torsdag, mai 10, 2007

«My fifteen minutes of fame»


Fyrste gong eg fekk eit avisoppslag var eg seks år. Den gongen tente eg på og brann ned eit av uthusa på garden heime, og vegen var ikkje lang til hovudoppslag på framsida i lokalavisa. Sidan den gong, har eg med jamne mellomrom hatt mi tilmålte tid og plass i eter- og avismedium. Stort sett har eg vel hatt eitt og anna å melda om verdas skeive gang, det er heller ikkje fritt for at eg har stukket nasen fram når ein eller annan kjendis har vore i by'n. «We all have our fifteen minutes of fame», som britane seier.

No i helga var eg som så ofte før på helgerangel i Tromsø, slik har det lett for å bli etter ei lang veke på universitetsbiblioteket. Denne laurdagen var me på Reggaekveld på Verdensteateret, ein av uteplassane for oss som er heimehøyrande i akademia her i byen. Som ventande er, rann kvelden og halve natta vekk i eit surr av frilynt dans, nytappa mackøl og laust pisspreik. Innimellom halvlitrane, minnest nokre av oss at det kom ein fotograf bort til bordet vårt og ville ta bilete av oss til ei nettside ho kalte kjendis.no. Kvifor ikkje, tenkte me vel, dette må jo vera ei side for dei mest hardbarka nettsurfarane.

Eg kjem aldri til å undervurdera kjendis.no igjen. På måndag tikka det inn tekstmeldingar og meldingar i innboksen min på facebook om at eg var observert på kjendis.no! Dessutan meldte ei klassevennine frå barndommen at eg var hovudoppslag på den uofisielle heimesida til heimkommunen min, tysnesingen.no, under den tabloide overskrifta «Askild på by'n».

Me skal vel fyrst og fremst vera glade for at me vart fotograferte, det er faktisk ikkje alle forunt å få vist seg fram på rangel på ein såpass flittig besøkt nettstad som kjendis.no. Eg klarar likevel ikkje å fri meg frå tanken om kor lite kraft det er i dei tekstane eg skriv, i høve til dette eine biletet på kjendis.no. Når ein skriv innlegg i avisene om dobbeltmoralen i norsk politikk, eller om behovet for eit kompromisslaust miljøparti i den norske ålmenta (Miljøpartiet Dei Grøne), høyrer ein knapt eit knyst frå nokon. Skulle ein dog vera så heldig å bli fotografert av ei tabloid nettside i løpet av sin fortumla gang gjennom laurdagsnatta, får ein oppslag og merksemd som aldri før. Under slike tilhøve, kan ein lura på om tida er mogen for å leggja pennen frå seg?

Det høyrer óg med til soga at eg gjekk heim frå Verdensteateret den natta med eit par saftige bitemerke på høgre armen. Etter ein slik rangel, skal ingen skal sei at Tromsønatta er forutsigbar!

(Bilete: kjendis.no)

Link til tysnesingen.no sitt oppslag

6 kommentarer:

Knut Rage sa...

Kven var det som beit?

Ronny K sa...

Artig :)

Askild sa...

Eg kan nok ikkje avsløra kven som beit, då blir det bråk....

Målmannen sa...

Er du komen ut for bitvorne mållagsfolk du med, Askild? Velkomen etter, fær eg vel segja.

Misha BB sa...

Men Askild, nå er du jo kjendis: Det er jo nå du virkelig må ta fram penna og utnytte kjendisstatusen! B)

Askild sa...

Du har eit poeng der, Misha, eg må utnytta den statusen på ein eller annan måte.

Eg trudde sjølv dette var eit syltynt oppslag, men no ser eg at dette er det nest-mest leste oppslaget på tysnesingen den siste veka!