lørdag, april 01, 2006

Medisin for dei fattige?


Kvifor er det så få politiske aksjonar i vår tid? Det burde ikkje mangla på politiske saker å aksjonera mot, til dømes er Noreg sin utanrikspolitikk prega av ein slåande dobbeltmoral på stadig fleire område. Er solidaritet passé? Tenkjer folk at aksjonar ikkje er vår tids politiske verkemiddel? Eller har me nok med oss sjølv?

Her i byen er Attac Kongsbakken (som er byens eldste gymnas) eit sjeldan oppløftande unntak frå det triste inntrykket om at den politiske aksjonen er død. Då statsminister Jens Stoltenberg kom til filmfestivalen i Tromsø i januar for å heidra filmen om seg sjølv, vart han møtt av eit knippe aksjonistar frå Kongsbakken som krevde sletting av U-landsgjelda. Så seint som i føremiddag aksjonerte Attac Kongsbakken påny (sjå bilete), denne gongen mot Trips-avtalen, som i praksis har ein stor del av ansvaret for at mellom 1,3 og 2,1 milliardar menneske manglar tilgang til livsviktig medisin (tal frå WHO - Verdas Helseorganisasjon).

Kvifor skal me bry oss om Trips-avtalen? Gjennom WTO sikrar Trips-avtalen farmasøytiske selskap dei globale patentrettane til medisinane dei sjølv har utvikla. Dette høyres i utgangspunktet ut som ei god ordning, fordi dei farmasøytiske selskapa ikkje kan driva forsking og utvikling av ny medisin dersom dei ikkje får betalt for medisinane dei utviklar. Men dette er berre halve sanninga: Trips-avtalen hindrar også fleire hundre millionar menneske tilgang til livsviktig medisin, og 14 millionar menneske døyr kvart år fordi dei ikkje har råd til medisin. Samtidig er det eit faktum at 80% av medisinane i verda blir selt i den vestlege verda, i praksis ville den farmasøytiske industrien ha tapt ein svært liten andel av inntekta si om det vart gjort unntak frå patentrettane for livsviktige medisinar i fleire av dei fattigaste landa i sør.

Trips-avtalen hindrar altså fattige menneske tilgang til livsviktig medisin. Etter å ha fått innblikk i korleis den også legg til rette for at vestlege land og farmasøytiske selskap nærast kan driva utpressing av land i den tredje verda, er eg overtydd om at Trips-avtalen bryt saman den dagen han blir allmenn kjent. Eg rår derfor alle som har ein ledig time til å lesa kapittelet om medisin i den progressive helserapporten Global Health Watch: http://www.ghwatch.org/2005report/B2.pdf

Trips-avtalen er sørgeleg underdokumentert i norsk offentlighet. Eit søk på atekst viser at avtalen har blitt nevnt to gongar i norske aviser i løpet av dei tre fyrste månadane i 2006. Dette er spesielt skuffande fordi kunnskap om Trips-avtalen vil svekka legitimiteten til dei globale patentrettane: Innsikt i Trips-avtalen fører til motstand mot Trips-avtalen. Så enkelt er det.

Ingen kommentarer: