torsdag, mars 23, 2006

Ta sjansen - bli forført!



For eit par månader sidan leste eg ein leiarartikkel i Klassekampen om den nye boka til den høgt respekterte biologen James Lovelock. Leiarartikken refererte til eit større oppslag i den danske avisa Information, kor Lovelock sin nye teori om den globale oppvarminga blir presentert. I korttekst hevdar Lovelock at me allerede har nådd den kritiske grensa for utslepp av klimagassar, og at brorparten av jorda vil vera ubebudd i 2100, fordi temperaturen har steget med mellom 9 og 11 grader. Etter å ha lese dette i Klassekampen, fann eg fort vegen til avishylla på UB kor eg leste 4 tettskrevne sider om Lovelock sin teori i Information. I Noreg gav både Klassekampen og Morgenbladet Lovelock avmålt spalteplass, men ingen av avisene var nær den grundige og problematiserande dekninga til Information.

Poenget mitt i denne samanhengen er ikkje at eg førebur meg på sivilisasjonens samanbrot, men at eg dei siste to månadane har fått eit nytt referansepunkt i kvardagen. Nesten kvar einaste formiddag rasar eg rett bort til avishylla på UB når eg kjem til universitetet. Eg er nemleg blitt så avhengig av Information sidan eg las det oppslaget i januar, at eg ikkje kan gå glipp av ei einaste utgåve.

Sjølv om dette kan høyras svermerisk og umodent ut, har eg latt meg villig forføra av mi nye favorittavis. Information har nemleg det meste ein venstreradikal avisjunkie kan drøyma om. Den har stor utanriksdel, tydlege og grundige leiar- og kommentarskribentar og djuptpløyande temaartiklar mellom mykje anna. Information er kort sagt meir kunnskapsrik, utfordrande og grundig enn alle norske aviser. Til deg som likar å bli inspirert av det skrivne ord: Begynn å lesa Information!

2 kommentarer:

Ida sa...

Hei, Askild! Velkommen til bloggverdenen. Hvem er den høgreiste fredsforskeren?

Knut Rage sa...

Hei Askild - Kjekt å lesa bloggen din! Eg driv også ein blogg, "Bibliotekreisa" bibliotekreisa.blogspot.com der eg nett passerte innlegg nr. 100. Så velkomen etter. Eg kjem til å vera ein flittig lesar av bloggen din frametter. Men at blogging skulle vera postmoderne i tydinga noko negativt..????