lørdag, februar 10, 2007

Mannfolk og aleinegang


Eg har ofte tenkt at eit av dei høgaste ideala i eit moderne samfunn, er å læra seg å tenkja sjølvstendig. Det vil sei å kunne tenkja og innta synspunkt utan å ta omsyn til kva vener eller andre folk ein respekterer trur eller tenkjer, og å kunne gjera vala i livet uavhengig av dei rammene for «det gode liv» som samfunnet set. Ingen tenkjer 100% sjølvstendig, men det er likefullt eit viktig mål å strekka seg etter dette idelaet.

Samtidig ligg det ein fare i denne autonomien. Som Emile Durkheim viser i boka «Sjølvmordet», blir det fleire sjølvmord i eit samfunn jo meir autonome menneska er. I seg sjølv er det kanskje ikkje nokon fare forbundet med å tilstreba sjølvstende i tanke og handling. Faren oppstår i det ein lar den intellektuelle autonomien også gjelda kjenslene sine. Få av oss har godt av å vera sjølvstendige på det kjenslemessige planet, mellom anna fordi ein slik aleinegang ofte vil føra til at ein framstår som lukka og eksluderande.

Eg trur at denne problemstillinga fyrst og fremst er aktuell for oss mannfolk. Ikkje fordi me er meir sjølvstendige enn kvinner, snarare fordi mange av oss ikkje greier å kombinera intellektuell autonomi med det å vera kjenslemessig open og sårbar.

Me får tru at me lærer med tida.

2 kommentarer:

Unknown sa...

I høve kontekstuelle rammer er det som du skriv eit utopisk ideal å strekkje seg etter det å verte 100% sjølvstendig, men likefullt er det eit ideal. Eg veit likevel ikkje om du kan skilje kjensler og autonomi. Klart vi er avhengige av å OGSÅ vere autonome på det kjenlslemessige planet, likefullt kan det vere føremålstenleg å lytte til kvarandre der, som i ALLE andre samanhengar... Og det er vel i høve lyttinga vi mannfolk treng å trene.. ;)

Askild sa...

Det var ikkje min intensjon å ta til orde for eit skilje mellom kjensler og autonomi. Sjølvsagt er me alle kjenslemessig autonome, noko anna vil jo vera sjølvutslettande.

Poenget eg prøvde å få fram, er at idealet om autonomi, lett kan føra til aleinegang (og einsemd). Intellektuelt sett er ei slik sjølvstende eit ideal, kjenslemessig kan det vera ein trussel for mange av oss.

Vel, det er mogeleg at eg er for svak språkleg til å få fram kva eg tenkjer om dette. Eg skal uansett prøva å vera meir presis neste gong.