fredag, januar 12, 2007

Når staten drep


2007 starta på mest brutale vis med den kringkasta dødsstraffen mot Saddam Hussein. For dei fleste av oss er ikkje dødsstraff berre eit brot på menneskerettane, den er også eit brot med det moderne rettsforståinga som ligg til grunn for det liberale demokratiet.

Motstanden mot dødsstraff er likevel ikkje unison. Palestina-aktivisten og den omvendte muslimen Trond Ali Lindstad har fått to siders spalteplass i Klassekampen til å presentera Saddam Hussein sin blodige biografi. Biografien vert avslutta med eit prinsippielt forsvar av dødsstraff:

"Saddam er blitt hengt i galgen. Andre kunne ha fulgt ham. Men henrettelsen var riktig. Krigsforbrytelser må gjøres opp. Vi visste det i Norge også, etter vår egen krig, da forbryterne ble stilt mot pelotongen, for avretting. Saddams død gir ikke Irak fred. Men det er en annen sak. Hans reise til den neste verden var en nødvendighet. Og så fortsetter krigen for fred."

Det er deprimerande å lesa slike ord i Noreg i 2007. Lindstad si samankobling av brotsverka Saddam har gjort, og dødsstraff som nødvendig svar på slike brotsverk, er eit steg tilbake til gamaltestamentleg "auge-for-auge, tann-for-tann"-tankegang. Rettssystemet er etablert for å sikra at andre motiv enn hevn får relevans i straffeutmålinga, den moderne rettsstaten skal aldri dømma på same grunnlag som forbrytaren.

USA er vårt mest grelle eksempel på at også moderne rettstatar utøver dødsstraff. Dette kan likevel ikkje hindra oss i å framheva det liberale synspunktet på dødstraff, det er at dødsstraff er uttrykk for eit samfunn som hevnar seg på forbrytarvis.

1 kommentar:

Målmannen sa...

Du må ikkje gløyma at Linstad er muslim og varm ven av Ahmadinejad-regimet i Iran. I motsetnad til kristendomen kjem islam hev påbod um dødsstraff for ei lang rad med "brotsverk" (som til dømes konvertering til kristendomen). Det vilde vera uppsiktsvekkjande um ein fyr som Lindstad skulde vera mot dødsstraff.