Me lever i ironien og sarkasmen si tid. Den som ikkje meistrar desse verkemidla i sosiale og offentlege samanhengar, vil lett framstå som utdatert eller til om med som direkte dum.
Eg legg merke til at eg no i det siste, har hatt ein tendens til å skriva personlege tekstar her på bloggen som nesten er frie for ironi. Dette er ikkje uproblematisk, personlege tekstar utan ironisk distanse vil ofte lesast som pinlege i vår tid. Samtidig er eg ikkje i tvil om at det er rett å gjera opprør mot denne tendensen, det er jo tekstar utan ironisk distanse som har mest å fortelja.
Eller tar eg feil? Er den smarte ironien vår tids beste språklege verkemiddel, som er like eigna til å formidla personlege eller alvorstunge innsikter som tidlegare tider sine språklege rammeverk? Eg ser poenget, men trur ikkje på at ironien eignar seg til alle bodskap.
I staden har ironien gjort det enkelt og legitimt for mange å unngå dei vanskelegaste spørsmåla me står ovanfor. Kven treng bry seg om global oppvarming og aukande økonomisk skilje mellom fattig og rik, når det mest legitime er å halda ein ufarleg, ironisk avstand til slike store spørsmål?
Sjølv om eg for eigen del meiner å ha eit brukbart grep om dei seinaste åra sin smarte, mangetydige ironi, er det uungåeeleg å ikkje la seg irritera over det streke grepet ironien har over oss. I kveld var det tanken at eg skulle publisera ein tekst om det moderne samfunnet sitt forhold til døden, basert på eigne erfaringar. No tenkjer eg at det kanskje er best om eg lar teksten forbli upublisert i nokre år til...
9 kommentarer:
Ahh... Men som klassisk dannede intellektuelle er det vårt lodd her i livet å lide oss gjennom kilometervis med smartness-ladede og ironiske spaltemetere fra de halvstuderte kaffelatte(eller hva det nå enn er som er en vogue denne uka)-drikkende trendnissene i Akersgata, mens vi lengter etter det Autentiske med stor A.
Tror kanskje (håper, i alle fall) du har et litt for ensidig negativt syn på situasjonen. Hvis ikke har Ketil Rolness og resten av "skravleklassen" allerede vunnet. Og det ville i alle fall vært en tragedie.
Du har nok rett, Frode. Eg har det med å overdriva litt i negativ retning for å understreka poenga mine.
Samtidig er det ingen tvil om at eg ser på ironien som ein trussel, både mot både den gode private samtalen og mot den meinigsfulle offentlege samtalen.
Dette betyr ikkje at eg er ein surmaga fyr som ikkje ser noko positivt i den vitaliseringa av norsk humor som ironikarar som Eia og Kalvø har stått for. I staden er synet mitt at ironien har fått for stort grep på område kor den ikkje høyrer heime. Ironien har mellom anna blitt ein alt for stor del av identitetsprosjekta våre, tida er inne for å ta den store forteljinga om oss sjølv tilbake!
Det var jo på -90-tallet at ironien hadde den rollen som du påstår at den har idag. Du får det dessuten til å høres ut som om ironien er et nytt fenomen. Islendingssagaene er er eldre enn fanden selv og proppfulle av ironi...
Jeg tror alvoret er sterkt nok tilstede i dagens offentlighet. Vi trenger litt avstand gjennom ironien for å overleve i alt det fæle som foregår rundt oss.
Ellers har du en fin blogg og mange gode bilder!
Korleis kan du påstå at du ikkje er surmaga? Eg vil påstå at du er den mest surmaga fyren eg kjenner.
Having said that, har eg ingenting i mot surmaga folk. De er faktisk mellom dei beste eg kjenner. Det er eit heidersteikn å vera surmaga, intet mindre.
Kjetil - den smarte ironiens far
Hvordan kan man unngå å ikke bli et ironisk individ i dette kongeriket Norge? For litt siden hadde vi, som sikkert eneste land i verden en prest som statsminister, Riksgjøgler Ari Behn er gift med prinsessa og fikk halve kongeriket. Kronprinsessens far "skandalekongen" gift med en stripper, har nærmest sin hovedinntekt fra se og hør. Folk flest stemmer Frp, Folk flest leser VG. Den mest leste "lederen" i vårt land er Se og hør sin.
Heidi Hauge er en av våre mestselgende artister. Tromsø drømmer om å kunne arrangere "Miss universe" finalen...
Er det rart man får et noe ironisk distanse til sin samtid. Hvordan skulle man ellers ha overleve uten å falle ned i sinnets mørkere avgrunner?
Eg trur ikkje ironien står spesielt sterkt i dag. Me nærmar oss eit samfunn der (dei politiske) frontene blir stadig meir steile, og folk snakkar oftare rett frå levra. Det er inntrykket eg får når eg les lesarbrev, kommentarer og kronikker.
Hmmmm...her les dåke noko anna enn det eg hadde intensjon om å formidla.
Trond S.: Eg er ikkje i tvil om at du har rett i at dei som deltek i den offentlege debatten snakkar og skriv rett frå levra utan ironi. Dette er likevel ikkje i konflikt med mitt poeng, som er at den kanskje mest legitime identiteten i Noreg i 2006 er å behalda ein ironisk, behageleg avstand til dei store politiske spørsmåla. Dei som har denne identiteten, skriv ikkje (og les ikkje) lesarinnlegg i polariserte avisdebattar!
Anonym: Du har rett i at -90-talet var verre. Eg hugsar -95 og -96 som marerittlignande år, fordi ironien fullstendig dominerte både det private og (tildels også) det offentlege rom. Politikk har i ein viss grad blitt kult igjen etter årtusenskiftet. Likefullt er min påstand at ironien framleis er svært dominerande.
Det var elles ikkje min tanke å sei at ironien er eit nytt historisk fenomen. Berre at ironien har inntatt ei ny form som verkar avgjerande inn på identitetsprosjekta våre. Det trur eg ikkje den gjorde for dei gamle
islendingane.
Jeg kjenner meg ikke helt igjen i denne beskrivelsen av virkeligheten, egentlig: det er som det ble sagt, den totale ironien døde heldigvis for ei stund sia. Helt enig med trond s.
Harald Eia har faktisk gjort et jævla interessant intervju med (trur det var Samtiden) for noen år siden om dette med ironien på 90tallet. Han beklager seg over at de ikke klarte å få til humor med politisk radikal brodd: Hver gang de forsøkte å lage no småradikalt ble det til en sketsj med han derre PK'en med krølla hår.
Eg er som sagt einig, den eintydige ironien er død. Men likevel: Dette står ikkje i motsetnad til at dagens langt smartare, mangetydige ironi har ein svært viktig funksjon.
Eg skulle likevel ynskja at dåke hadde rett, Trond og Misha. Før tida er mogen for å endra meining, trengs det betre argument enn me har sett til no...
Ask
Legg inn en kommentar