torsdag, april 06, 2006

Nekrolog over ein Siemens Fujitsu

Eg har sett fram til denne torsdagen i meir enn ei veke. Sidan forrige måndag har eg nemleg arbeid hardt til meg å vera for å få ferdig ein artikkel om ståa i helsevesenet i den tredje verda, og dei siste dagane har eg hatt heimeeksamen i historie. Gleda var derfor stor då eg leverte heimeeksamen i totida i dag. Men kor lenge skulle eg få nyta fridomen av ferdiggjort arbeid og ein lenge etterlengta påskeferie i sikte? Ikkje meir enn ein liten time. Då oppdaga eg nemleg at min gode, treårsgamle bærbare pc var infisert av virus! Sjølv om det ikkje var snakk om det mykje omtalte og frykta fugleviruset, har konsekvensane vore like dramatiske, og innan kveldens kome er alle teikn til liv ebba ut og mi siste von om å blåsa liv i min gamle ledsagar faren.

Dette kan høyrast ut som ein dramatisk reaksjon på at noko så materalistisk som ein bærbar PC går til grunne. Men gløym no ikkje alle tekstane og bileta som forsvann då PC’en min slokna no i kveld. Her er affeksjonsverdiar for fleire titals tusen gått tapt, og kven kan sei meg kva verdien av MSN versjon 8.0 er? Nei og nei, korleis har eg gjort meg fortjent til dette? Og kvifor skulle det kosta akkurat meg så dyrt å få sanna det gamle visdomsordet: Stol aldri på ein mann utan backup.

No er altså biletarkivet mitt gått fløyten. Det kan få visse konsekvensar for bloggen min, sidan eg ikkje lenger har noko digitalt skattkammer og henta illustrerande bilete frå (slikt vågde eg aldri å sei om biletarkivet mitt før, men i kveld er tida moden for store ord). I kveld skriv er derfor mitt fyrste innlegg utan illustrasjon her på bloggen, eg skal ikkje la det bli ein uvane.

Det er ein tung kveld dette, men det gagnar vel ingen å kvila i sorga? Etter nokre døyvande glas vin i kveld, lovar eg å venda nasen framover att i mogon tidleg. Det står trass alt ein lat påskeferie for døra, då kjem det dagar med lesing, lausprat og fjellturar på Tysnes. Betre trøyst kan vel ingen be om?

Ingen kommentarer: