onsdag, mars 22, 2006

Tid for blogg?

Til no har eg regna blogging som ei postmoderne, djupt ironisk uttrykksform. Slik sett har eg lenge tenkt at dette ikkje kan vera noko for meg. Men også her har tida forandra seg, og etter å ha surfa litt i ulike bloggar den siste tida har eg kome til at eg vil starta min eigen blogg. Førebels har eg ingen andre ambisjonar enn at eg skal skriva nokre linjer om samanhengen mellom småskala sauedrift og eit globalt politisk engasjement eit par kveldar i veka. Men det kan no kanskje óg vera nok som eit utgangspunkt? Følg med på denne sida!

1 kommentar:

Knut Rage sa...

Det er faktisk dei "smale" bloggane som er avgrensa til heilt spesielle tema som får flest lesarar og vekkjer størst engasjement (las eg nyleg ein stad).