onsdag, mars 29, 2006

Vorspiel for vidarekomne


Alle som har vore på vorspiel i eit studentmiljø har vel på eit eller anna tidspunkt kome ut for den store frihandelsdebatten. Debatten artar seg vanlegvis som følger: Ein høgremann av ukjent valør (Høgre, Venstre eller Frp for å nevna nokre) tar til orde for at han (det er alltid ein han) har funnet medisinen for verdas fattige: Frihandel. Rette vedkomande hevdar sjølvsikkert at den økonomiske globaliseringa som har kome med frihandelsavtalane dei siste åra vil føra til økonomisk vekst i sør. Men ikkje berre det, frihandel er også medisinen som skal bringa velstand, utdanning og betre helse til dei fattigaste.

Desse påstandane blir sjølvsagt hardnakka tilbakevist av alle som har ein fot eller ei tå på venstresida: Vis oss det landet som har utvikla seg til rikdom utan å fyrst gå gjennom ein vekstperiode med vern av innanlands produksjon? Frihandelsavtalane forhindrar både ei offensiv utbygging av det offentlege og andre former for ekspansiv finanspolitikk ved å leggja sterke føringar på offentlege investeringar gjennom inflasjonsmål i land i sør. Er slike økonomiske føringar rettferdige?

I morgon arrangerer me i Attac Tromsø debattmøte om desse spørsmåla, det er tid for å ta debatten eit steg vidare enn me maktar på vorspiela. Som innleiarar har me fått Magnus Marsdal (nyss avgått Attac-leiar) og Lars-Henrik Micaelsen (leiar i Unge Venstre). Ta turen innom Kulturhuset klokka 20 i morgon kveld (torsdag)!

Til dåke som ikkje bur i Tromsø: Rapport følgjer på denne sida i løpet av fredag!

(Det illustrerande vorspiel-biletet er forøvrig frå eit karneval i mitt gamle kollektiv Konkylien. Det er ingen løyndom at dagsorden låg langt bortanfor frihandelsdebatten den kvelden.)

3 kommentarer:

Misha BB sa...

Fett bilde. Sukk, verden trenger flere karneval...

Knut Rage sa...

Eg kan vera samd med deg i mykje av dette, men eg trur ikkje ein vinn noko på å gjera dette til ein anten-eller debatt. Som Høgre-mann vil eg gjerne påpeika flg. moment:
1) Dei aller fleste fattige landa i dag er politiske diktatur, ofte muslimske og med valdlege interne konfliktar
2) Land med demokrati, eit fungerande rettsstell og marknadsøkonomi klarar seg bra
3) Det trengst ei overstatleg lovgjeving/ regulering av dei multinasjonale selskapa. Kapitalisme utan regulering og demokratisk styring er aldri bra.

Eg er klår over den utbyttinga som er i dag. Men eg ser ikkje på omgrepet "frihandel" som noko negativt. For meg tyder det import av varer direkte fra forhandlar eller produsent utan fordyrande mellomledd, toll eller andre barrierar. Med "frihandel" meinast ikkje at den fattige produsenten skal gje vekk varene sinme for ein slikk og ingenting. Pr. i dag får ein kaffibonde 50 øre for eit kilo kaffi som me betalar 55 kr. for i Noreg. Her er det snarare mellomledda enn den frie handelen som bør vekk.

Anonym sa...

Hei Askild.
Enig med innlegget ditt, og må konstatere at vi fikk en god debatt om det her på internasjonalt seminar! Va forresten noen vanvittig kjekke folk på det bilde der:)