
I desse dagar, kor ein nærast dagstøtt les oppslag om einkvan som hevdar at islam er eit alvorleg trugsmål mot dei vestlege demokratia, har det vore oppløftande å lesa Joakim Hammerlin si bok Terrorindustrien.
Hammerlin snur islam-trugsmålet på hovudet, og hevdar i staden at det er dei vestlege landa sitt forsøk på å eliminera terrorfaren som trugar demokratiet. «Krigen mot terror» er eit meir alvorleg trugsmål mot demokratiet enn terror i seg sjølv nokon gong har vore: «Det etableres sterkere politisk kontroll over pressen og akademia, og borgernes politiske handlingsrom, herunder demonstrasjonsretten og ytringsfriheten, innskrenkes. Situasjonen er at kjerneverdier i vestlige liberale demokratier er truet, og det for å bekjempe en fiende som har tatt færre liv enn lynnedslag.»
Dessverre er det alt for få som ser dei farane som Hammerlin ser i den utbredte overvakinga og dei innskrenka personrettane som frykten for terror generelt og islam spesielt fører med seg. I staden ser det ut til at nokre få terroranslag mot USA og Europa, har ført til ei utbredt oppfatning om at me må tola overvaking og innskrenka demokratiske rettar så lenge dei er verkemiddel i «krigen mot terror».
Den norske sosiologen Stein Ringen hevdar i boka «Hvorfor demokrati?» (2007) at mange av dei europeiske demokratia er truga mellom anna fordi den jamne borgar ser demokratiet som sjølvsagt, og fordi han eller ho ikkje lenger kan identifisera kva for verdiar som er dei demokratiske. Sjølv har eg til no tenkt at Ringen sin diagnose har vore noko overdriven, fordi dei fleste av oss vil forsvara demokratiet så snart me oppfattar det som truga. Etter å ha lese Hammerlin sine skildringar av dei innskrenkingane av demokratiske rettighetar som har skjedd nesten utan motstand etter 11.september, blir ein merksam på kor lite dei demokratiske verdiane er verdt i møte med eit såpass ubetydeleg trugsmål som terror trass alt er. Hammerlin viser at sentrale demokratiske verdiar som ytringsfridom, personvern og demonstrasjonsretten er blitt tildels sterkt svekka, utan at me ein gong har hatt ein diskusjon om dette som har prega det offentlege ordskiftet.
Den forkvakla norske integreringsdebatten, som i liten grad dreier seg om det reelle politiske handlingsrommet me har i integreringspolitikken, er med på å skapa eit politisk klima kor det er blitt legitimt å setja til side fleire av våre mest sentrale demokratiske verdiar. Kor lenge skal me venta før den jamne borgar oppdagar at vår eigen irrasjonelle frykt er eit langt sterkare trugsmål mot demokratiet enn nokon framand kultur?