Fylkespolitikar Edvin Eriksen frå SV fortset å bruka energien sin på å
angripa Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Nordlys 3.september. Eriksen har no
forlatt argumenta han brukte mot MDG i sitt førre innlegg i Nordlys 23.august, og
han har sidan sist kome til at det store problemet er at MDG splittar
miljørørsla og at partiet svekker støtta til miljøpolitikk på Stortinget.
Eriksen hevdar at MDG ikkje har noko makt på
Stortinget, og skriv: "Hvilke egne saker har Miljøpartiet fått flertall
for i stortinget så langt? Ikke en eneste en - naturlig nok." Nei, me har
ikkje fått fleirtal i Stortinget for våre saker endå. MDG har likevel greidd å
endra den politiske debatten om miljø og klima. I juli kunne me lesa at
lokalpolitikarane i Lofoten og Vesterålen var i ferd med å mista interessa for
petroleumsaktivitet. Omtrent samtidig talte Jonas Gahr Støre på AUF sitt
landsmøte og sa at Arbeiderpartiet sin lange tradisjon for å satsa på handel
med klimakvotar for å redusera klimagassutsleppa er feilslått.
Den renommerte
politiske kommentatoren Aslak Bonde skreiv i Morgenbladet 18.juli om kvifor norske
lokal- og rikspolitikarar har forandra syn på klima- og petroleumspolitikk. «Miljøpartiet de
Grønne har æren, eller skylden, for forandringene. Allerede i valgkampen
kunne man merke hvordan partiet bidro til at klima- og petroleumspolitikk ble
koblet tettere sammen. (…) Da fjorårets nykommer i partipolitikken tydelig
prioriterte klimapolitikk foran regjeringssamarbeid, ble det satt et kraftigere
søkelys på den politiske kompromisskulturen. Frem til da hadde miljøpartiene på
hver sin side av den politiske skillelinjen pekt på hverandre og sagt at det
uansett koalisjon var de store partiene som bestemte
olje- og gasspolitikken.» Eriksen sin påstand om at små parti ikkje har makt er
altså kraftig motbevist av MDG det siste året.
Ifølge Eriksen «fører etableringen av nye miljøpartier til
en oppsplitting av de kreftene som kunne ha dradd sammen for en forsvarlig og
god miljøpolitikk». MDG er ikkje noko nytt parti, partiet vart stifta i
1988 og har arbeidd for både miljøpolitikk og anna politikk i lokal- og
fylkespolitikk sidan tidleg på -90-talet. Sett i lys av det auka fokuset
miljøspørsmålet har fått i den politiske debatten det siste året, er det grunn
til å sei at MDG har styrka miljøinteressene på Stortinget og at miljørørsla
har betre grunnlag for framgang enn nokon gong før. Det siste året er det kome
opp saker på den politiske dagsordenen som miljøinteresserte veljarar berre
kunne drøyme om før MDG vart valt inn på Stortinget. Me har no fått eit parti som tør å fortelja veljarane
at miljøløysingane og fornybarsamfunnet faktisk er noko å trakta etter.
Dessutan har me endeleg eit parti som tør å sei at det einaste ansvarlege er å
starta nedtrappinga av petroleumsverksemda på norsk sokkel i ei verd der minst
2/3 av verda sine kjente førekomstar av fossile ressursar må bli liggande under
bakken om me skal unngå klimaendringar ute av kontroll. Miljørørsla er
sjølvsagt ikkje splitta, den har i staden betre vekstvilkår enn nokon gong!
Det
tydelege mønsteret av at MDG har skapt meir blest og oppslutnad om
miljøpolitikk blir også stadfesta av valresultata dei siste åra. Venstre, SV og
MDG blir ofte omtalt som dei mest tydelege miljøpartia i norsk politikk. I
stortingsvalet i 2009 fekk desse tre partia 9,4% oppslutnad, og Venstre og SV
hadde 13 representantar på Stortinget dei neste fire åra. I 2013 fekk dei same
tre partia 12,1% oppslutnad og no sit 17 representantar på Stortinget for dei
tre partia.
Eriksen er også irritert på at MDG i motsetnad til SV er
blokkuavhengige. Han skriv: "En
meningsfylt miljøkamp som gir resultater krever at vi samler oss mot de
kreftene som er skadelige for naturen og framtida vår - ikke at vi opptrer
«blokkuavhengig » og splittende". Her er me i MDG svært ueinige med SV!
Etter vår meining er det å knyta seg til den raude eller den blå blokka i norsk
politikk det same som å støtta dei kreftene som er skadelege for naturen og
framtida vår. Arbeiderpartiet sikrar at den raude blokka fører ein
uansvarleg miljø- og klimapolitikk, Frp og Høgre gjer det same for den blå
blokka.
Me treng eit parti som seier at miljøpolitikk er viktigare enn om ein
står på raud eller blå side i den tradisjonelle blokkpolitikken. Dersom Eriksen
og SV meiner alvor med å vera eit miljøparti, ynskjer me dei hjarteleg velkomne
i ei grøn blokk på Stortinget. Så tar me opp kampen mot den oljegrå blokka - i
lag!
Lesarinnlegg i Nordlys saman med Barbara Vögele
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar