Kjedereglane har nådd bloggverda. Ein viss
Misha BB har gitt meg sisten, som betyr at eg må avsløra seks «rare» ting om meg sjølv. Denne formen for skriftemål er vel eit teikn på det endelege forfall i bloggarverda, skulle ikkje blogginga vera ein ny politisk og kulturell offentlighet?
Vel, i desse eksibisjonistiske tider er eg ikkje verre på det enn at eg meir enn gjerne avslører seks rare ting om meg sjølv. Denne kjederekka stoppar uansett her. Eg bryt med fullt overlegg
reglane, som er trøyttsam lesning. Desse seks relativt ukjente og rare fakta om meg, markerer slutten på ei kjedemailrekke:
1. I ungdommen var Ragnar Hovland (sjå bilete) favorittforfattaren min. Den gongen meinte eg at dette var hans mest innsiktsfulle tekst: «Eg er ikkje vanskeleg. Dei jentene som har lyst på meg, har eg lyst på.»
2. I 1982 sette eg fyr på mitt fyrste hus. Den brannen vart også mitt fyrste framsideoppslag i ei norsk avis.
3.I mange samanhengar er det vanskeleg å innrømma ovanfor seg sjølv at ein er i utakt med si eiga tid og sin eigen generasjon. I andre samanhengar, kjennest det som eit privelegium å vera utdatert. I den oppheta debatten på slutten av -90-talet om kor vidt toalettet i Uggdal kyrkje (på Tysnes) skulle vera eit utedo eller eit innedo, var eg stolt av å tilhøyra dei som forsvarte utedo-alternativet med nebb og klør. Det får vera grenser for kva ei kyrkje kan tillata seg, også i moderne tid.
4. Tidleg i tjueåra hadde eg ein Honda FZ50 automatgirsmoped med maksimalfart på 45 km/t på flate strekningar. Den gongen reiste frå bygd til bygd på mopeden i regionane aust og sør for Bergen, eg kunne køyra opp mot 400 kilometer på ein dag på veg til eit viktig oppdrag i ei eller anna bortgøymt bygd. Eg var likevel ingen reisande emissær i vestlansbygdene, i staden var eg ein høgst middelmådig assistentdommar på veg til viktige oppdrag i 3. og 4.divisjon i lokalfotballen i Sunnhordland og Hardanger.
5. I 1993, då eg var 18 år, var eg medskulding i at Lars Sponheim fekk ei rikspolitisk karriere. Eg misbrukte nemleg min fyrste stemmeseddel til å stemma Sponheim inn på Hordalandsbenken på tinget for partiet Venstre. Dette forklarar kvifor eg idag er prinsipiell motstandarar av at tenåringar skal ha stemmerett.
6. Det styggaste eg nokonsinne har tenkt: «Når eg blir stor, skal eg skaffa meg ei fin kone og ein god jobb. Eg skal dessutan kjøpa meg eit hus, ein bil, ein hund, eit stereoanlegg, ein elektrisk tannbørste, ein svær flatskjerm-TV med kabel, ei lita hytte på fjellet må det bli, og kva med snekke, treng ikkje alle ein tur på fjorden innimellom, og gløym no ikkje den store boksamlinga eg skal ha, det skal bli tider det, med hus, kone, ungar og eit stabilt liv og medlemsskap i NAF og pensjonsspareordning, og eg skal gå i full jobb slik at heile familien kan reisa på pakkeur til syden to veker i året, og om laurdagen skal eg drikka øl i ein mjuk sofa og sjå på fotball på Canal Pluss, og når sundagen kjem skal me gå tur med hunden og ungane i ein vakker lauvskog, og eg skal stå der i lauvskogen og kjenna på ei enkel glede, eg skal stå der og kjenna på at eg har alt eg har drøymt om å få, og då skal eg vel endeleg stå der og føla meg lukkeleg?».