tirsdag, mars 06, 2007

Tønsvika revisited!


I går kveld kom eg tilbake til mitt gamle husvære i Tønsvika (sjå bilete). Her er mangt som før, fyrst og fremst er både naturen og stilla her ute slåande for ein som ferdast i storbyen til kvardags.

Eitt og anna nytt er her no óg, mellom anna har det vore utskiftning i saueflokken sidan eg budde her i vår. Ein ny vær er komen til gards, og gamlesøya «Isadora» har fått selskap av ei namnlaus ungsøye. Dessutan har hankatten på tunet vore gjennom eit hamskifte sidan sist, og han framstår no med langt større tyngde enn før.

I går baud min gamle husvert på både fruktte og skjenk, og den månelyse marskvelden forsvann i kjent snakk om småskala sauedrift og mykje av det andre som livet i Tønsvika og Tromsø har å by på. Grytidleg idag reiste husverten min på jobb, og eg har fyrt i omnen og nytt ein stille dag i lenestolen i stova i Tønsvika. Av og til treng ein å kjenna på pusten av sine tidlegare liv, og det kan vera mykje inspirasjon å henta i dei prosjekta ein har bak seg. Tida i Tønsvika representerer vel kanskje det næraste eg har vore det ideale studentliv, med rom for både akademia, organisasjonarbeid og ein roleg, naturnær kvardag. I lys av denne insikta, er det vel inga overrasking at eg her ute tenkjer mykje på kva i all verda eg tenkte på då eg flytta til Oslo i haust?

Eg skal likevel ikkje kvila lenge i nostalgien her i Tønsvika. Allereie i morgon vender eg nasen sørover. Det skal vera landsmøte i Attac til helga, og me har som alltid nokre viktige saker på tapetet. Mellom mangt anna, skal me velga mellom «Oljeformueforvaltning i eit globalt rettferdsperspektiv» og «Global migrasjon» som kunnskapsnettverkssatsing det neste året. Det er ingen løyndom at eg ber på ein spesiell godhug for fyrstnevnte sak, etter mitt syn treng Attac ein såpass offensiv sak om me skal behalda vår viktige posisjon i offentligheten.

Trass i at det burde vera nok å fokusera på utfordringane i Attac og på studiet, har altså reisa mi til Tønsvika vekt minner om farne dagar i meg. Når skal denne evige reisinga mi mellom ulike prosjekt og stader ta slutt? Er eg nokon gong i stand til å vera tilstades i all denne reisinga? Og ikkje minst: Er det eigentleg nokon samanheng mellom alle desse prosjekta mine?

No må eg likevel sei at eg har fått jamnt nok av melankoli og ettertanke. Herifrå ser eg framover. Det får vera grenser for sjølvdestruktivitet, no er det storbyen og landsmøtet i Attac som gjeld. Tønsvika og anna gamalt rask får klara seg sjølv. Så får heller tida visa om eg nokonsinne lærer meg å leva i takt med dei innsiktene som livet lærer oss.

onsdag, februar 28, 2007

Gudinneøya og den kritiske offentligheten


Heimkommunen min Tysnes (sjå bilete) har dei siste åra lagt stort vinn på å marknadsføra seg som «Gudinneøya Tysnes». Bakgrunnen for dette tilnavnet, er at ein har regna med at Tysnes i førhistorisk tid var eit sentrum for gudedyrking, og at mange stader på Tysnes derfor ber navn etter norrøne gudar og gudinner. På heimesida til Tysnes kommune kan ein lesa: «Tysnes er ei mytisk øy med mykje kultur og historie. Njardarlog, som er det gamle namnet på Tysnes, kjem av grødeguden Njord, og var ei tid det religiøse senteret for store delar av Vestlandet.»

I ein forvitneleg artikkel i Sunnhordland Årbok i 2005 viser lokalhistorikaren Knut Rage at det er på høg tid at me stiller spørsmål ved stadnavngranskinga som ligg til grunn for mytologien rundt «Gudinneøya Tysnes». Rage viser til at språkforskaren Eivind Vågslid i arbeidet sitt har vist at det er sannsynleg at mange av stadnavna på Tysnes har meir sekulære røter enn me likar å tru. Vågslid gjekk svært grundig til verks, og dei fleste stadnavna med påståtte religiøse røter på Tysnes vart avmytologiserte. I mange tilfelle er det truleg at td. haugar, nes eller bustader ligg til grunn for stadnavna, og ikkje gudar, gudinner eller offerstader slik me til no har trudd.

Det som uroar mest i denne saka, er ikkje at me tysnesingar truleg har kvilt i ei illusorisk oppfatning om me bur på ei «Gudinneøy». I staden er det trist at lokalavisa vår, Tysnes, ikkje har omtalt denne problematikken sidan artikkelen til Knut Rage stod på trykk i Sunnhordland Årbok for over eit år sidan.

Uansett kva årsaka til at «Bladet Tysnes» overser denne kritikken er, sårar det mitt gamle redaktørhjarte å sjå at ikkje heimkommunen min har ein fungerande offentlighet. Kvifor er «Bladet Tysnes» redd for argument og perspektiv som motseier konsensusoppfatninga? Truleg finnes det ømme tær i denne saka, slik det gjer i alle andre kontroversielle saker. Det skulle uansett vera barnelærdom at ei avis skal fremja debatt og ulike synspunkt.

I desse dagar reiser Knut Rage til Eivind Vågslid sin heimkommune Eidsvoll, for å halda foredrag om den seigliva navnemytologien i Tysnes kommune. Får han nokonsinne halda foredraget sitt på Tysnes?

Les Knut Rage sitt foredrag på Eidsvoll 28.februar her.

onsdag, februar 21, 2007

Magien i eit vinterbad


Eg er komen til Tromsø! Her er det fabelaktig vinterstemning, med over ein meter snø og meir enn ti minusgrader. For å gje eit innblikk i den verkelge vinterstemninga i desse klimaforandringstider, bloggar eg i kveld min gamle artikkel frå desember 2004 om vinterbading i Tromsø. For ein by, for eit liv!

«Medan mange studentar søv, og vanlege nordmenn nyt ein lat sundagsfrukost og tenner årets fyrste adventslys, er fire tromsøstudentar samla i ei stove i eit kollektiv nedanfor symjehallen på Alfheim. Utanfor er det -4, og ein dryg halvmeter snø ligg som eit mjukt teppe kring ein sundagsdøsig universitetsby. Ein skulle tru at skigåing ville vera ein perfekt aktivitet på ein dag som denne. Men denne dagen kan også brukast til meir sumarlege aktivitetar. Sundag er nemleg fast badedag i dette kollektivet, og det er ikkje bassenget på Alfheim som er badeplass for desse karane. Dei fire representerer nemleg det som må vera den einaste utandørs vinterbade-klubben for studentar i Tromsø.

Grunnleggjarane
– Det starta eigentleg som ein idé for å koma seg opp sundags morgon, og for å bli kvitt dagen-derpå-følelsen etter laurdagsnatta, seier Njål Kvendseth, som tidleg i haust tok initativ til vinterbadinga. Han har passande nok berre sove tre timar i natt, og kvelden, natta og morgonen har gått med til å drikka kaffi, prata i telefon og lesa Jens Bjørneboe. – Dette er den fyrste gongen eg er oppe før klokka tre denne veka, eg har ikkje sett dagslys på lang tid, seier han stolt og utan spor av ironi.

Eigentleg er det over ti medlemmer i badeklubben. Etter kvart som vinteren har sige på, er fråfallet blitt større og større, og orsakingane for å ikkje koma er blitt meir og meir kreative. Dagens beste står Mikkel for, som i siste liten sender ein sjarmerande sms: ”Skulle gjerne blitt med, men har innsett at jeg må pugge”. Han om det. Jon Sigurd og Lone er på meir sikker grunn. Dei har nemleg vore på fest, kor dei havna i slåsskamp med kvarandre, og båe føler seg skadde og bakfulle nok til at dei står over badinga i dag. Heldigvis er dei ikkje sjukare enn at dei kan bli med som tilskodarar.

Trass i alle fråfalla, er det tre karar som så godt som alltid møter til sundagsbading. Njål Kvendseth, Joep Aarts og Clemet Askheim grunnla badeklubben for knappe tre månader sidan. Dei tre utgjer den harde kjerna i den uformelle klubben, og det skal meir enn bakfyll og lekselesing til for å hindra desse karane frå å stå over det faste sundagsbadet. Ved sida av desse skal Utropia sin utsendte skribent for dagen vera med på badinga. Han har vore med nokre sundagar før, og dessutan er jo deltakande observasjon er eit høgt ansett ideal på Universitetet.

Kvardagsleg magi
Det er noko lett nervøst over gjengen på vegen ned til den faste badeplassen ved Polaria. Rett nok har me alle vore i sjøen ein vinterdag før, men i dag er det både snø- og fråfallsrekord. Vinterbading er dessutan noko ein aldri blir heilt van med, anten ein debuterer eller har halve vintersesongen bak seg. Joep plar vera den fyrste i sjøen, han stuper vanlegvis uti før me andre har fått på oss badebukse. Men i dag er det annleis. Me bestemmer oss for å arrangera eit synkront hopp til ære for fotografen, og dermed kastar me oss i havet samtidig.

Opplevinga av eit vinterbad kan knapt nok skildrast med ord. Du må prøva det for å skjøna kva som er magien. Frå den augneblinken ein er i vatnet, er ein ikkje lenger tilstades i den vanlege verda. Tankane og kroppen lever sitt eige, maniske liv. Mange undrar seg over kva i all verda som får folk til å bada av fri vilje midt på vinteren? Kanskje noko av svaret ligg i at eit vinterbad er eit sterkt brot med det kvardagslege livet. Eit vinterbad kan opplevast som eit sjeldan augneblink av smerte og fryd i ein heller forflata kvardag.

Men best av alt er det likevel å koma på land etter eit skikkeleg vinterbad. Heile kroppen sitrar etter at ein er komen på land, og om det er kaldt nok i vatnet får ein med seg energi for fleire timar. Det skal seiast at dette gjeld mest for dei av oss som er så heldige å ha nokre kilo fett på kroppen, tynne kroppar skjelv kanskje meir enn dei sitrar etter kuldeopplevinga.

Nytrekt kaffe og varme baguettar
Etter badinga ber det opp igjen til kollektivet. Der kjem me inn i ei varm stove med dekka bord, og ikkje lenge etter er kaffien på kok. Av og til kjenner ein på at kvardagen er vel så bra som festen, og slik er det då Clemet kjem berande på ei kanne nytrekt kaffi samtidig som Joep set ei korg med varme baguettar på bordet. Måltidet gjer godt etter vårt forfriskande bad, og stova fylles etterkvart av prat om det som studentar bruker tida si på: eksamen, gårsdagens festar, morgondagens visjonar og alle dei underlege folka på Universitetet. Njål minner meg på at eg må få med at badegruppa vår er open for nye medlemmer, mange fleire studentar burde driva med vinterbading. Eg tenkjer at han rett, det er for dumt at desse sundags føremiddagane er forunt så få av oss.»

(Foto: Ole Losvik)

tirsdag, februar 13, 2007

På gamle trakter


For ti år sidan var eg var oppe til praktisk-muntleg eksamen i økologisk husdyrhald på jordbruksskulen i Aurland i Sogn og Fjordane (sjå bilete). Eg var litt uheldig i trekninga den dagen, og kom opp i «handmjølking og dagleg stell av geit». På eksamen måtte eg mjølka ei fritt valgt geit på gamlemåten, og dessutan gjera grundig greie for korleis ein legg til rette for eit naturnært geiteliv i ei moderne, økologisk gardsdrift.

Til helga gjer eg vendereis til jordbruksskulen i Aurland. Der skal det vera økoseminar, og eg skal halda foredrag for ei større forsamling truande økologar. Innlegget min ber tittelen: «Økologi og økonomi – ei motseiing eller to sider av same sak?». Sjølv om det er eit stor sprang mellom det moderne samfunnet si forståing av økologi og økonomi, slår det meg kor mange likskapar det er mellom den økologiske bonden sitt strev etter å leggja til rette for ei naturnær geitedrift, og det moderne storsamfunnet sin streben etter å skapa ei livsform som tek omsyn til både økologi og økonomi.

Medan geitebøndene strevar med å skapa eit levebrød av geitedrift på naturen sine premissar, strevar me andre med å skapa eit levevis og eit samfunn som kan overleva utan rovdrift på naturen gjennom dei fossile energikjeldene.

Slik sett, er me alle økologiske geitebønder.

lørdag, februar 10, 2007

Mannfolk og aleinegang


Eg har ofte tenkt at eit av dei høgaste ideala i eit moderne samfunn, er å læra seg å tenkja sjølvstendig. Det vil sei å kunne tenkja og innta synspunkt utan å ta omsyn til kva vener eller andre folk ein respekterer trur eller tenkjer, og å kunne gjera vala i livet uavhengig av dei rammene for «det gode liv» som samfunnet set. Ingen tenkjer 100% sjølvstendig, men det er likefullt eit viktig mål å strekka seg etter dette idelaet.

Samtidig ligg det ein fare i denne autonomien. Som Emile Durkheim viser i boka «Sjølvmordet», blir det fleire sjølvmord i eit samfunn jo meir autonome menneska er. I seg sjølv er det kanskje ikkje nokon fare forbundet med å tilstreba sjølvstende i tanke og handling. Faren oppstår i det ein lar den intellektuelle autonomien også gjelda kjenslene sine. Få av oss har godt av å vera sjølvstendige på det kjenslemessige planet, mellom anna fordi ein slik aleinegang ofte vil føra til at ein framstår som lukka og eksluderande.

Eg trur at denne problemstillinga fyrst og fremst er aktuell for oss mannfolk. Ikkje fordi me er meir sjølvstendige enn kvinner, snarare fordi mange av oss ikkje greier å kombinera intellektuell autonomi med det å vera kjenslemessig open og sårbar.

Me får tru at me lærer med tida.

mandag, februar 05, 2007

Den nye skattepolitikken


I morgon (tysdag 6.februar) er det tid for debatt om global skattepolitikk på Blindern. Me i Attac Blindern inviterer til debatt over eit tema som vanlegvis vert oversett i norsk politisk offentlighet:

Annually the third world countries loose an estimated $500 billion in tax evasion and capital flight. This is seven times as much as the world´s total aid budget, and represent a major obstacle for public investments and development in third world countries.

Globally, large corporations and wealthy individuals are increasingly avoiding their obligation to contribute to society through taxation. What political and economic mechanisms make the tax evasion and capital flight possible? Is it possible to build a system of taxation that is more favourable for poor people in developing and developed countries?

Speakers:
Jan Borgen, General Secretary, Transparency
Sony Kapoor, Tax Justice Network, London

Auditorium 7, SV-fak, klokka 1815. Kom, kom!

søndag, januar 28, 2007

Det er Fosse


Eg er nesten aldri på rangel her i byen. I natt gjorde eg eit sjeldan unntak.

På mi fortumla ferd gjennom Oslo-natta traff eg ein av våre fremste historikarar. Det meste som var sagt mellom oss, fell inn under kategorien "pisspreik", og kan like godt gløymast fyrst som sist. Eit av utsagna hans har likevel uroa meg utover dagen i dag. Denne historikaren, som elles er ein gåverik skribent og tenkjar, meinte nemleg i fullt alvor at Jon Fosse er ein oppskrytt og i beste fall middelmådig forfattar.

For eigen del, regnar eg Fosse som vår kanskje største nolevande forfattar. Fosse skriv enkelt og djupt eksistensielt samtidig, i eit særeige språk som ikkje minner om nokon annan forfattar eg har lese.

Romanen "Det er Ales", som eg har lese for andre gong idag, er eit godt døme på det typiske i Fosse-landskapet. "Det er Ales" er ei kjærleikssoge om Signe og Asle. For over 20 år sidan drog Asle på sjøen for å fiska, han kom aldri attende. Fosse vekslar mellom notid og fortid for å visa korleis Signe sitt liv gjekk i stå den novemberdagen Asle kom bort, ho har aldri har kome seg vidare etter at Asle forsvann på sjøen.

Menneska i Fosse sine romanar er som oss andre. Dei gjer sitt beste for å nå kvarandre med orda sine, men endar med å verta misforstått. Som alle gode Jon Fosse-bøker, vert "Det er Ales" sitjande att i kroppen etter at ho er ferdiglesen. Språket til Jon Fosse er kjenneteikna av endelause gjentakingar. Dette skapar ein litterær musikk, som ein vert gåande og nynna på lenge etter at boka er ferdiglesen.

Litterær smak og kvalitet er vel knapt nok mogeleg å diskutera? Det er likevel vanskeleg for meg å forstå, at ein så erfaren lesar som denne historikaren eg traff i natt, i fullt alvor kan synast at Fosse er ein middelmådig forfattar. Er det han eller eg som er galen?

lørdag, januar 13, 2007

Klar for ein rangel


Eg har pakka kofferten no. På toppen ligg ei nystroken skjorte, under ligg alt ein treng til ei vekes rangel. Eg skal ikkje på nokon kva som helst rangel. Den neste veka er det nemleg tid for årets viktigaste festival her i landet, det er filmfestivalen i Tromsø.

For dei som bur der, er Tromsø ein særeigen by heile året. Den uendelege vinteren, det løyndomsfulle nordlyset, alle dei seine nattetimane på byen og det evige mørkret, er berre nokre av bitane i bilete av byen som ikkje er heilt som andre byar. Men denne eine veka i året er det noko ekstra, nesten magisk over byen under nordlyset. Sjølv eg, som elles i året knapt ser ein film i månaden, kan ikkje anna enn å kasta meg inn i filmrusen.

I år har eg lovt meg sjølv at eg ikkje skal sjå meir enn tre filmar per dag. Eg skal unngå å bli immun mot gode filmopplevingar på grunn av overdose film, det har skjedd mang ein tapper festivaldeltakar før. I staden skal eg nyta ein passeleg dose film i sju dagar til ende...

fredag, januar 12, 2007

Når staten drep


2007 starta på mest brutale vis med den kringkasta dødsstraffen mot Saddam Hussein. For dei fleste av oss er ikkje dødsstraff berre eit brot på menneskerettane, den er også eit brot med det moderne rettsforståinga som ligg til grunn for det liberale demokratiet.

Motstanden mot dødsstraff er likevel ikkje unison. Palestina-aktivisten og den omvendte muslimen Trond Ali Lindstad har fått to siders spalteplass i Klassekampen til å presentera Saddam Hussein sin blodige biografi. Biografien vert avslutta med eit prinsippielt forsvar av dødsstraff:

"Saddam er blitt hengt i galgen. Andre kunne ha fulgt ham. Men henrettelsen var riktig. Krigsforbrytelser må gjøres opp. Vi visste det i Norge også, etter vår egen krig, da forbryterne ble stilt mot pelotongen, for avretting. Saddams død gir ikke Irak fred. Men det er en annen sak. Hans reise til den neste verden var en nødvendighet. Og så fortsetter krigen for fred."

Det er deprimerande å lesa slike ord i Noreg i 2007. Lindstad si samankobling av brotsverka Saddam har gjort, og dødsstraff som nødvendig svar på slike brotsverk, er eit steg tilbake til gamaltestamentleg "auge-for-auge, tann-for-tann"-tankegang. Rettssystemet er etablert for å sikra at andre motiv enn hevn får relevans i straffeutmålinga, den moderne rettsstaten skal aldri dømma på same grunnlag som forbrytaren.

USA er vårt mest grelle eksempel på at også moderne rettstatar utøver dødsstraff. Dette kan likevel ikkje hindra oss i å framheva det liberale synspunktet på dødstraff, det er at dødsstraff er uttrykk for eit samfunn som hevnar seg på forbrytarvis.

onsdag, januar 10, 2007

Det endelause vandrarliv


I haust mista eg grepet om tida. Med dette meiner eg at eg ikkje lenger styrte mi eiga tid, mangel på tom tid styrte i staden meg. Slik kan ein ikkje leva lenge, og som ein konsekvens av dette har eg no flytta til Sogn Studentby (sjå bilete).

Sjølv om eg berre har studert i fire-fem år, kjennest det underleg å nok ein gong starta eit semester på hybel som student. Dei aller fleste på min alder er for lengst trygt plassert i hus og jobb, med samling av pensjonspoeng og bruk av oppsparte BSU-midlar som meiningsskapande ramme om kvardagen. Det blir nok endå nokre år til eg startar det løpet, minstepensjonen blenkjer allereie i det fjerne...

Samtidig kjenner eg meg sjeldan priviligert. Kva er vel pensjonspoeng og BSU-midlar mot dei mange frie, gode åra eg har fått? Her bur og lever eg på mine tilmålte 11m2. Det kan høyras lite ut, men til mitt bruk er det meir enn nok. Her har eg også det eg aldri fant på Grønland : Lange, stillfarne dagar utan anna innhald enn lesing, skriving, surfing og trening. Kva meir kan ein spørja etter?

søndag, januar 07, 2007

Den nye imperialismen


I A-magasinet fredag kunne me lesa om Noreg sin utvelgelsesstrategi for dei knappe 800 kvoteflyktningane me tar imot årleg. Ein skulle tru at det var behovet for beskyttelse som avgjorde kven som får koma til Noreg som kvoteflyktningar. Slik er det ikkje. Ved sida av behovet for beskyttelse, vurderer norsk UDI kriteriar som språkkjennskap, utdanning, religion (!) og tilknytning til Noreg som flyktningkvalifikasjonar. Konsekvensen er at berre dei med stort "integreringspotensial" får reisa til Noreg.

Noreg sin flyktningpolitikk stadfestar eit mønster som avteiknar seg sterkare og sterkare i den globale migrasjonspolitikken: Dei vestlege landa har større og større arbeidskraftbehov i enkeltsektorar, og importerer selektivt faglært arbeidskraft inn i dei sektorane det trengs. Dette gjeld i alle vestlege land i innvandringspolitikken, medan USA er det einaste landet som har "behov for beskyttelse" som det einaste kriteriet i flyktningpolitikken.

Den globale migrasjonspolitikken aukar på dette viset kløfta mellom dei fattige og dei rike landa. Dei fattigaste landa vert tappa for kvalifisert arbeidskraft, medan dei rike landa gratis kan importera ferdig utdanna arbeidskraft.

Argumentet som blir vanlegvis vert brukt for å forsvara dagens "I-hjelp" i migrasjonspolitikken, er at dei som får arbeid i vestlege land sender pengar heim til familien sin. Pengar som i sin tur fører til utvikling i heimlandet. Det store minuset med dette argumentet, er at mange land har eit så kraftig underskotet på kvalifisert arbeidskraft, at byttet av arbeidskraft mot heimsendte pengar blir djupt urettferdig mot dei fattige landa.

Den globale migrasjonen kjem til å fortsetja, fordi den er ein nødvendig konsekvens av at verda vert mindre og mindre. Dette hindrar ikkje at me som rikt, vestleg land har eit spesielt ansvar for å bøta på den enorme ressursoverføringa frå sør til nord som migrasjonspolitikken er i ferd med å bli.

Noreg bør som USA slutta og setja krav om "integreringspotensial" for flyktningar. Det er eit brot med vår humanistiske tradisjon å vurdera flyktningar etter slike kriterium. Dessutan bør Noreg bli det fyrste vestlege landet som aktivt kompenserer fattige land for tapte investeringar i utdanning, når fagpersonell kjem hit til landet dei fyrste åra etter at dei er ferdig utdanna.

Det må også utarbeidast internasjonale retningslinjer for etisk rekrutterig av fagpersonell innanfor viktige migrasjonssektorar. Dersom dagens politikk fortset, vil den globale migrasjonspolitikken snart få sitt rette navn: Den nye imperialismen.

mandag, januar 01, 2007

Frykten for blåmandag


I avissamanheng har det siste året vore det mest innhaldsrike på mange år. Karikaturstriden og oppstarten av det fyrste norske nyhetsmagasinet Ny Tid, er truleg dei to viktigaste årsakene til at den norske offentligheten no framstår som meir interesssant enn den har gjort på lang tid.

Etter mitt syn brakte Ny Tid med seg ein frisk ny stil inn i norsk avisflora. Me treng eit nyhetsmagasin som set globale fokus på nasjonale utfordringar. Året sett under eitt, synes eg likevel at Ny Tid likevel har skuffa med sin nye profil. Det redaksjonelle stoffet er for ofte prega av hastverksarbeid og for liten journalistisk tyngde. Bokmeldingane er det tydlegaste teiknet på at Ny Tid har mange steg å gå før dei er levedyktige, meldingane ber ofte meir preg av å vera oppsummeringar enn kvalitetsvurderingar. Ny Tid har likevel satt viktig dagsorden i fleire saker i løpet av året, sjølv har eg hatt stort utbytte av fokuset dei har sett på norsk våpeneksport og på norsk kvalfangst.

Den viktigaste konsekvensen av Ny Tid sin nye profil, er truleg skjerpinga av konkurransen mellom dei andre avisene på venstresida dette har ført til. Etter mitt syn er både Klassekampen og Morgenbladet er blitt bedre aviser det siste året, og oftare og oftare opplever ein at dei er på høgde med sine danske storesøstre Information og Weekendavisen.

Uavhengig av politisk ståstad, er det dessutan eit stort privelegium for einkvar norsk avisnerd å lesa laurdagsavisa til Dagens Næringsliv. På sitt beste, er DN-laurdag både utfordrande, engasjerande og opplysande. Betre aviskompliment finnes ikkje. Så får me heller bera over med all den livsfjerne aksje- og kapitalromantikken som skjuler seg innimellom nyhets- og kulturstoffet.

Mykje tyder på at norske aviser vil møta ein ny og farleg trussel om to-tre år, det er den potensielle regjeringskoalisjonen mellom FrP og Høgre. Dei som meiner at dei gode kulturavisene og dei små lokalavisene er ein viktig del av kvardagen, burde lesa programma til desse partia snarast. Du vil oppdaga at valet i 2009 fort kan bli din tyngste blåmandag...

søndag, desember 31, 2006

Tid for klage, tid for dans


Me kjem ikkje utanom at 2006 i hovudsak har vore eit år av den gode sorten. Det mest gledelege er kanskje at den norske offentligheten endeleg har vakna etter mange års klimadvale. No er det også på dette området stor avstand mellom ord og handling, men det er likevel grunn til å gle seg over at klimapolitikken for fyrste gong har sett politisk dagsorden i år.

På det meir private planet, har eg for min eigen del nok ein gong gjennomført eit heller fortumla år. Ein kan undra seg over at enkelte av oss aldri ser ut til å læra av dei feila me gjer. År etter år rotar me oss bort i hovudlause prosjekt som me for lengst burde ha sett begrensinga i.

Uansett korleis ein ser på året som gjekk, ber desse dagane rundt nyårskiftet med seg ei særeigen forventning om det skal koma. På det politiske planet har eg brukbar tru på at 2007 kan bli året då Noreg endeleg oppdagar at forvaltninga av oljefondet er grovt uetisk, og at (delar av) fondet må brukast til fornybar energi og/eller til tiltak mot global fattigdom.

For min eigen del har eg mellom mykje anna planar om å gjennomføra ein halv maraton og læra meg å dansa tango innan 2006 er blitt til 2007. Du må gjerne le, men mindre skamlaus er eg ikkje. Så får tida visa om eg denne gongen har lært noko av mine endelause feilgrep...

mandag, desember 25, 2006

Julebad med bismak


Dei siste åra har bror min og meg hatt som fast tradisjon å ta oss ei forfriskande sjøbad før årets store etegilde startar på julafta. I år var eg på jobb til jul, så me måtte utsetja den årlege forfriskinga til idag. Uansett vart årets bad eit halvhjarta prosjekt, det gjev ikkje det vanlege kicket å bada når det er godt over 10 grader i vatnet.

La oss heller snakka om snøen som falt i fjor! Dagens bilete er frå julebadet i 2004. Det var dagar det!

søndag, desember 17, 2006

Melankoli i ei ulvetid


Kor lett er det ikkje å la seg fanga av melankolien i desse mørke desemberdagar? For tida kamperer eg i Bergen, og her har det regna så godt som kontinuerleg sidan eg kom til byen for ei dryg veke sidan. Dommedagsteiknet, som i følge bibelen er 40 dagar og 40 netter med regn, er for lengst passert.

I slike mørke tider har me ikkje anna val enn å fordjupa oss i melankolien, alt anna ville vera ei tanketom flukt. For min eigen del les eg to av haustens klimabøker, samtidig som eg prøver så godt som råd å halda fokus i den intensiverte integreringsdebatten her i landet.
I grunnen tilbyr begge desse debattane mat nok til årevis med depresjonar. Klimadebatten fordi politikarane synes ute av stand til å ta innover seg at me må redusera klimautsleppa med 80-90% innan 2030 om me skal unngå ukontrollerte klimaendringar som kan truga eksistensen vår. Bøkene eg les fortel meg at løysinga på klimautfordringa er relativ smertefri dersom me handlar no, samtidig som tida er knapp dersom me skal unngå dei mest dramtatiske scenaria.
Integrasjonsdebatten er deprimerande fordi det synes som ein sjølvoppfyllande profeti at denne debatten er dømt til å vera både framandfiendtleg og ute av fokus. Auken i global migrasjon er ein naturleg og nødvendig konsekvens av ei verd som vert mindre og mindre, og kor skiljet mellom fattig og rik vert større og større. Derfor kan heller ikkje FrP hindra at innvandringa til Noreg vil auka i åra framover. Dessutan er det få land som har like stort behov for arbeidsinnvandring som Noreg, me skrik etter såvel faglært som ufaglært arbeidskraft. I lys av desse innsiktene, burde det vera sjølvsagt at me tilstrebar eit multikulturelt samfunn kor dei etniske minoritetane har lik tilgang til arbeid og velferdsordningar som oss andre.
For å koma meg velberga gjennom slike tider, har eg dei siste dagane prøvd å finna trøyst i å ha Tolstoj sine samla noveller liggjande på nattbordet. Det gode med Tolstoj, er at han har ukueleg tru på både mennesket og på Gud. På sitt meisterlege vis, viser han korleis menneske som lever i ulvetider har ein særeigen hang til å ynskja og gjera det gode. Me får tru han har rett.

torsdag, desember 07, 2006

Draumen om eit bibliotek


Finnes det eit bibliotek som har så godt som alle viktige bøker, og nesten ingen av desse er utlånt? Eit bibliotek som fører alle dei viktigaste skandinaviske og engelskspråklege avisene og tidsskrifta i Europa? Eit bibliotek som dessutan lar deg ha 30-40 bøker heime samtidig, utan å uroa deg med bøter, trass i at du gong på gong leverer for seint? Det finnes eit, universitetsbiblioteket i Tromsø, i særklasse det beste biblioteket eg har kome ut for.

Kor viktig er det ikkje å ha eit godt bibliotek der ein bur? Biblioteket opnar vegar ut i verda, til andre tankar og idéar enn dei som elles fyller åra sin kvardagslege gang. Eg likar og tenkja at bøkene og biblioteka bergar meg frå det navlebeskuande, og at dei inspirerer meg til å utfordra rammene rundt dei vala eg gjer. Gje meg gjerne litt einsemd, så lenge det er eit smakfullt bibliotek i nærleiken. No kan det godt henda at alt dette er illusjonar, uansett regnar eg biblioteket som ein av dei viktigaste institusjonane me har.

Det er ingen grunn til å sei noko vondt om biblioteka i Oslo. Dei strevar med sitt, som alle oss andre. Likefullt konstanterer eg at ein storby som Oslo, aldri kan få eit like brukarvenleg bibliotek som UB i Tromsø. Det er for mange folk, for mange utlånte bøker og for mange utskrivne bøter, til at storbybiblioteka nokon gong kan nærma seg universitetsbiblioteket i Tromsø.

mandag, november 27, 2006

By utan politisk offentlighet?


Morten Strøksnes har dei siste åra skrevet fleire lesverdige bøker. "Hellig krig" frå 2001 er ei sterk framstilling av konflikten i Palestina, medan fjorårets bok "Snøen som falt i fjor" er eit utval av Strøksnes sine artiklar som journalist. Begge bøkene har fått gode kritikkar, og dei viser at Strøksnes er noko så sjeldan som kombinasjonen av ein uredd, polemisk skarp og nyskapande journalist.

No i haust er Strøksnes på ny ute med bok. Denne gongen har han skrevet om Nord-Norge, i ei bok med tittelen "Hva skjer i Nord-Norge?". Boka er kort sagt ei essayistisk reiseskildring med sterk brodd mot det Strøksnes hevdar er ei statleg overstyring av Nord-Norge dei siste tiåra.

I denne samanhengen skal det fyrst og fremst handla om den kritikken Strøksnes rettar mot Tromsø i boka si. Strøksnes presenterer nemleg ei rad kontroversielle påstandar om ståa i ishavsbyen, kor dei fleste fortener meir omtale enn dei til no har blitt tilgodesett i byens aviser.

Strøksnes meiner at både næringslivet og det politiske livet i Tromsø er prega av ein lukka kultur som svekkar byen si utvikling og byen si evne til nytenking. Han ser på Tromsø sin søknad om OL som "en økonomisk variant av å pisse i buksa for å holde seg varm", fordi ei statleg OL-overføring på 15-20 milliardar vil auka den statlege avhengigheten og ikkje føra til den varige veksten som Tromsø-regionen treng. Dessutan peikar Strøksnes på at Tromsø (og heile Nord-Norge) lir sterkt under at dei manglar ein politisk offentlighet og ein synleg intelligentsia.

Kva for reaksjonar har så desse påstandane vekt i Tromsø? Så godt som ingen. Dersom ein kvalifisert debattant hadde lagt fram liknande påstandar om ein av vestlandsbyane, er det all grunn til å tru at både akademia og media i Bergen og Stavanger ville ha brukt tid og spalteplass på å diskutera om vedkomande hadde rett.

Rett nok hadde Nordlys eit intervju med Strøksnes fredag 24.november. Der presenterer avisa Strøksnes sin kritikk av at Nord-Norge er ein splitta landsdel, mellom anna fordi Tromsø ikkje lever opp til statusen som regionhovudstad. Sjølv om denne påstanden er viktig nok, er den meir ufarleg og ukontroversiell enn dei andre påstandane om Tromsø i boka. Kvifor unngår Nordlys å omtala Strøksnes sin kritikk av næringsliv, politikk, media og akademia i Tromsø? Fryktar avisa denne kritikken?

For oss som har lese Nordlys dei siste åra, kjem det absolutt ikkje som noko overrasking at Nordlys vel og oversjå viktige røyster og argument i debatten om byen og landsdelen si framtid. Det er snarare blitt ein trend at det mediet som skal vera landsdelen sitt viktigaste debattforum, gjev liten eller ingen redaksjonell spalteplass til dei stemmene som er i utakt med redaksjonsleiinga sitt politiske syn. I lys av mellom anna dette, er det ikkje vanskeleg å vera einig med Morten Strøksnes i at Nordlys ikkje fungerer som den politiske offentligheten som landsdelen (og byen!) treng.

Tromsø har i løpet av dei siste to-tre åra bygt kulturinstitusjonar som kan konkurrera med langt større byar i Norge og Europa. Dersom den politiske offentligheten i byen skal fortsetja å vera eit kaffeslabberas kor berre dei som innehar dei rette haldningane vert invitert, er det likevel stor fare for at byen vil bli akterutseilt som kultur-, nærings- og utdanningsby. Når skal Nordlys innsjå dette?

søndag, november 12, 2006

Dødens elegi


"Døden inngikk ikke i min utdannelse. I løpet av tolv år på skolen og femten år ved forskjellige universiteter fikk jeg aldri noen utdannelse i kunsten å dø. Jeg tror ikke engang døden noengang ble nevnt."

Slik skriv Sven Lindquist i boka "Uttrydd hver eneste jævel". Denne og nokre andre tekstar eg har lese i det siste, har fått meg til å venda tilbake til refleksjonane over det moderne samfunnet sitt forhold til døden.

For nokre år sidan opplevde eg å bli brått og uventa alvorleg sjuk. Det vil vera feil å sei at eg var livstruande sjuk, snarare opplevde eg ein ny kvardag som skilte seg fundamentalt frå det livet eg til då hadde levd. I ein månads tid opplevde eg så stor smerte, at eg berre fann kvile i tanken på å døy. For meg, som fram til då hadde sett på livet som djupt meiningsfullt, vart dette naturleg nok ei skjelsetjande oppleving.

Mine tunge dagar endte etter nokre veker, og eg har for lenge sidan vendt tilbake til kjensla av at dei fleste kvardagar er gode dagar. Like fullt er det noko som har forandra seg etter denne opplevinga.

Det er vanleg å hevda at årsaka til at døden nærast er usynleg som eksistensielt problem i det moderne samfunnet, er at døden er den eine livserfaringa som ikkje lar seg forklara gjennom moderniteten sine forklaringsmodellar. Døden representerer noko anna enn alle dei andre problema me er stilt ovanfor. Døden lar seg ikkje fornekta eller helbreda, døden er endeleg og slik sett irrasjonell i eit moderne samfunn. Kan dette vera årsaka til at døden er blitt eit tabuemne i det offentlege rom?

Det manglar ikkje på treningsråd, livstilsråd, ernæringsråd og legeråd som skal rettleia oss i korleis me skal halda døden på avstand så lenge som mogeleg. Det som manglar er erkjenninga av døden som ein naturleg del av livet. Kva for konsekvensar har det at denne erkjenninga er blitt ukjent for oss i det moderne samfunnet? Mest iaugnefallande er det truleg at me har mista evna til å snakka om døden, både når nokon nær oss døyr eller når nokon me kjenner får veta at dei snart skal døy.

Ein anna konsekvens av at døden er blitt eit tabuemne, er at me har fått eit svakare forhold til døden som eksistensielt problem. Sjølv om livet sin midlertidige eksistens synes innlysande og sjølvsagt ved fyrste augnekast, vil eg hevda at alt for få har tatt innover seg konsekvensane av ei slik innsikt. Med overhengande fare for å verka moraliserande, trur eg at dei som har erkjent døden, både vil gjera andre livsval og setja større pris på livet sin kvardagslege gang, enn dei som ikkje har det.

"Dødens oppgave er å tvinge mennesket til vesentlighet", skriv Lindquist i boka si. Det er freistande å gje han rett.

mandag, november 06, 2006

Mellom tidsklemme og trongsyn



Eg har vore ein snartur heime på Tysnes. I nokre gamle papirstablar fant eg ei novelle eg skreiv for ein del år sidan. Her kjem det fyrste avsnittet:

"Eg skal alltid vera her. Det er dette som er min heim no, her skal eg leva til eg døyr. Dagar med stillstand og frustrasjon skal koma og gå, men eg skal vera her. Gå ned til sjøen ein tur, kjenne bølgjene frå ferga, fjorden og verda slå mot sjøstøvlane. Høyre måsane skrika ut verdas naud. Dei ber bod om at nokon treng meg der ute i verda, det er ikkje meininga at eg skal gå her med mi moralske uro og sulle. Men eg veit at dei skrik fånyttes, eg er komen for å bli. Eg er bonde no, far min ligg gamal og sjuk heime i stova, og framtida er her. "Faens-jævla-kuk-Tysnes" brølar eg ut mot fjorden. Ikkje eingong måsane lyftar hovudet, eg står her åleine no. 23 år og levande daud ein vinterdag nede ved fjorden."

Det er alltid morsomt å lesa tekstar ein skreiv for lenge sidan, desse orda kjennest svært fjerne idag. Likevel ber teksten sterkt preg av mitt vedvarande problematiske forhold til bygdenoreg dei siste åra. På den eine sida nyt eg ein heilt spesiell godhug for naturen og det langsame livet som bygdelivet inviterer til. Etter nokre veker i byen, lengtar eg alltid tilbake til sjøen, fjellet og raudvinsglaset mitt på Tysnes. På den andre sida er det noko innadvendt og eksluderande ved bygdelivet, som eg ikkje kan leva med meir enn nokre veker om gongen.

Samtidig er heller ikkje det urbane middel-klasselivet nokon enkel dans: Dei siste vekene har eg fått meir og meir hovudpine, fordi eg stressar for mykje og ikkje er flink nok til å tilpassa meg storbypulsen. Kva for eit liv skal ein arm stakkar velga, finnes det ein farbar veg mellom tidsklemme og trongsyn?

Det høyrer med til soga at denne novella gav meg plass på eit av forfattarstudia her i landet. Det skulle tatt seg ut! Som om det ikkje var nok bygdesnakk i norsk litteratur. Heldigvis var eg vitug nok til å takka nei til den studieplassen…

onsdag, november 01, 2006

I ironien si tid


Me lever i ironien og sarkasmen si tid. Den som ikkje meistrar desse verkemidla i sosiale og offentlege samanhengar, vil lett framstå som utdatert eller til om med som direkte dum.

Eg legg merke til at eg no i det siste, har hatt ein tendens til å skriva personlege tekstar her på bloggen som nesten er frie for ironi. Dette er ikkje uproblematisk, personlege tekstar utan ironisk distanse vil ofte lesast som pinlege i vår tid. Samtidig er eg ikkje i tvil om at det er rett å gjera opprør mot denne tendensen, det er jo tekstar utan ironisk distanse som har mest å fortelja.

Eller tar eg feil? Er den smarte ironien vår tids beste språklege verkemiddel, som er like eigna til å formidla personlege eller alvorstunge innsikter som tidlegare tider sine språklege rammeverk? Eg ser poenget, men trur ikkje på at ironien eignar seg til alle bodskap.

I staden har ironien gjort det enkelt og legitimt for mange å unngå dei vanskelegaste spørsmåla me står ovanfor. Kven treng bry seg om global oppvarming og aukande økonomisk skilje mellom fattig og rik, når det mest legitime er å halda ein ufarleg, ironisk avstand til slike store spørsmål?

Sjølv om eg for eigen del meiner å ha eit brukbart grep om dei seinaste åra sin smarte, mangetydige ironi, er det uungåeeleg å ikkje la seg irritera over det streke grepet ironien har over oss. I kveld var det tanken at eg skulle publisera ein tekst om det moderne samfunnet sitt forhold til døden, basert på eigne erfaringar. No tenkjer eg at det kanskje er best om eg lar teksten forbli upublisert i nokre år til...