tirsdag, februar 13, 2007

På gamle trakter


For ti år sidan var eg var oppe til praktisk-muntleg eksamen i økologisk husdyrhald på jordbruksskulen i Aurland i Sogn og Fjordane (sjå bilete). Eg var litt uheldig i trekninga den dagen, og kom opp i «handmjølking og dagleg stell av geit». På eksamen måtte eg mjølka ei fritt valgt geit på gamlemåten, og dessutan gjera grundig greie for korleis ein legg til rette for eit naturnært geiteliv i ei moderne, økologisk gardsdrift.

Til helga gjer eg vendereis til jordbruksskulen i Aurland. Der skal det vera økoseminar, og eg skal halda foredrag for ei større forsamling truande økologar. Innlegget min ber tittelen: «Økologi og økonomi – ei motseiing eller to sider av same sak?». Sjølv om det er eit stor sprang mellom det moderne samfunnet si forståing av økologi og økonomi, slår det meg kor mange likskapar det er mellom den økologiske bonden sitt strev etter å leggja til rette for ei naturnær geitedrift, og det moderne storsamfunnet sin streben etter å skapa ei livsform som tek omsyn til både økologi og økonomi.

Medan geitebøndene strevar med å skapa eit levebrød av geitedrift på naturen sine premissar, strevar me andre med å skapa eit levevis og eit samfunn som kan overleva utan rovdrift på naturen gjennom dei fossile energikjeldene.

Slik sett, er me alle økologiske geitebønder.

2 kommentarer:

Anonym sa...

For det fyrste var bilete så vakkert at det er verd ein kommentar i seg sjølv. For det andre er det sørgeleg at me blir tvinga til å leva lenger og lenger frå gamaldags gardsdrift. Ekstra bittert er det at nettopp dette øydelegg verda (sagt veldig enkelt). H.R (Halvstudert røvar)

Askild sa...

Vel, eg veit ikkje om det faktum at me lever langt frå gamaldags gardsdrift nødvendigvis er nokon ulempe. Visse trekk ved det moderne landbruket (og samfunnet) er ubetinga framskritt for både miljøet og menneska.

Elles heng samanlikninga mi mellom geitehald og samfunnet sin miljøpolitikk i denne posten, i ein rimeleg tynn tråd. Me får tru det blir betre samanheng i foredraget mitt til helga!