søndag, mars 26, 2006

I skuggen av solnedgangen



I ettermiddag kom eg endeleg heim igjen til Tønsvika etter ei nokså travel arbeidshelg på Åsgård (psykiatrisk sjukehus i Tromsø). Sjølv om eg har hatt ei god helg på jobb i byen, er det få opplevingar som er like gode som å koma heim til sol frå skyfri himmel ein snøtung sundags ettermiddag i Tønsvika.

Etter at eg kom heim, har eg ikkje vore verre på det enn at eg har nytt ein ettermiddag og ein kveld som framstår som reine latmannslivet: Eg har drukket fleire koppar kaffi ved kjøkenvinduet i selskap av ein forbiletleg solnedgang (sjå bilete over). Etter solnedgang fulgte eg Brann sitt bitre treningskamp-nederlag mot Viking på nettet, i selskap av endå fleire kaffikoppar. Før kvelden kom har eg dessutan stia to sauer og tre kattar, og bore i hus ved for nokre dagar. No har eg fyrt i peisen og sit attpåtil og nyt eit langsamt glas raudvin medan eg les essayet ”Stillhetens historie” av Peter Englund.

Bakdelen med denne late sundagsidyllen er at eg har ei sjeldan travel veke framfor meg, fordi eg skal skriva ein større artikkel for eit tidsskrift, levera ein heimeeksamen i historie og vera debattleiar på eit seminar om ”Frihandel og fattigdom” før veka er omme. Eg førebur meg altså til årets travlaste veke med å lesa irrelevante essay, surfa på nettet, drikk kartongvin og tenkja på alt anna enn det eg eigentleg burde bruka tida mi på.

På sitt vis illustrerer vel denne kvelden paradokset i store delar av mitt (og mange andre sitt?) vaksne liv: Det er det neste vinglaset og nytinga som ligg i augneblinken som har fått styra dagane og åra mine. Dei viktige oppgåvene og dei lange linjene har som oftast levd eit tilbaketrekt liv i skuggen. Kven veit, kanskje trives me menneske best med å ha det slik?

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg tror eg kjenner denne karen godt fra økologisk jordbrukskule i Aurland, mest av alt husker eg han fordypt i bøker bak fortrekte gardiner nippende til et glas vin og med et tent stearinlys. En framifra kar.