Morten Strøksnes har dei siste åra skrevet fleire lesverdige bøker. "Hellig krig" frå 2001 er ei sterk framstilling av konflikten i Palestina, medan fjorårets bok "Snøen som falt i fjor" er eit utval av Strøksnes sine artiklar som journalist. Begge bøkene har fått gode kritikkar, og dei viser at Strøksnes er noko så sjeldan som kombinasjonen av ein uredd, polemisk skarp og nyskapande journalist.
No i haust er Strøksnes på ny ute med bok. Denne gongen har han skrevet om Nord-Norge, i ei bok med tittelen "Hva skjer i Nord-Norge?". Boka er kort sagt ei essayistisk reiseskildring med sterk brodd mot det Strøksnes hevdar er ei statleg overstyring av Nord-Norge dei siste tiåra.
I denne samanhengen skal det fyrst og fremst handla om den kritikken Strøksnes rettar mot Tromsø i boka si. Strøksnes presenterer nemleg ei rad kontroversielle påstandar om ståa i ishavsbyen, kor dei fleste fortener meir omtale enn dei til no har blitt tilgodesett i byens aviser.
Strøksnes meiner at både næringslivet og det politiske livet i Tromsø er prega av ein lukka kultur som svekkar byen si utvikling og byen si evne til nytenking. Han ser på Tromsø sin søknad om OL som "en økonomisk variant av å pisse i buksa for å holde seg varm", fordi ei statleg OL-overføring på 15-20 milliardar vil auka den statlege avhengigheten og ikkje føra til den varige veksten som Tromsø-regionen treng. Dessutan peikar Strøksnes på at Tromsø (og heile Nord-Norge) lir sterkt under at dei manglar ein politisk offentlighet og ein synleg intelligentsia.
Kva for reaksjonar har så desse påstandane vekt i Tromsø? Så godt som ingen. Dersom ein kvalifisert debattant hadde lagt fram liknande påstandar om ein av vestlandsbyane, er det all grunn til å tru at både akademia og media i Bergen og Stavanger ville ha brukt tid og spalteplass på å diskutera om vedkomande hadde rett.
Rett nok hadde Nordlys eit intervju med Strøksnes fredag 24.november. Der presenterer avisa Strøksnes sin kritikk av at Nord-Norge er ein splitta landsdel, mellom anna fordi Tromsø ikkje lever opp til statusen som regionhovudstad. Sjølv om denne påstanden er viktig nok, er den meir ufarleg og ukontroversiell enn dei andre påstandane om Tromsø i boka. Kvifor unngår Nordlys å omtala Strøksnes sin kritikk av næringsliv, politikk, media og akademia i Tromsø? Fryktar avisa denne kritikken?
For oss som har lese Nordlys dei siste åra, kjem det absolutt ikkje som noko overrasking at Nordlys vel og oversjå viktige røyster og argument i debatten om byen og landsdelen si framtid. Det er snarare blitt ein trend at det mediet som skal vera landsdelen sitt viktigaste debattforum, gjev liten eller ingen redaksjonell spalteplass til dei stemmene som er i utakt med redaksjonsleiinga sitt politiske syn. I lys av mellom anna dette, er det ikkje vanskeleg å vera einig med Morten Strøksnes i at Nordlys ikkje fungerer som den politiske offentligheten som landsdelen (og byen!) treng.
Tromsø har i løpet av dei siste to-tre åra bygt kulturinstitusjonar som kan konkurrera med langt større byar i Norge og Europa. Dersom den politiske offentligheten i byen skal fortsetja å vera eit kaffeslabberas kor berre dei som innehar dei rette haldningane vert invitert, er det likevel stor fare for at byen vil bli akterutseilt som kultur-, nærings- og utdanningsby. Når skal Nordlys innsjå dette?
8 kommentarer:
Herlig innlegg.
jonas
post det her: http://www.nordlys.no/kundetorg/leserinnlegg/
det passer jo fint som et innlegg, askild :-)
Takk for tipset, Hoyd. Det forslaget hadde eg ikkje venta frå ein Nordlys-ansatt:-)
Det må nok uansett omarbeidast litt, om det skal på trykk.
Eg skal tenkja litt på det...
Eg veit at det er ufint å endra innhald i blogginnlegg tre dagar etter at dei er publisert. Sidan Hoyd oppfordra meg til å senda dette som lesarinnlegg til Nordlys, har eg klargjort mitt gamle blogginnlegg for almugens hets på lesarbrevsidene til Nordlys. Derfor har eg også bytta ut mitt gamle blogginnleg med lesarbrevet som kjem på trykk 30.november.
Overskrifta er blitt mindre tabloid, og innhaldet er blitt mindre personleg og meir presist. Slik er vel overgangen frå det private til det offentlege rom!
Det som er aller mest skremmende er at Tromsøs studenter er mer eller mindre fullstendig fraværende i den politiske offentligheten i Tromsø. Vi utgjør bortimot ti tusen av totalt seksti tusen mennesker i Tromsø, men likevel er studentene mer eller mindre usynlige.
Kanskje enda verre er at studentene ikke en gang evner å være en del av den politiske offentligheten ved utdanningsinstitusjonene sine. Til tross for at studentene har lovfestet rett på representasjon i alle styrende organer, er det forstemmende lite diskusjon blant studentene om hvilke veivalg organisasjonene tar.
Resultatet av at studentene ikke bryr seg er at studentdemokratiet og studentenes plasser i styre og stell fylles opp av de eneste som gidder bry seg, nemlig en gjeng broilere med fortid i EO, SU, AUF eller Unge Høyre. Jeg tviler ikke på at disse jobber etter beste evne (jeg er da tross alt en av dem selv), men er vi virkelig representative for studentene? Og er det gunstig at studenter flest tillater sine tillitsvalgte å jobbe mer eller mindre i et vakum, uten å bry seg om hva som skjer?
Og de studentene som engasjerer seg utenfor universitetet gjør det ofte på arenaer som i liten grad handler om spørsmål omkring utviklingen av Tromsø. Det er garantert flere studenter som møter i filmklubben for å drikke rødvin og diskutere Rainer Werner Fassbinder enn det er studenter som engasjerer seg i lokalpolitikken. Og det er egentlig litt trist. Ikke at det er noe galt med filmklubben, men det er nok dessverre ikke der fremtiden for nordnorge (det må da være lov å være såpass svulstig i disse nordområde-tider) stakes ut.
Du har rett i det Frode, studentane skulle ha vore meir synlege.
Samtidig synes eg det er endå meir urovekkjande at dei 600 forskingstilsette ved universitetet ikkje gjer meir av seg i byen. Det skal vera usagt om det er den tabloide og partiske lokalpressa som har skulda, eller om forskarane og studentane på UiTø har nok med seg og sitt.
I mine dryge tre år i nord var det lite som frustrerte meir enn byen og landsdelen sin mangel på offentlighet. Når det gjeld offentleg debatt, er Tromsø og Nord-Norge eit ørkenlandskap. Me får håpa dette betrar seg, viss ikkje er det tøffe tider i vente...
(sakset fra "byrunden" i Nordlys 4.desember)
Takk til Askil Gjerstad for sin gode artikkel i Nordlys om forfatter og journalist Morten Strøksnes sin skarpe og gode analyse av Nord-Norge. Strøksnes kritiserer de like holdningene som trer fram i bla. avisa Nordlys, og mener det er til hinder for en sunn samfunnsutvikling. OL-søknaden er således et eks. på hvordan Tromsø ikke evner å tenke på tvers av gitte holdninger. Hilsen E.
Legg inn en kommentar