søndag, januar 28, 2007

Det er Fosse


Eg er nesten aldri på rangel her i byen. I natt gjorde eg eit sjeldan unntak.

På mi fortumla ferd gjennom Oslo-natta traff eg ein av våre fremste historikarar. Det meste som var sagt mellom oss, fell inn under kategorien "pisspreik", og kan like godt gløymast fyrst som sist. Eit av utsagna hans har likevel uroa meg utover dagen i dag. Denne historikaren, som elles er ein gåverik skribent og tenkjar, meinte nemleg i fullt alvor at Jon Fosse er ein oppskrytt og i beste fall middelmådig forfattar.

For eigen del, regnar eg Fosse som vår kanskje største nolevande forfattar. Fosse skriv enkelt og djupt eksistensielt samtidig, i eit særeige språk som ikkje minner om nokon annan forfattar eg har lese.

Romanen "Det er Ales", som eg har lese for andre gong idag, er eit godt døme på det typiske i Fosse-landskapet. "Det er Ales" er ei kjærleikssoge om Signe og Asle. For over 20 år sidan drog Asle på sjøen for å fiska, han kom aldri attende. Fosse vekslar mellom notid og fortid for å visa korleis Signe sitt liv gjekk i stå den novemberdagen Asle kom bort, ho har aldri har kome seg vidare etter at Asle forsvann på sjøen.

Menneska i Fosse sine romanar er som oss andre. Dei gjer sitt beste for å nå kvarandre med orda sine, men endar med å verta misforstått. Som alle gode Jon Fosse-bøker, vert "Det er Ales" sitjande att i kroppen etter at ho er ferdiglesen. Språket til Jon Fosse er kjenneteikna av endelause gjentakingar. Dette skapar ein litterær musikk, som ein vert gåande og nynna på lenge etter at boka er ferdiglesen.

Litterær smak og kvalitet er vel knapt nok mogeleg å diskutera? Det er likevel vanskeleg for meg å forstå, at ein så erfaren lesar som denne historikaren eg traff i natt, i fullt alvor kan synast at Fosse er ein middelmådig forfattar. Er det han eller eg som er galen?

7 kommentarer:

Øystein sa...

De er båe galne, på kvar dykkar måtar. Denne ikkje namngivne historikaren høyrest ganske bastant ut i si negative vurdering av Noregs mest kjende nolevande dramatikar. Fosse har vel vunne like mange prisar som han har skrive bøker, nesten, og når så mange vurderer han positivt er det uklokt å vera skråsikker i motsatt retning. Med mindre ein gjer det med vitande og vilje, sjølvsagt. Å verta lagt merke til er ein eigen valuta i Noreg. Eg seier ikkje meir.

Du er galen på den måten at du vil la spørsmålet om litterær kvalitet vera opp til kvar enkelt. Det er som å bryta all kommunikasjon. Det er som å overlata makta til Frp. Denne historikaren slepp jo ganske lett ut bakvegen (som er vår tids framste hinder for fornuftig meiningsutveksling; relativismen), når han slepp å svara for korleis han grunngjev sine meiningar. Du peiker sjølv på eit av dei mest sentrale kriteriene for litterær kvalitet, originalitet. Det har Fosse. Samtidig må ein kunne kjenna seg att i det som vert skrive, det gjer ein til gagns hos Fosse, kor mykje av det me seier i dagligtalen er ikkje berre repetisjon av ting me har sagt tusen gonger før? Og så er det balansegangen mellom kompleksitet og enkelheit. Treffande språklege bilete. Etcetera, etcetera. Når ein på denne måten bryt det uhamselege omgrepet "litterær kvalitet" ned i mindre bestanddelar, lar det seg absolutt diskutera. (Erik Bjerck Hagens bok om litteraturkritikk gir ei god innføring i kva kritierer som ligg til grunn i god litteratur). Eg har lenge mistenkt at ordet 'kvalitet' gjer ting unødvendig vanskeleg. For kva er kvalitet når ein tenkjer etter? Jau, det er korleis noko er. Med andre ord, korleis kvaliteten på noko er = sirkeldefinisjon. Det hevdar i alle fall Robert Pirsig i "Zen og kunsten å vedlikeholde en motorsykkel" (som eg fekk låna av vår felles ven, Knut). Viss ein vil verta forvirra når det gjeld kva kvalitet er, kan eg trygt anbefala den.

Askild sa...

Eg ser at du les meg som uforsonleg og kompromisslaus i mi vurdering av Jon Fosse sin forfattarskap. Det var aldri min intensjon å framstå slik, men eg skjønar at det er nærliggjande fordi eg har ein hang til å vera kjepphøg i mine blogginnlegg. Eg får prøva å skjerpa meg, det blir for dumt å framstå skråsikker av ein udanna lesar som meg...

Eg skjønar likevel ikkje heilt korleis du er komen til at eg ikkje vil la litterær smak vera opp til kvar enkelt. Det vil eg sjølvsagt, litt harselerande må ein no ha lov til å vera i eit blogginnlegg.

Anonym sa...

No er det eg som er forvirra. Eg meinte altså at det var denne historikaren som var kjepphøg og kompromisslaus. Kva argument hadde han for si negative vurdering av Fosse? Di eiga vurdering av Fosse tykkjer eg er klok og innsiktsfull. Er det mogeleg at eg kan ha vore såpass uklår i min kommentar?

Og motsett skriv du "Eg skjønar ikkje korleis du er komen til at eg ikkje vil la litterær smak vera opp til kvar enkelt, det vil eg sjølvsagt.". Eg skriv at du VIL la det vera opp til kvar enkelt, og det er eg ueinig i. Eg meiner nettopp ikkje at det skal vera opp til kvar enkelt. Det herskar fagleg semje om kva kritierier (i alle fall om dei viktigaste) som skal ligga til grunn for litterær kvalitet. Det er ikkje godt nok å sei at smaken er som baken. Det finst gode grunnar til at Frid Ingulstad ikkje har noko i Forfattarforeininga å gjera, for å seia det på ein annan måte.

Anonym sa...

Her trakk du deg lovlig lett tilbake, Gjerstad. "Udanna lesar"? Det får være grenser for beskjedenhet. Neste gang får du stå inne for det du skriver. Dette blir for defensivt!

Øystein sa...

Du har også rett, Askild, spesielt i det med tematisk kvalitet. Men du innrømmer jo òg på sett og vis at du ikkje nødvendigvis vurderer bøker om kall som høglitterære, men meir som interessante ut frå personlege preferansar. På det nivået er det subjektiviteten som råder, det må eg gi deg riktig i. LIkevel vil eg vurdera kalls-tanken som eit "høgare" tema enn til dømes dei ein finn i den nye jentelitteraturen (chic lit) som er shopping og kjærestar, for å ta ei banal samanlikning.

Slik eg oppfatta historikaren som var utgangspunktet for mine reaksjonar, ytra han seg meir generelt enn ut frå reint privat-tematiske preferansar.

Elles, ta gjerne ein kikk innom min blogg, Hovudsaker. Han er ikkje like god som din, men betre enn ingenting.

Øystein sa...

Det skjedde visst noko gale med linken. Adressa er: http://hovudsaker.wordpress.com/

Askild sa...

Eg har det nok med å bli litt bastant. Eg er knappast sikker på om eg kan stå inne for alt eg har skrevet i dette ordskiftet. Me får tru at eg lærer, og blir meir presis og lågmælt med åra.

Uansett var det artig å lesa bloggen din, eg håpar det er ok at eg har lagt deg inn under "Bra folk med blogg"!