torsdag, mai 18, 2006

Prisen å betala


Me er midt i mai, og vêrgudane tilgodesåg oss med 15 centimeter nysnø i dag! Dette har naturleg nok sett ein støkk i både folk og fé, kven er vel budd på snø etter at lauvet har spruttet?

Det er ikkje få gongar eg har prisa Tromsø for det stabile, gode vintervêret. Det skal eg ikkje gjera i dag, eg må nemleg innrømma at akkurat i dag lengtar eg heim att til Bergen, regnet og våren...

1 kommentar:

Øystein sa...

Eg må berre påpeika at "tilgodesåg" er eit usedvanleg godt ordval i denne samanhangen.