onsdag, februar 28, 2007

Gudinneøya og den kritiske offentligheten


Heimkommunen min Tysnes (sjå bilete) har dei siste åra lagt stort vinn på å marknadsføra seg som «Gudinneøya Tysnes». Bakgrunnen for dette tilnavnet, er at ein har regna med at Tysnes i førhistorisk tid var eit sentrum for gudedyrking, og at mange stader på Tysnes derfor ber navn etter norrøne gudar og gudinner. På heimesida til Tysnes kommune kan ein lesa: «Tysnes er ei mytisk øy med mykje kultur og historie. Njardarlog, som er det gamle namnet på Tysnes, kjem av grødeguden Njord, og var ei tid det religiøse senteret for store delar av Vestlandet.»

I ein forvitneleg artikkel i Sunnhordland Årbok i 2005 viser lokalhistorikaren Knut Rage at det er på høg tid at me stiller spørsmål ved stadnavngranskinga som ligg til grunn for mytologien rundt «Gudinneøya Tysnes». Rage viser til at språkforskaren Eivind Vågslid i arbeidet sitt har vist at det er sannsynleg at mange av stadnavna på Tysnes har meir sekulære røter enn me likar å tru. Vågslid gjekk svært grundig til verks, og dei fleste stadnavna med påståtte religiøse røter på Tysnes vart avmytologiserte. I mange tilfelle er det truleg at td. haugar, nes eller bustader ligg til grunn for stadnavna, og ikkje gudar, gudinner eller offerstader slik me til no har trudd.

Det som uroar mest i denne saka, er ikkje at me tysnesingar truleg har kvilt i ei illusorisk oppfatning om me bur på ei «Gudinneøy». I staden er det trist at lokalavisa vår, Tysnes, ikkje har omtalt denne problematikken sidan artikkelen til Knut Rage stod på trykk i Sunnhordland Årbok for over eit år sidan.

Uansett kva årsaka til at «Bladet Tysnes» overser denne kritikken er, sårar det mitt gamle redaktørhjarte å sjå at ikkje heimkommunen min har ein fungerande offentlighet. Kvifor er «Bladet Tysnes» redd for argument og perspektiv som motseier konsensusoppfatninga? Truleg finnes det ømme tær i denne saka, slik det gjer i alle andre kontroversielle saker. Det skulle uansett vera barnelærdom at ei avis skal fremja debatt og ulike synspunkt.

I desse dagar reiser Knut Rage til Eivind Vågslid sin heimkommune Eidsvoll, for å halda foredrag om den seigliva navnemytologien i Tysnes kommune. Får han nokonsinne halda foredraget sitt på Tysnes?

Les Knut Rage sitt foredrag på Eidsvoll 28.februar her.

6 kommentarer:

Misha BB sa...

Haha. Vi har akkurat det samme i området jeg opprinnelig kommer fra. Det var noen historiker som fant ut at kirka sør på Alstahaug IKKE er den som Peter Dass preket i likevel, men av mye yngre dato.

Gjett om han ble tiet hjel?

Anonym sa...

Kritikken din mot lokalavisen er typisk intellektuellt snobberi. Hvem har sagt at en lokalavis absolutt skal fremme debatt? En lokalavis skal forene lokalsamfunnet, da er debatt og fri meningsutveksling ofte et hinder.

Jeg har stor sans for bladet Tysnes sitt strev med å tie denne saken i hel. Vi trenger alle våre livsløgner, Tysnes trenger kanskje navnemytologien? Hva blir Tysnes den dagen øyen ikke lenger er gudommelig?

La Tysnes få leve med sin livsløyn i fred for dette akademiske snobberiet!

Askild sa...

Misha BB: Interessant parallell, som eg ikkje kjente til før du skreiv dette. Alstadhaug-saka har nok likevel litt større dimensjonar enn var gamle gudinneøy-illusjon.

Anonym: Eg er usikker på om eg skal ta deg alvorleg. Viss eg skal det, må eg nok sei at me har svært ulikt ulike syn på (lokal)avisene si oppgåve.

Tesen din om at lokalvisene skal forena lokalsamfunnet gjennom å unngå fri meiningsutveksling, er mildt sagt oppsiktsvekkjande. Dersom du hadde rett, ville nok bygdenoreg ha blitt fråflytta.

Argumentasjonen for ei fri og debattglad (lokal)presse er ikkje intellektuellt snobberi, snarare er denne argumentasjonen eit nødvendig premiss for (lokal)demokratiet.

Eg har meir sans for din påstand om at tysnesingane treng ei livsløgn. Ein del av oss gjer kanskje det, i hvert fall er det tydeleg at "Gudinneøy-mytologien" ikkje er eit ynskja debattema. Uansett er det ikkje "Bladet Tysnes" si oppgåve å hegna om kollektive livsløgner.

Misha BB sa...

Sannheten er "intellektuelt snobberi"? Jeg tror ikke mine egne ører...

Knut Rage sa...

Som "hovudperson" i saka må eg først få seia at lokalavisa Tysnes aldri har teia saka i hel, eg har tvert om publisert ein artikkel der om dette emnet. Men reaksjonane uteblei. Så spørst det om det kan kallast å teia saka i hel, eller om det skuldast manglande interesse for saka.

Eg har kritisert Vevatnet- og gudinne-myta lenge før Vågslid kom inn i biletet. Det finst ganske enkelt ikkje noko grunnlag for slike teoriar. Der har eg dei fleste fagfolk med meg. Ein arkeolog eg snakka med for nokre år sidan sa at ho ikkje visste om ho skulle le eller gråta når ho såg brosjyrane frå Tysnes, særleg dette som har med "gudinneøya Tysnes" å gjera. Det er eit omgrep som to unge damer fann på for ti år sidan for å skapa blest om seg sjølve og sine eigne prosjekt, og som diverre har festa seg. Gudinneøya Tysnes? Ja, ingen kan kanskje motbevisa det. Men ingen kan motbevisa det om eg påstår at Vevatnet var landingsplass for ufo'ar heller.

Den personen som vert mest ramma av kritikken min er Johannes Heggland. Men han har eg snakka med, og han tek det pent. Foredraget mitt i Eidsvoll var elles ein suksess, trur eg.

Askild sa...

Nei, det kan man knapt kalla å "teia saka i hel". Dei burde sjølvsagt ha fulgt opp med å intervjua kommunen og andre som har lagt stor vekt på denne mytologien, men den eine artikkelen dei publiserte reinvaskar dei fra den sterke kritikken i mitt innlegg. Det er lett pinleg at eg har ikkje har fått med meg denne artikkelen, eg må nok lesa Tysnes grundigare framover.

I staden er det desto betre grunn til å retta kritikk mot kommunen som ikkje endrar innhaldet på nettsida og i brosjyrar ol. som du nevner. Me får tru at dei snart vaknar, det gjer dei i hvert fall viss "Bladet Tysnes" set sterkare fokus på saka!