tirsdag, oktober 09, 2007

Den usagte sanninga


For tida er eg i praksis på ein ungdomsskule her i byen. På fredag er det tanken at eg skal undervisa i emnet «Klimapolitikken – eit lokalt og globalt ansvar». Korleis undervisa i vår sivilisasjon sin mogelege undergang? Korleis fortelja ein fjortenåring at om me skal tru eit stort fleirtal av dei vitskapsfolka som syslar med klima, så er verda på veg mot eit samanbrot?

Ovanfor meg sjølv, pleier eg alltid å svara at i lys av klimautfordringa, er det politiske engesjementet viktigare enn nokon gong. Om me skal unngå ukontrollerte klimaendringar som vil setja heile vår sivilisasjon i fare, er me avhengige av at me både som enkeltpersonar skapar nye forteljingar om kva som er det gode liv, og at me som samfunn set andre premissar for utviklinga enn det einsidige vekstperspektivet som pregar politikken i dag. Som nordmenn som flyt rundt på eit feitt oljefat, har me dessutan både eit spesielt ansvar og eit unikt handlingsrom for å vera med på å skapa eit samfunn som riv seg laus frå den oljebaserte teknologien og den einsidige veksttanken.

Men korleis formidla dette i ungdomsskulen? Korleis fortelja ein fjortenåring at ho lever i ein verden som har gått av hengslene, og som truleg vil kollapsa, både økonomisk og økologisk, i løpet av hennar levetid? Kan ein i det heile ta slike ord i bruk?

Eg har ingen svar på desse spørsmåla. Kanskje er det heller ikkje mogeleg å undervisa på ein måte som formidlar alvoret i klimautfordringa, samtidig som elevane blir inspirert til politisk handling bortanfor den dobbeltmoralen som pregar norsk og internasjonal klimapolitikk i dag?

Det er endå lenge til fredag. Det ender nok uansett med at eg ikkje vågar å ta steget så djupt inn i klimautfordringa som eg gjer i dette innlegget. Det får vera grenser for kva ein urøynd ungdomskulelærar skal våga seg på...

(Illustrasjon: www.mdbc.gov.aus)

3 kommentarer:

Øystein sa...

Mitt audmjuke råd er dette: ikkje undervurder 14-åringane. Eg trur ikkje dei er interessert i å bli lulla inn i halvsanningar, eg trur dei vil ha klar tale.

Eg er på mi side klimapessimist. Eg trur ikkje menneskeslekta vil greia å omstilla seg før det er for seint. Eg har til dømes sterke tvil på at land som India og Kina vil nekta seg å koma opp på vårt velferdsnivå. I ytterste konsekvens så likar eg dårlig å tenkja på ytterste konsekvens.

lukke til som lærar!

Askild sa...

Det har du rett i Øystein, undervurdering er nok det dummaste ein kan gjera. Det gjekk faktisk ganske ok med opplegget, det vart passe alvorleg og passe handlingsretta.

Det er nærliggjande å dela din klimapessimisme. Samtidig er både Kina og India er land som vil bli svært hardt råke av klimaendringane, dei har ikkje anna val enn å ta desse endringane på alvor. Eg er nok betinga optimist, sjølv om utfordringa synes nærast umogeleg i skrivande stund...

Lockert sa...

Heia Askild:)
Hehe....jeg underviste 17åringer i klimapolitikk og klimaproblemer i SL like før jul i fjor. Da var alle så utrolig bevisste og ville selvsagt endre verden. De begynte faktisk å bruke bussen mer og de var nøye med søppelsortering og diskuterte forbruk når det gjaldt klær, sko og assosiarer. Nå møter jeg dem i hver sin bil. 18 åringene er blitt våksne og råner nå rundt i hver sin bil og synes det er kjempekult! De kjører på butikken (1min unna) i friminuttene og gjerne også til gymsalen! Ja her må jeg si mine ord varte lenge..... Tror ikke vi må overvurdere disse ungdommene heller.....
Sees snart:)