sjølv så snart vi hadde kome oss gjennom ei utdanning og starta på det "virkelige" livet. Kan hende er den lange rekkja av kvardagar den utfordringa vi faktisk behøver?

Når det gjeld det private plan er vel også referanseramma det utslagsgjevande. Å "finne ein livsledsagar" som ein verkeleg passar saman med var neppe lettare før men det var heller ikkje ei reell problemstilling. Derimot var det slik at ein praktisk sett fekk ein del vanskar om ein ikkje hadde ein livsledsagar, spesielt som kvinne, og at ein difor måtte gjere det beste ut av den ein no hadde. Er det verkeleg slik at mennesket har eit grunnleggjande behov for å finne ein partner som ein skal halde seg til resten av livet? Eller er dette eit tillært behov som gjer oss forvirra fordi rammene for kva som er mogleg har vorte fullstendig endra i løpet av eit par generasjonar? Eg trur faktisk at svært mange av oss er nøgde med å kunne velge noko anna enn mor, far og to barn. Eg trur også at visjonane absolutt er til stade men dei rettast kan hende i større grad mot eit sosialt nettverk som ikkje er basert på å vere par.

Eg les refleksjonen din som eit rop etter engasjement - vi er generasjonen som ikkje trur på noko, ikkje kjempar for noko, vi manglar den "store saka" å brenne for. Eller kan hende er det for mange saker og for få resultat som drep trua vår på at det nyttar. Vi mobiliserer kjensler, tankar, ord og til en viss grad handling, men urettvisa renn på i ei fart vi knapt kan fatte. Og då er det lett å la det private velvære dominere, kan hende fordi vi veit vi kan tillate oss det. Lykke er eit begrep eg helst unngår men at deltaking er viktig for å kunne ha det bra tviler eg ikkje på. For å kome desillusjonen til livs må ein enten endre krava til tilveret eller gjere noko med tilveret. For vår generasjon trur eg det viktigaste er å innsjå at ein sjølv ikkje er sentrum for alle hendingar og at eit liv der det er flest jamne, grå kvardagar er like meiningsfullt som noko anna.

Sæbjørn Singelstad sa...

Truleg det mest interessante eg har lese på årevis!

Askild sa...

Takk for ein lang og innsiktsfull kommentar til innlegget mitt, Anne.

Du har rett i at at eg ikkje stiller spørsmål ved illusjonane mange av oss har mista. Dei burde likevel kunne lesast mellom linjene, illusjonane me har mista er mellom anna trua på den store kjærleiken og trua på eit berikande og utfordrande arbeidsliv. Når det gjeld vår lagnad som barn av ein generøs velferdsstat og ufriviljuge slavar av eit ikkje-berekraftig forbruk, har du nok rett i at dette berre er problematisk for eit fåtal. Sjølv er eg tildels desillusjonert på grunn av dette, visjonane eg hadde i åra mine i Aurland har nemleg vist seg å vera illusjonar. Uansett er eg rimeleg sikker på at denne lagnaden vil bli meir problematisk for mange i åra framover, spesielt når alvoret i dei menneskeskapte klimaendringane sig innover oss.

Elles er i all hovudsak einig i det du skriv, mykje av det ser eg ikkje som ei motsetning til det eg har skrevet. Sjølvsagt er draumen vår om den store, livslange kjærleiken sosialt skapt. Den forma den har idag er ein konsekvens av framveksten av det moderne samfunnet, med andre ord er denne forestillinga maksimalt 2-300 år.

Tanken bak denne teksten, var å visa at eit meiningsfullt liv fordrar eit engesjement som strekk seg utover den private sfæren. Dette er ikkje ein påstand som er i konflikt med erkjenninga av at det er den jamne, grå kvardagen som pregar eit liv. Snarare tvert om, kvardagen vert endå gråare dersom det private vert einerådande. Eg er uansett fullt klar over at dette er ein ambisiøs påstand, mange vil sikkert tenkja at eg er både arrogant og provoserande når eg skriv slikt. Det får våga seg, vår tid flaumer ikkje akkurat over av slike livsfortolkingar.

Uansett svar det veldig triveleg å lesa at du brukte laurdagskvelden på å drikka vin og lesa bloggen min, Anne. Eg er også glad for kritikken, utan motstand står me stille. Dette lignar no elles til forveksling våre vinkveldar i Aurland for ti år sidan, me må ta opp igjen den tradisjonen ein gong!

Anonym sa...

Interessant innlegg. Dette er nok likevel en kritikk av middelklassen, jeg tror verken analysen du gjør eller medisinen du foreskriver er spesielt relevant for de som er mer marginaliserte enn oss universitetsutdannede.

Glem heller ikke at også mange middelklassefolk har nok med å klare hverdagen. Disse idéene kan bare formuleres av en ressurssterk person.

Knut Rage sa...

"...likefullt er den også relevant for oss som er halvvaksne idag."

Halvvaksne - når ein har passert 30??? Ein 15-åring er halvvaksen.
Her ser me litt av problemet...

Anonym sa...

Å leve for noe større enn seg selv er kanskje utrolig viktig, men hva skulle det være? Det kunne være et stort prosjekt om å gjøre amasonas grønnere, ettersom grønt er så trendy for tiden..

Men et prosjekt som er initiert av noen utenfor mitt eget liv, og som jeg kan være stolt av å være med på, og samtidig ikke er noe fjas som egentlig ikke betyr noe i det lengre løp men hvor jeg kan spille en rolle som faktisk vil bli husket, for det er vel også viktig?

hva slags prosjekt kunne dette vært?

Anonym sa...

..Skandale!! Brette livet mitt ut på internetten på denne måten!? Dette forklarer hvorfor du alltid spør meg; "hvordan går det med deg Tor, sånn..EGENTLIG??.... mens du ler i skjegget og setter deg til datamaskina! ..Ska gje deg ei Djup økologisk krise eg, din hårete raddis!! ;) Blir vertfall en runde "kokkos" når jeg ser deg igjen... som straff for å gni elendigheten inn..! Takk ska du faen meg ha! ;)
Tor E.

Askild sa...

Anonym: Du har rett i at dette er skrevet av ein middelklassepenn. Samtidig er det å gå for langt å sei at den ikkje er relevant for andre. Uansett er den vel mest relevant for oss med høgare utdanning.

Knut: Ordet "halvvaksne" var litt dumt å velga her ja. I grunnen var det ironisk meint, eg er einig med deg i at ironi ikkje har noko i denne teksten å gjera.

Hoyd: Poenget var ikkje å sei at ein skal leva for noko som er større enn seg sjølv. Snarare treng me å få eit vidare engesjemet i liva våre enn det private. Det treng ikkje vera noko gigantprosjekt!

Tor: Beklager, eg ante aldri at du skulle lesa dette. Viss det kan vera ei trøyst, deler eg di sorg over å vera desillusjonert! Eg ser elles fram til "kokkos" neste gong me er på vakt ilag!

Sæbjørn Singelstad sa...

Eg må berre takka Tor (kven det no enn er) for ein vanvittig morosam kommentar! Eg lo så kroppen rista, og såg heile situasjonen vel for meg:-)