søndag, mars 25, 2007

Kvifor vil folk bu på bygda?


Denne veka gjorde eg tidleg påskeretrett til Tysnes for å ta att alt det pensumet eg ikkje har fått lese til no i semesteret. Ingen kaffibar, verdsvevsforbindelse eller ølstove freistar mitt urbane middelklassesinn her i bygda.

Eg har no likevel tatt meg tid til å oppdatera meg på kva som har skjedd på Tysnes sidan sist. I kveld har eg nemleg lese dei siste utgåvene av lokalavisa Tysnes frå perm til perm. I korttekst, er det kommunevalget, fråflytting og lokal næringsutvikling som har stjåle overskriftene dei siste vekene. Fråflyttingsdebatten interesserer meg naturleg nok mest, sidan eg i mange år var ein uttalt bygde- og gardsromantikar.

I debatten om kva øykommunen Tysnes med sine 2700 innbyggjarar treng for å få fleire til å bli bufaste på øya, dominerer storslegne planar om rådyre vegutbyggingar og gigantiske hengebruprosjekt. Dei siste vekene har attpåtil eit par av dei lokale politiske partia lansert ein hovudlaus plan om eit badeland til 20-30 millionar.

I all hovudsak meiner eg at alle desse planane byggjer på ei grunnleggjande misforståing om kva som er verdien i å bu på bygda. Eg kjenner ingen som vil flytta på landet fordi dei trur at bygda kan konkurrera med byen i utval av fritidstilbod eller i vegstandard. I staden er det nærleiken til naturen og verdien av å kunne leva langsommare, som får folk til å ynskja og flytta til bygda. I lys av dette, må målet for Tysnes i åra framover vera å bevara mest mogeleg urørt natur og halda i hevd eit tradisjonelt kulturlandskap. Desse natur- og kulturverdiane må setja premisset for både vegutbygginga og for næringsutviklinga. Derfor er både planane om kyststamveg over Tysnes og planane for utbygging av Onarheimsvassdraget, feilslegne prosjekt i eit busetjingsperspektiv.

Etter mitt syn, er Tysnes si hovudutfordring snarare eit mentalitetsproblem enn eit vegproblem. Fyrst og fremst fordi folk her altfor eksluderande ovanfor nye innflyttarar. Nokre av dei tilflyttarane eg kjenner her i bygda, er knapt nok integrerte etter å ha budd her i over 20 år. Eg har budd på omkring 10-12 ulike stader i inn- og utland dei siste åra, av desse regnar eg berre Stord som like eksluderande som Tysnes.

Reisetida frå Tysnes til Bergen er omlag ein og ein halv time idag. I løpet av nokre år vil den vera nede i ein time. Den dagen det skjer, er det truleg berre den eksluderande bygdementaliteten som kan hindra Tysnes frå å bli ein av dei raskast veksande kommunane i Hordaland.

5 kommentarer:

Misha BB sa...

"kjenner ingen som vil flytta på landet fordi dei trur at bygda kan konkurrera med byen i utval av fritidstilbod eller i vegstandard"

Tja, men jeg vet av en del som ikke vil bo i bygda si fordi den *ikke har fritidstilbud i det hele tatt*.

Når det er sagt, er jeg enig med det meste du skriver her: Naturopplevelsene kommer til å bli distrikts-Norges store trumfkort for fortsatt bosetning, og den største oppgaven er å temme bygdedyret.

...Og når bygda ligger én time fra en av Norges største byer trur jeg den er sikra overlevelse, egentlig.

Knut Rage sa...

Dette er pinadø det beste innlegget eg nokon gong har lese innan denne debatten. 100% samd i alt du skriv. Eg er sjølv oppvaksen på Byhaugen i Stavanger, 10 min frå sentrum og har seinare i alle år budd i Trondheim og Bergen sentrum, i tillegg til at eg hadde arbeidet mitt i Oslo i 21 år (rett nok med heimekontor) - så storbyar veit eg alt om. Eg er dessutan noko så sjeldant som, vaskekte bygut mange generasjonar attende både på mors- (Bergen) og farssida (Stavanger).
Det var byen me flytta FRÅ - det var dei landlege verdiane me flytta TIL. Dette innlegget burde du senda Tysnes. Men sjå kva som skjer då - det vil koma ein storm av innlegg og sabla deg nord og ned. Eg er bekymra for tysnesingane som ikkje ser kva for verdiar dei sit på - natur, eit reint miljø, bortimot null kriminalitet, gode offentlege tilbod - og så skal dei leika trendy og bli noko større. Bønder i byn, spør du meg!

Askild sa...

Takk for det, Knut!

Hehe, eg hadde nok fått passet påskrevet om eg sendte dette til "Bladet Tysnes", ja. Mange kunne kanskje ha vore einige i at det vert satsa for mykje på vegprosjekt, men kritikken mot mentaliteten på Tysnes ville nok ha blitt for dryg kost for dei fleste tysnesingar.

Eg skal tenkja på det. Kanskje eg skriv litt om, og gjer ein litt mildare versjon klar for almugens hets!

Målmannen sa...

Dei som er mest ihuga for vegutbyggjing bør vel tenkja litt på korleis dei møter dei som kjem til øyni. Når ein ser på kva som hender på Sotra, Askøy og andre vekstkommunar kring Bergen so er det nok det største trugsmålet for bygdekulturen å verta valsa ned av hopetals innflytjarar som fyrst og fremst reknar seg som bergensarar.

Anonym sa...

Eg veit eg kjem litt seint med ein kommentar til dette innlegget, men eg klarte ikkje dy meg då eg las det. eg er så hjartans enig. Og kan relatere det som hender på Tysnes nett no til bygda eg kjem frå, det er nett dei same haldningane og dei same diskusjonane som vert tekne opp i lokalavisa mi. Når sant skal seias er eg jo utflytten sjølv, men det er vel då me endelig får på oss nye briller som det heiter på fint.