søndag, mars 11, 2007

Kjedereglar som skriftemål


Kjedereglane har nådd bloggverda. Ein viss Misha BB har gitt meg sisten, som betyr at eg må avsløra seks «rare» ting om meg sjølv. Denne formen for skriftemål er vel eit teikn på det endelege forfall i bloggarverda, skulle ikkje blogginga vera ein ny politisk og kulturell offentlighet?

Vel, i desse eksibisjonistiske tider er eg ikkje verre på det enn at eg meir enn gjerne avslører seks rare ting om meg sjølv. Denne kjederekka stoppar uansett her. Eg bryt med fullt overlegg reglane, som er trøyttsam lesning. Desse seks relativt ukjente og rare fakta om meg, markerer slutten på ei kjedemailrekke:

1. I ungdommen var Ragnar Hovland (sjå bilete) favorittforfattaren min. Den gongen meinte eg at dette var hans mest innsiktsfulle tekst: «Eg er ikkje vanskeleg. Dei jentene som har lyst på meg, har eg lyst på.»

2. I 1982 sette eg fyr på mitt fyrste hus. Den brannen vart også mitt fyrste framsideoppslag i ei norsk avis.

3.I mange samanhengar er det vanskeleg å innrømma ovanfor seg sjølv at ein er i utakt med si eiga tid og sin eigen generasjon. I andre samanhengar, kjennest det som eit privelegium å vera utdatert. I den oppheta debatten på slutten av -90-talet om kor vidt toalettet i Uggdal kyrkje (på Tysnes) skulle vera eit utedo eller eit innedo, var eg stolt av å tilhøyra dei som forsvarte utedo-alternativet med nebb og klør. Det får vera grenser for kva ei kyrkje kan tillata seg, også i moderne tid.

4. Tidleg i tjueåra hadde eg ein Honda FZ50 automatgirsmoped med maksimalfart på 45 km/t på flate strekningar. Den gongen reiste frå bygd til bygd på mopeden i regionane aust og sør for Bergen, eg kunne køyra opp mot 400 kilometer på ein dag på veg til eit viktig oppdrag i ei eller anna bortgøymt bygd. Eg var likevel ingen reisande emissær i vestlansbygdene, i staden var eg ein høgst middelmådig assistentdommar på veg til viktige oppdrag i 3. og 4.divisjon i lokalfotballen i Sunnhordland og Hardanger.

5. I 1993, då eg var 18 år, var eg medskulding i at Lars Sponheim fekk ei rikspolitisk karriere. Eg misbrukte nemleg min fyrste stemmeseddel til å stemma Sponheim inn på Hordalandsbenken på tinget for partiet Venstre. Dette forklarar kvifor eg idag er prinsipiell motstandarar av at tenåringar skal ha stemmerett.

6. Det styggaste eg nokonsinne har tenkt: «Når eg blir stor, skal eg skaffa meg ei fin kone og ein god jobb. Eg skal dessutan kjøpa meg eit hus, ein bil, ein hund, eit stereoanlegg, ein elektrisk tannbørste, ein svær flatskjerm-TV med kabel, ei lita hytte på fjellet må det bli, og kva med snekke, treng ikkje alle ein tur på fjorden innimellom, og gløym no ikkje den store boksamlinga eg skal ha, det skal bli tider det, med hus, kone, ungar og eit stabilt liv og medlemsskap i NAF og pensjonsspareordning, og eg skal gå i full jobb slik at heile familien kan reisa på pakkeur til syden to veker i året, og om laurdagen skal eg drikka øl i ein mjuk sofa og sjå på fotball på Canal Pluss, og når sundagen kjem skal me gå tur med hunden og ungane i ein vakker lauvskog, og eg skal stå der i lauvskogen og kjenna på ei enkel glede, eg skal stå der og kjenna på at eg har alt eg har drøymt om å få, og då skal eg vel endeleg stå der og føla meg lukkeleg?».

10 kommentarer:

Målmannen sa...

Kvifor skriv du stødt "offentlighet" når du kann skriva ålmenta? Det skaper diskontinuitet i målføringi at du fyller ein elles god nynorsk med slike ord og segjemåtar (um lag som å høyra hakk i plata når du lyttar til ein fin melodi). Elles takk for mykje "rar" informasjon.

Olav

Askild sa...

Du har eit poeng der. Samtidig må eg innrømma at det er ein del nynorskord eg ikkje er så komfortabel med, "ålmenta" er eit av desse. Det kan henda at eg er umusikalsk, men i mitt øyre gjev det førebels eit større hakk i plata å skriva "ålmenta" enn å skriva "offentlighet".

Årsaka til dette hakket når eg skriv "ålmenta", er nok at eg er redd for at folk ikkje skal forstå ordet. Denne tankemåten blir jo lett ein sjølvoppfyllande profeti, så eg skal prøva å skjerpa meg!

Misha BB sa...

Jeg skulle likt å kommentere dette, men jeg forsto ikke den første kommentaren.

Beklager at jeg kjeder deg med kjedemail, men responsen var jaffal interessant lesning.

Angående punkt fem kan vi alle gjøre feil. Jeg har sjølv hjulpet Pia Svensgaard opp og fram i den tro at jeg stemte SV...

Askild sa...

Hmmm...ikkje bra dette her Misha. Du som er ein av dei siste samnorskmennene burde forstå at "ålmenta" er eit nynorsk synonym for "offentlighet".

Olav er elles ein av den sjeldne rasen nynorskbrukarar som meiner at 1917-landsmålsnormalen er det einaste legitime norske skriftspråket. Slik sett er dåke nok så ulike i språksyn som det er mogeleg å bli, tanken om eit samnorsk kompromisspråk mellom nynorsk og bokmål er ein mardraum for dei som skriv landsmål etter 1917-normalen.

Sjølv flørta eg med desse tankane i (om å skriva etter 1917-normalen) i ungdommen, idag må eg likevel seiast å vera ein fråfallen. Det er nærliggjande å sjå på meg som ein medvitslaus nynorskbrukar som skriv dei orda som fell meg naturleg. Eg lovar likevel å ta meg noko meir i akt i tida framover, bli ikkje overraska om du får lesa ord som åtgaum, turvande, um og det som verre er på denne sida i framtida.

Misha BB sa...

Isåfall bli det nok vanskelig for meg å heng med i svingan. Jeg har ikkje hatt nynorsk på skolen siden første klasse på videregåandes - etter det fikk jeg lov til å bytt det ut med nordsamisk.

Samnorsken er ikkje død, den bare sover! :)

Anonym sa...

snubblade in på din sida efter inte varit här på lååång tid, och lurade lite på din punkt 6 (eftersom jag absolut inte kan hänga med i nynorskdebatten!): det där tror jag att de flesta har tänkt (och lever efter) eftersom det är det som är "normen" för ett liv (det berömda hamsterhjuet!). Det representerar väl den breda vägen och i min erfarenhet så får man försvara, eller i alla fall ofta motivera, sitt "annorlunda eller avvikande" livsval. Så trist...
Fast mest förvånad blev jag väl att du önskade dig en öl på lördagen, jag trodde att det var portvin som gällde! ;)
Klem,
Charlotte

Askild sa...

For det meste lever eg langt frå denne draumen, men dei siste månadane har eg levd så ufokusert og vore så kvilelaus at tanken om ei fastare, meir borgarleg ramme om kvardagen har tiltalt meg. Du har nok rett i at ein berre må forsvara dei livsvala som bryt med normen, men det er jo også bra! Diskusjon om kva som er det gode livet, treng me meir av!

Artig at du var innom bloggen min igjen, me får ta eit glas portvin eller tre når du flyttar til Bergen!

Misha BB sa...

Jeg må vær ganske borgerlig, for punkt nummer seks tiltaler meg voldsomt.

Unntatt at flatskjerm-TV skal byttes ut med en datamaskin med god skjerm, fotballen byttes ut med en god leiefilm og Syden byttes ut med, vel, litt mer østlige reisemål.

Og hva i all verden er NAF?

Anonym sa...

og når jeg leser teksten litt nærmere kan jeg vel heller ikke sies å ha lyst på "ein bil, ein hund eller ein elektrisk tannbørste".

Ikke det at jeg per se ser noe normativt gæernt med noen av disse tingene (så lenge man ikke bruker bilen når det ikke trengs - og hunden er større enn en brødboks, lavere enn et stuebord).

Hvorfor er dette en stygg tanke?

Askild sa...

Tanken er vel å visa at det ikkje er nokon samanheng mellom å ha alle desse tinga og å føla som eg gjer i siste setningen: "...og då skal eg vel stå der å føla meg lukkeleg?".

Når ein lever innanfor ein nordisk velferdsstatsmodell, er rikdom, eigedom og (tildels) ekteskap irrelevant for kor lukkeleg ein er.

Det er i hvert fall mi erfaring!