søndag, november 12, 2006

Dødens elegi


"Døden inngikk ikke i min utdannelse. I løpet av tolv år på skolen og femten år ved forskjellige universiteter fikk jeg aldri noen utdannelse i kunsten å dø. Jeg tror ikke engang døden noengang ble nevnt."

Slik skriv Sven Lindquist i boka "Uttrydd hver eneste jævel". Denne og nokre andre tekstar eg har lese i det siste, har fått meg til å venda tilbake til refleksjonane over det moderne samfunnet sitt forhold til døden.

For nokre år sidan opplevde eg å bli brått og uventa alvorleg sjuk. Det vil vera feil å sei at eg var livstruande sjuk, snarare opplevde eg ein ny kvardag som skilte seg fundamentalt frå det livet eg til då hadde levd. I ein månads tid opplevde eg så stor smerte, at eg berre fann kvile i tanken på å døy. For meg, som fram til då hadde sett på livet som djupt meiningsfullt, vart dette naturleg nok ei skjelsetjande oppleving.

Mine tunge dagar endte etter nokre veker, og eg har for lenge sidan vendt tilbake til kjensla av at dei fleste kvardagar er gode dagar. Like fullt er det noko som har forandra seg etter denne opplevinga.

Det er vanleg å hevda at årsaka til at døden nærast er usynleg som eksistensielt problem i det moderne samfunnet, er at døden er den eine livserfaringa som ikkje lar seg forklara gjennom moderniteten sine forklaringsmodellar. Døden representerer noko anna enn alle dei andre problema me er stilt ovanfor. Døden lar seg ikkje fornekta eller helbreda, døden er endeleg og slik sett irrasjonell i eit moderne samfunn. Kan dette vera årsaka til at døden er blitt eit tabuemne i det offentlege rom?

Det manglar ikkje på treningsråd, livstilsråd, ernæringsråd og legeråd som skal rettleia oss i korleis me skal halda døden på avstand så lenge som mogeleg. Det som manglar er erkjenninga av døden som ein naturleg del av livet. Kva for konsekvensar har det at denne erkjenninga er blitt ukjent for oss i det moderne samfunnet? Mest iaugnefallande er det truleg at me har mista evna til å snakka om døden, både når nokon nær oss døyr eller når nokon me kjenner får veta at dei snart skal døy.

Ein anna konsekvens av at døden er blitt eit tabuemne, er at me har fått eit svakare forhold til døden som eksistensielt problem. Sjølv om livet sin midlertidige eksistens synes innlysande og sjølvsagt ved fyrste augnekast, vil eg hevda at alt for få har tatt innover seg konsekvensane av ei slik innsikt. Med overhengande fare for å verka moraliserande, trur eg at dei som har erkjent døden, både vil gjera andre livsval og setja større pris på livet sin kvardagslege gang, enn dei som ikkje har det.

"Dødens oppgave er å tvinge mennesket til vesentlighet", skriv Lindquist i boka si. Det er freistande å gje han rett.

5 kommentarer:

Askild sa...

Eg har vore svært usikker på om eg skulle leggja dette innlegget om "Død og modernitet" ut på bloggen.

Ikkje fordi eg synes det er spesielt ubehageleg å vera såpass personleg i eit blogginnlegg, snarare fordi eg er redd for at eit slikt emne er for tungt fordøyeleg for bloggmediet.

Kanskje har eg no skremt vekk nokre surfarar frå bloggen min, det får heller våga seg. Enkelte tema er for viktige til å oversjå, også i bloggverda...

bigdaddy sa...

Jeg synes det er bra at du har lagt det ut. Grunnen til at vi andre (jeg :))abonnerer på siden din er at du gir en forfriskende annerledes måte å se på verden på.

Det andre som er så bra med bloggen din er at selv om jeg til tider er helt uenig med deg, så skriver du ærlig og jeg har hittil ikke klart å gjennomskue noen skjult agenda.


Så bare å kjør på med det du har.

Når det gjelder emnet om døden så er jeg helt enig med deg i det. Jeg synes du har gjort deg noen gode tanker. Og du har en bra analyse. Det skal bli spennende å se om og evt hva samfunnet gjør med dette.

Knut Rage sa...

Eg las med stor interesse innlegget ditt i Kjøkkenvinduet mot fjorden, der du snakkar om eit av vår tids store tabu - døden. Eg sit med mykje av dei same røynslene. Eg har verkeleg vore dødssjuk og langvarig alvorleg sjuk, eg har vore operert to gonger for svulst på hjernen, eg har hatt epileptiske anfall, kvelningsanfall og har permanente nevrologiske dysfunksjonar. Eg har med andre ord hatt - og har - eit nært forhold til min eigen invaliditet og død.

For meg har det vore tunge stunder. Men med dei røynslene eg har kjent på kroppen har eg lært å setja liv og død i perspektiv. Eg har lært å gleda meg over livet ved å snu einskilde verdiar på hovudet. Eigentleg bør ein øva seg på å døy frå barnsbein av - det vil seia, øva seg på å leva. For det botnar vel til sjuande og sist i ein problematikk som har med eksistensielle spørsmål å gjera enn med døden i seg sjølv.

Men det er ikkje berre døden som er tabu. Det gjeld også sjukdom. Med mine hjerneskader og funksjonshemmingar er eg i fullt arbeid, fordi eg har funne noko som passar for meg. Mange menneske skjønar lite av sjukdom, dei lukkar øyrene for det og insisterer på at alle skal vera friske og aldri døy.

Misha BB sa...

Dette var et fantastisk innlegg, Askild, jeg er glad for at du la det ut. Skikkelig tankemat, og her er noen av de tankene jeg gjør meg:

Det ser ut som du mener det å være bevisst på døden har en verdi. Jeg vil stille spørsmål ved dette: Hva kan egentlig et menneske som ikke tror på et liv etter døden få ut av å være bevisst på døden?

Hvordan kan en dødsbevissthet som innebærer troen på at man kommer til å bli "sletta" helt og holdent ved livets ende, egentlig bidra til, annet enn desperasjon?

Min personlige konklusjon er: Det er bedre å tenke minst mulig på døden, for å gjøre dét kan bare forringe min opplevelse av livet.

Hva er det konstruktive ved dødsbevissthet for en som ikke tror på noe som helst etter døden?

En annen ting: Er det ikke mulig at folk flest ikke tenker mye på døden av de grunnene jeg beskriver ovenfor, heller enn at den er et for endelig konsept for et moderne mennesket?

Askild sa...

Eg skjønar veldig godt innvendingane dine, Misha BB.

Det er umogeleg for meg å sei om mine erfaringar er relevante for andre enn meg sjølv, og eg vågar derfor ikkje fastslå om det er best for deg (eller nokon andre) å forhalda seg til døden eller til å halda den på avstand slik du til no har gjort.

Mi erfaring er uansett at dødserkjenninga har hjelpt meg til å forstå livet som midlertidig, og derfor også som meiningsfullt. Erkjenninga av den midlertidige eksistensen, gjer at eg lettare kan skilja mellom kva som er relevant og kva som er irrelevant i livet mitt. Eg trur at dette har hjelpt meg til å bli mindre materialistisk, og dessutan til å i større grad utfordra dei rammene som samfunnet set for liva våre.

Eg ser at dette kan høyrast pompøst og flåsete ut, men det er no likevel slik eg tenkjer.

Dessutan trur eg at di haldning alltid vil vera ein flukt frå den nødvendige erkjenninga som døden er. Dette er ein floskel, men døden er faktisk vårt eine faste haldepunkt i livet. Dersom du brukar tida di på å flykta frå tanken på døden, er eg redd for at det ein stor sjans for at du møter dødserkjenninga på ein ubehageleg måte ein gong i framtida.

Vel, dette er no uansett mine tankar. Dei treng ikkje vera relevante for deg.