onsdag, januar 10, 2007

Det endelause vandrarliv


I haust mista eg grepet om tida. Med dette meiner eg at eg ikkje lenger styrte mi eiga tid, mangel på tom tid styrte i staden meg. Slik kan ein ikkje leva lenge, og som ein konsekvens av dette har eg no flytta til Sogn Studentby (sjå bilete).

Sjølv om eg berre har studert i fire-fem år, kjennest det underleg å nok ein gong starta eit semester på hybel som student. Dei aller fleste på min alder er for lengst trygt plassert i hus og jobb, med samling av pensjonspoeng og bruk av oppsparte BSU-midlar som meiningsskapande ramme om kvardagen. Det blir nok endå nokre år til eg startar det løpet, minstepensjonen blenkjer allereie i det fjerne...

Samtidig kjenner eg meg sjeldan priviligert. Kva er vel pensjonspoeng og BSU-midlar mot dei mange frie, gode åra eg har fått? Her bur og lever eg på mine tilmålte 11m2. Det kan høyras lite ut, men til mitt bruk er det meir enn nok. Her har eg også det eg aldri fant på Grønland : Lange, stillfarne dagar utan anna innhald enn lesing, skriving, surfing og trening. Kva meir kan ein spørja etter?

2 kommentarer:

Ronny K sa...

Begynner ikke den biologiske klokka å tikke Askild?

Husk de 4 v'ene!
Villa Viv Volvo og Vov :)

Askild sa...

Vel, av dei fire v'ane er det i beste fall berre viv som er aktuell. Dei tre andre tilhøyrer ein draum eg aldri vore ein del av...