søndag, desember 31, 2006

Tid for klage, tid for dans


Me kjem ikkje utanom at 2006 i hovudsak har vore eit år av den gode sorten. Det mest gledelege er kanskje at den norske offentligheten endeleg har vakna etter mange års klimadvale. No er det også på dette området stor avstand mellom ord og handling, men det er likevel grunn til å gle seg over at klimapolitikken for fyrste gong har sett politisk dagsorden i år.

På det meir private planet, har eg for min eigen del nok ein gong gjennomført eit heller fortumla år. Ein kan undra seg over at enkelte av oss aldri ser ut til å læra av dei feila me gjer. År etter år rotar me oss bort i hovudlause prosjekt som me for lengst burde ha sett begrensinga i.

Uansett korleis ein ser på året som gjekk, ber desse dagane rundt nyårskiftet med seg ei særeigen forventning om det skal koma. På det politiske planet har eg brukbar tru på at 2007 kan bli året då Noreg endeleg oppdagar at forvaltninga av oljefondet er grovt uetisk, og at (delar av) fondet må brukast til fornybar energi og/eller til tiltak mot global fattigdom.

For min eigen del har eg mellom mykje anna planar om å gjennomføra ein halv maraton og læra meg å dansa tango innan 2006 er blitt til 2007. Du må gjerne le, men mindre skamlaus er eg ikkje. Så får tida visa om eg denne gongen har lært noko av mine endelause feilgrep...

mandag, desember 25, 2006

Julebad med bismak


Dei siste åra har bror min og meg hatt som fast tradisjon å ta oss ei forfriskande sjøbad før årets store etegilde startar på julafta. I år var eg på jobb til jul, så me måtte utsetja den årlege forfriskinga til idag. Uansett vart årets bad eit halvhjarta prosjekt, det gjev ikkje det vanlege kicket å bada når det er godt over 10 grader i vatnet.

La oss heller snakka om snøen som falt i fjor! Dagens bilete er frå julebadet i 2004. Det var dagar det!

søndag, desember 17, 2006

Melankoli i ei ulvetid


Kor lett er det ikkje å la seg fanga av melankolien i desse mørke desemberdagar? For tida kamperer eg i Bergen, og her har det regna så godt som kontinuerleg sidan eg kom til byen for ei dryg veke sidan. Dommedagsteiknet, som i følge bibelen er 40 dagar og 40 netter med regn, er for lengst passert.

I slike mørke tider har me ikkje anna val enn å fordjupa oss i melankolien, alt anna ville vera ei tanketom flukt. For min eigen del les eg to av haustens klimabøker, samtidig som eg prøver så godt som råd å halda fokus i den intensiverte integreringsdebatten her i landet.
I grunnen tilbyr begge desse debattane mat nok til årevis med depresjonar. Klimadebatten fordi politikarane synes ute av stand til å ta innover seg at me må redusera klimautsleppa med 80-90% innan 2030 om me skal unngå ukontrollerte klimaendringar som kan truga eksistensen vår. Bøkene eg les fortel meg at løysinga på klimautfordringa er relativ smertefri dersom me handlar no, samtidig som tida er knapp dersom me skal unngå dei mest dramtatiske scenaria.
Integrasjonsdebatten er deprimerande fordi det synes som ein sjølvoppfyllande profeti at denne debatten er dømt til å vera både framandfiendtleg og ute av fokus. Auken i global migrasjon er ein naturleg og nødvendig konsekvens av ei verd som vert mindre og mindre, og kor skiljet mellom fattig og rik vert større og større. Derfor kan heller ikkje FrP hindra at innvandringa til Noreg vil auka i åra framover. Dessutan er det få land som har like stort behov for arbeidsinnvandring som Noreg, me skrik etter såvel faglært som ufaglært arbeidskraft. I lys av desse innsiktene, burde det vera sjølvsagt at me tilstrebar eit multikulturelt samfunn kor dei etniske minoritetane har lik tilgang til arbeid og velferdsordningar som oss andre.
For å koma meg velberga gjennom slike tider, har eg dei siste dagane prøvd å finna trøyst i å ha Tolstoj sine samla noveller liggjande på nattbordet. Det gode med Tolstoj, er at han har ukueleg tru på både mennesket og på Gud. På sitt meisterlege vis, viser han korleis menneske som lever i ulvetider har ein særeigen hang til å ynskja og gjera det gode. Me får tru han har rett.

torsdag, desember 07, 2006

Draumen om eit bibliotek


Finnes det eit bibliotek som har så godt som alle viktige bøker, og nesten ingen av desse er utlånt? Eit bibliotek som fører alle dei viktigaste skandinaviske og engelskspråklege avisene og tidsskrifta i Europa? Eit bibliotek som dessutan lar deg ha 30-40 bøker heime samtidig, utan å uroa deg med bøter, trass i at du gong på gong leverer for seint? Det finnes eit, universitetsbiblioteket i Tromsø, i særklasse det beste biblioteket eg har kome ut for.

Kor viktig er det ikkje å ha eit godt bibliotek der ein bur? Biblioteket opnar vegar ut i verda, til andre tankar og idéar enn dei som elles fyller åra sin kvardagslege gang. Eg likar og tenkja at bøkene og biblioteka bergar meg frå det navlebeskuande, og at dei inspirerer meg til å utfordra rammene rundt dei vala eg gjer. Gje meg gjerne litt einsemd, så lenge det er eit smakfullt bibliotek i nærleiken. No kan det godt henda at alt dette er illusjonar, uansett regnar eg biblioteket som ein av dei viktigaste institusjonane me har.

Det er ingen grunn til å sei noko vondt om biblioteka i Oslo. Dei strevar med sitt, som alle oss andre. Likefullt konstanterer eg at ein storby som Oslo, aldri kan få eit like brukarvenleg bibliotek som UB i Tromsø. Det er for mange folk, for mange utlånte bøker og for mange utskrivne bøter, til at storbybiblioteka nokon gong kan nærma seg universitetsbiblioteket i Tromsø.

mandag, november 27, 2006

By utan politisk offentlighet?


Morten Strøksnes har dei siste åra skrevet fleire lesverdige bøker. "Hellig krig" frå 2001 er ei sterk framstilling av konflikten i Palestina, medan fjorårets bok "Snøen som falt i fjor" er eit utval av Strøksnes sine artiklar som journalist. Begge bøkene har fått gode kritikkar, og dei viser at Strøksnes er noko så sjeldan som kombinasjonen av ein uredd, polemisk skarp og nyskapande journalist.

No i haust er Strøksnes på ny ute med bok. Denne gongen har han skrevet om Nord-Norge, i ei bok med tittelen "Hva skjer i Nord-Norge?". Boka er kort sagt ei essayistisk reiseskildring med sterk brodd mot det Strøksnes hevdar er ei statleg overstyring av Nord-Norge dei siste tiåra.

I denne samanhengen skal det fyrst og fremst handla om den kritikken Strøksnes rettar mot Tromsø i boka si. Strøksnes presenterer nemleg ei rad kontroversielle påstandar om ståa i ishavsbyen, kor dei fleste fortener meir omtale enn dei til no har blitt tilgodesett i byens aviser.

Strøksnes meiner at både næringslivet og det politiske livet i Tromsø er prega av ein lukka kultur som svekkar byen si utvikling og byen si evne til nytenking. Han ser på Tromsø sin søknad om OL som "en økonomisk variant av å pisse i buksa for å holde seg varm", fordi ei statleg OL-overføring på 15-20 milliardar vil auka den statlege avhengigheten og ikkje føra til den varige veksten som Tromsø-regionen treng. Dessutan peikar Strøksnes på at Tromsø (og heile Nord-Norge) lir sterkt under at dei manglar ein politisk offentlighet og ein synleg intelligentsia.

Kva for reaksjonar har så desse påstandane vekt i Tromsø? Så godt som ingen. Dersom ein kvalifisert debattant hadde lagt fram liknande påstandar om ein av vestlandsbyane, er det all grunn til å tru at både akademia og media i Bergen og Stavanger ville ha brukt tid og spalteplass på å diskutera om vedkomande hadde rett.

Rett nok hadde Nordlys eit intervju med Strøksnes fredag 24.november. Der presenterer avisa Strøksnes sin kritikk av at Nord-Norge er ein splitta landsdel, mellom anna fordi Tromsø ikkje lever opp til statusen som regionhovudstad. Sjølv om denne påstanden er viktig nok, er den meir ufarleg og ukontroversiell enn dei andre påstandane om Tromsø i boka. Kvifor unngår Nordlys å omtala Strøksnes sin kritikk av næringsliv, politikk, media og akademia i Tromsø? Fryktar avisa denne kritikken?

For oss som har lese Nordlys dei siste åra, kjem det absolutt ikkje som noko overrasking at Nordlys vel og oversjå viktige røyster og argument i debatten om byen og landsdelen si framtid. Det er snarare blitt ein trend at det mediet som skal vera landsdelen sitt viktigaste debattforum, gjev liten eller ingen redaksjonell spalteplass til dei stemmene som er i utakt med redaksjonsleiinga sitt politiske syn. I lys av mellom anna dette, er det ikkje vanskeleg å vera einig med Morten Strøksnes i at Nordlys ikkje fungerer som den politiske offentligheten som landsdelen (og byen!) treng.

Tromsø har i løpet av dei siste to-tre åra bygt kulturinstitusjonar som kan konkurrera med langt større byar i Norge og Europa. Dersom den politiske offentligheten i byen skal fortsetja å vera eit kaffeslabberas kor berre dei som innehar dei rette haldningane vert invitert, er det likevel stor fare for at byen vil bli akterutseilt som kultur-, nærings- og utdanningsby. Når skal Nordlys innsjå dette?

søndag, november 12, 2006

Dødens elegi


"Døden inngikk ikke i min utdannelse. I løpet av tolv år på skolen og femten år ved forskjellige universiteter fikk jeg aldri noen utdannelse i kunsten å dø. Jeg tror ikke engang døden noengang ble nevnt."

Slik skriv Sven Lindquist i boka "Uttrydd hver eneste jævel". Denne og nokre andre tekstar eg har lese i det siste, har fått meg til å venda tilbake til refleksjonane over det moderne samfunnet sitt forhold til døden.

For nokre år sidan opplevde eg å bli brått og uventa alvorleg sjuk. Det vil vera feil å sei at eg var livstruande sjuk, snarare opplevde eg ein ny kvardag som skilte seg fundamentalt frå det livet eg til då hadde levd. I ein månads tid opplevde eg så stor smerte, at eg berre fann kvile i tanken på å døy. For meg, som fram til då hadde sett på livet som djupt meiningsfullt, vart dette naturleg nok ei skjelsetjande oppleving.

Mine tunge dagar endte etter nokre veker, og eg har for lenge sidan vendt tilbake til kjensla av at dei fleste kvardagar er gode dagar. Like fullt er det noko som har forandra seg etter denne opplevinga.

Det er vanleg å hevda at årsaka til at døden nærast er usynleg som eksistensielt problem i det moderne samfunnet, er at døden er den eine livserfaringa som ikkje lar seg forklara gjennom moderniteten sine forklaringsmodellar. Døden representerer noko anna enn alle dei andre problema me er stilt ovanfor. Døden lar seg ikkje fornekta eller helbreda, døden er endeleg og slik sett irrasjonell i eit moderne samfunn. Kan dette vera årsaka til at døden er blitt eit tabuemne i det offentlege rom?

Det manglar ikkje på treningsråd, livstilsråd, ernæringsråd og legeråd som skal rettleia oss i korleis me skal halda døden på avstand så lenge som mogeleg. Det som manglar er erkjenninga av døden som ein naturleg del av livet. Kva for konsekvensar har det at denne erkjenninga er blitt ukjent for oss i det moderne samfunnet? Mest iaugnefallande er det truleg at me har mista evna til å snakka om døden, både når nokon nær oss døyr eller når nokon me kjenner får veta at dei snart skal døy.

Ein anna konsekvens av at døden er blitt eit tabuemne, er at me har fått eit svakare forhold til døden som eksistensielt problem. Sjølv om livet sin midlertidige eksistens synes innlysande og sjølvsagt ved fyrste augnekast, vil eg hevda at alt for få har tatt innover seg konsekvensane av ei slik innsikt. Med overhengande fare for å verka moraliserande, trur eg at dei som har erkjent døden, både vil gjera andre livsval og setja større pris på livet sin kvardagslege gang, enn dei som ikkje har det.

"Dødens oppgave er å tvinge mennesket til vesentlighet", skriv Lindquist i boka si. Det er freistande å gje han rett.

mandag, november 06, 2006

Mellom tidsklemme og trongsyn



Eg har vore ein snartur heime på Tysnes. I nokre gamle papirstablar fant eg ei novelle eg skreiv for ein del år sidan. Her kjem det fyrste avsnittet:

"Eg skal alltid vera her. Det er dette som er min heim no, her skal eg leva til eg døyr. Dagar med stillstand og frustrasjon skal koma og gå, men eg skal vera her. Gå ned til sjøen ein tur, kjenne bølgjene frå ferga, fjorden og verda slå mot sjøstøvlane. Høyre måsane skrika ut verdas naud. Dei ber bod om at nokon treng meg der ute i verda, det er ikkje meininga at eg skal gå her med mi moralske uro og sulle. Men eg veit at dei skrik fånyttes, eg er komen for å bli. Eg er bonde no, far min ligg gamal og sjuk heime i stova, og framtida er her. "Faens-jævla-kuk-Tysnes" brølar eg ut mot fjorden. Ikkje eingong måsane lyftar hovudet, eg står her åleine no. 23 år og levande daud ein vinterdag nede ved fjorden."

Det er alltid morsomt å lesa tekstar ein skreiv for lenge sidan, desse orda kjennest svært fjerne idag. Likevel ber teksten sterkt preg av mitt vedvarande problematiske forhold til bygdenoreg dei siste åra. På den eine sida nyt eg ein heilt spesiell godhug for naturen og det langsame livet som bygdelivet inviterer til. Etter nokre veker i byen, lengtar eg alltid tilbake til sjøen, fjellet og raudvinsglaset mitt på Tysnes. På den andre sida er det noko innadvendt og eksluderande ved bygdelivet, som eg ikkje kan leva med meir enn nokre veker om gongen.

Samtidig er heller ikkje det urbane middel-klasselivet nokon enkel dans: Dei siste vekene har eg fått meir og meir hovudpine, fordi eg stressar for mykje og ikkje er flink nok til å tilpassa meg storbypulsen. Kva for eit liv skal ein arm stakkar velga, finnes det ein farbar veg mellom tidsklemme og trongsyn?

Det høyrer med til soga at denne novella gav meg plass på eit av forfattarstudia her i landet. Det skulle tatt seg ut! Som om det ikkje var nok bygdesnakk i norsk litteratur. Heldigvis var eg vitug nok til å takka nei til den studieplassen…

onsdag, november 01, 2006

I ironien si tid


Me lever i ironien og sarkasmen si tid. Den som ikkje meistrar desse verkemidla i sosiale og offentlege samanhengar, vil lett framstå som utdatert eller til om med som direkte dum.

Eg legg merke til at eg no i det siste, har hatt ein tendens til å skriva personlege tekstar her på bloggen som nesten er frie for ironi. Dette er ikkje uproblematisk, personlege tekstar utan ironisk distanse vil ofte lesast som pinlege i vår tid. Samtidig er eg ikkje i tvil om at det er rett å gjera opprør mot denne tendensen, det er jo tekstar utan ironisk distanse som har mest å fortelja.

Eller tar eg feil? Er den smarte ironien vår tids beste språklege verkemiddel, som er like eigna til å formidla personlege eller alvorstunge innsikter som tidlegare tider sine språklege rammeverk? Eg ser poenget, men trur ikkje på at ironien eignar seg til alle bodskap.

I staden har ironien gjort det enkelt og legitimt for mange å unngå dei vanskelegaste spørsmåla me står ovanfor. Kven treng bry seg om global oppvarming og aukande økonomisk skilje mellom fattig og rik, når det mest legitime er å halda ein ufarleg, ironisk avstand til slike store spørsmål?

Sjølv om eg for eigen del meiner å ha eit brukbart grep om dei seinaste åra sin smarte, mangetydige ironi, er det uungåeeleg å ikkje la seg irritera over det streke grepet ironien har over oss. I kveld var det tanken at eg skulle publisera ein tekst om det moderne samfunnet sitt forhold til døden, basert på eigne erfaringar. No tenkjer eg at det kanskje er best om eg lar teksten forbli upublisert i nokre år til...

tirsdag, oktober 24, 2006

Bortanfor lønsarbeid og privat eigedom








For nokre år sidan budde eg i to periodar i to ulike landbrukskollektiv i Skottland og Irland. I førre veke var eg tilbake på besøk i mitt gamle kollektiv i Skottland (sjå biletserie). Sjølv om eg idag lever eit urbant middelklasseliv milevis frå dagane mine på landsbygda i Skottland og Irland, er det ingen tvil om at tida mi i desse kollektiva i sterk grad påverkar synet mitt på det moderne samfunnet.

Loch Arthur Community ligg vakkert til på den skotske landsbygda nesten 15 kilometer frå den halvstore byen Dumfries nær grensa til England. I dette landbrukskollektivet bur omlag 70 innbyggjarar, kor omlag 30 er psykisk utviklingshemma. Loch Arthur er ein del av Camphill-rørsla, som er ein antroposofisk institusjonsform for psykisk og fysisk utviklingshemma.

Noko av det særeigne ved desse institusjonane (landsbyane), er at dei ofte er bygd opp rundt ei stor, økologisk gardsdrift. I min skotske landsby var me omkring 70 innbyggjarar som mellom anna dreiv ein økologisk gard på nesten 2000 mål (2km2) dyrka jord med 300 storfe, 400 sauer, 25 mjølkekyr, 50 frie høner i tillegg til omfattande grønsaksproduksjon. Ein del av oss arbeidde i gardsdrifta, men dei fleste hadde arbeidsplassar i bakeriet, vevstova, ysteriet, kjøkkenet eller i hagebruket. Dessutan var me så heldige å ha ein eigen innsjø på garden, derifrå kjem også navnet "Loch Arthur Community".

Livet i camphill bryt med det vanlege, moderne livet på mange område. Kort sagt, representerer Camphill-landsbyane på sitt særeigne vis realiseringa av ein sosialistisk utopi. Her er for det fyrste arbeidslivet frigjort frå løna, og den kollektive buforma gjer at behovet for individuell eigedom fell vekk. Dessutan er det høg grad av sjølvforsyning i Loch Arthur. Både mat- og kulturproduksjonen er bygd opp rundt kva innbyggjarane tar initativ til i Camphill-landsbyane. Dette står i sterk kontrast til det moderne livet, kor dei fleste av oss er konsumentar av ferdig vare i både mat- og kulturvegen.

Dagane mine i Loch Arthur har utfordra korleis eg tenkjer om både samfunnet og mitt eige liv på. På eit praktisk nivå har denne tida lært meg at det eigedomsfrie livet er eit svært viktig ideal å ha med seg i eit vestleg, høgkonsumerande samfunn. På eit meir teoretisk nivå utfordrar Camphill-livet oppfatninga om kvar grensa for normalitet går. I Loch Arthur brukte me ikkje eigne ord for å skilja kven som var "normale" (pleiar, assistent osb.) og kven som ikkje var det (pasient, bebuar osb.), slike ord var rett og slett ikkje i bruk. Ved sida av at grensa for normalitet vart utfordra, førte dette til større likeverd for dei psykisk utviklingshemma enn det er mogeleg å oppnå i ein vanleg institusjon.

Heller ikkje Camphill-livet var utan bakside. Hovudårsaka til at eg aldri kunne ha levd meir enn eit år med ein slik livsstil, er den høge intensiteten i kvardagen i Camphill. Eg var fullstendig utslitt då eg reiste derifrå etter eit år, samtidig som eg tenkjer at denne tida kanskje er den rikaste eg har hatt.

Det er aldri enkelt å leva som ein lærer, og sjølv lever eg langtfrå mange av erkjenningane eg har med meg frå tida i Camphill. Uansett er det eit sjeldan privelegium å ha fått sjansen til bu i eit vestleg samfunn, kor sentrale omgrep som "arbeid", "løn", "fritid" og "normal" har eit heilt andre rammer enn det vårt samfunn legg til rette for.

Det er ingen grunn til å skjula at eg med jamne mellomrom drøymer om å gjera vendereis til mine dagar som gardsgut på kost og logi. Når eg stressar som verst her i byen, og beinflyr frå den eine forelesninga til det neste møtet, dagdrøymer eg om mine frie, sutalause dagar som fri og frank gardsgut utan andre faste utgifter enn tilsendte bok- og avispakkar frå Noreg...

fredag, oktober 13, 2006

Songen om oss


Det er ikkje så ofte ein får personlege brev i vår tid. I dag har eg fått eit brev av denne sjeldne sorten. Avsendar: Ingen ringare enn Sportsklubben Brann.

Livsledsagaren min fortel meg i langdryge ordelag at dei har fått nok av at eg sit på min faste plass på stadion kamp etter kamp, no får det vera jamnt nok! Til våren får eg anten finna meg ein ny hobby, eller ta til takke med ein langt dårlegare (og dyrare!) plass på andre sida av stadion. Mellom linjene les eg at her skjuler det seg noko meir, korleis har det gått til at eg er blitt uynskt i min andre heim?

Eg burde vel ha visst det. Det manglar ikkje på teikn i tida som tyder på at den gjensidige, varige kjærleiken høyrer fortida til. Samtidig har eg alltid gått her og tenkt at forholdet vårt er av det unike, tidlause slaget.

Ingen skal sei at me ikkje har tolt å leva saman i motgang. Sidan det vart alvor mellom oss i 1989, har det vore langt fleire nedturar enn oppturar, kor mange gongar har eg ikkje reist slukøyra heim etter nok eit nederlag av den pinlege sorten?

Samtidig har me vore betre enn nokon andre på å feira oppturane. Ofte har me levd i månader og år på nokre augneblinks magi, som har gitt kveldar av den sjeldne sorten. Me kjem likevel ikkje frå at det er nedturane som har rissa opp konturane i vår forteljing, åra våre saman har vore forteljinga om potensialet som aldri blir forløyst.

Eitt skal me likevel ha: Me har aldri telt nederlaga. Same kor langt nede i skiten me har vore, har me alltid trudd på framtida. Lengst nede var me nok ein vårkveld i Trondheim i 1996. I månadsvis hadde eg gledd meg, endeleg skulle me til Trondheim og gjera byen til vår. Den kvelden vart eit lite mareritt, utover kvelden stilna songen vår om at "Vi er så god at det går nesten ikkje an." Men sjølv på vår svartaste kveld, visste me innerst inne at det gode skulle sigra til slutt...

Etter alle desse åra med nederlag, har det vore noko stort i emning i år. Endeleg skulle me få godtgjort alle nedturane.

I staden kjem det altså eit personleg brev i posten. Eit brev som både i ordlyd og innhald fortel oss at klubben vår er i ferd med å bli for stor for oss vanlege, trauste Brannsupporterar. Ein kjenner for fyrste gong lukta av gull i Bergen, då er ikkje vår truskap verdt noko lenger.

Det er nok på tide å sjå seg om etter ein ny lidenskap. Det seiest at golf er den nye vinen, kanskje det kan vera noko?

onsdag, oktober 11, 2006

Kvardagens opium




I mange samanhengar er det vanskeleg å innrømma ovanfor seg sjølv at ein ikkje er i takt med si eiga tid og sin eigen generasjon. I andre samanhengar kjennest det som eit privelegium å vera utdatert. Når det kjem til avislesing, er eg sjeleglad for å vera av den gamle skulen.

I fredagens utgåve av Information er det fokus på den noko nedslåande utviklinga som har prega oppslagstala til avisene i Europa dei siste åra. Dei aller fleste aviser opplever fallande opplag og stort fråfall av lesarar, spesielt er det mange unge lesarar som vel å lesa aviser gratis på nettet i staden for å betala for abonnement. Sidan omkring år 2002 har denne utviklinga skote fart her i Skandinavia, og både i Danmark og Noreg har mange aviser gått tilbake med opp mot 5% i opplag/år i gjennomsnitt. Dette er så dramatisk, at ein del medieforskarar har trekt fram igjen den gamle spådommen frå tidleg -90-tal om papiravisa sin død.

Det er aldri lett å spå om framtida, det gjeld ikkje minst i ein så dynamisk marknad som mediemarknaden. Uansett er det urovekkjande at dei yngre generasjonane i mindre grad tar seg tid og råd til den fordjupinga som papiravisene tilbyr. Papiravisene krev meir av lesaren enn nettavisa, den gode papiravisa fordrar både at ein er tilstade og at ein tar seg god tid. Samtidig peikar forsking på at me oppfører oss annleis når me hentar informasjon på nett, me både hoppar i teksten og mellom ulike sider når me les nettaviser.

For min eigen del er eg framleis så umoderne at eg vaknar kvar einaste kvardag med ei velkjent, behageleg sitring i kroppen. Eg veit nemleg at ute på trappa ligg det eit rykande ferskt Klassekampen og ventar på meg. Om eg er heldig, og Klassekampen har ein av sine betre dagar, blir eg både utfordra og opplyst før frukosten er ferdig. Denne vesle halvtimen er mellom mine beste stunder i løpet av heile dagen, utan den hadde eg møtt kvardagen med eit tyngre sinn.

Det skal heller ikkje gløymast at det er fest her på huset kvar einaste fredag og laurdag. Då vaknar eg med ein aldri så liten jubel i meg. Tidleg om morgonen har nemleg avisbudet vårt lagt frå seg eit vakkert halvdusin aviser frå inn- og utland. Eg burde stå opp og takka han i handa og by han på kaffi kvar einaste fredags- og laurdagsmorgon, men det er vel grenser for kva ein avisnerd kan tillata seg? I staden går eg no og funderer på ei passande gåve til jul, er det nokon som veit om avisbud drikk Laphroaig?

Ein medieforskar, som er sitert i same utgåva av Information, spår at den siste papiravisa vil bli utgitt i år 2043. Det er nesten så eg håpar at eg har takka for meg før det!

tirsdag, september 26, 2006

I skuggen av oljeformuen


Utviklinga i oljefondet dei siste ti åra ber preg av å vera ei eventyrleg forteljing. I Noregs Bank sin årsrapport frå 2005 kan me lesa om eit oljefond som i sin spede start i 1996 auka verdien til 47 milliardar i det fyrste året. Ved sist årskifte var verdien av oljefondet svimlande 1399 milliardar, og verdiauken i 2005 aleine var på nesten 400 milliardar.

1400 milliardar kroner er nesten tre gongar så mykje som verdas samla årlege bistandsbudsjett, det er langt meir enn 50 norske bistandsbudsjett. Kvar einaste nordmann har no godt over 300 000 kroner investert på verdas børsar. Om utviklinga fortset i same takt som den har gjort sidan 1996, er me alle millionærar i år 2020!

I lys av dette, er det ingen tvil om at oljefondet er uttrykk for eit unikt, historisk privilegium som er komen Noreg til gode. Det finnes ikkje noko anna land som har så store finansinntekter, at dei i fare for overoppheting av økonomien må setja store delar av inntektene inn i eit internasjonalt investeringsfond som skal sikra pensjonen til innbyggjarane i framtida. Samtidig er ikkje dette eit privilegium utan ansvar. Noreg sine verdiar i oljefondet byggjer på ei oljeutvinnig og ein petroleumseksport som bidrar sterkt til den globale oppvarminga. I desse dagar er så godt som alle klimaforskarar einige om at den globale oppvarminga trugar mange økosystem på jorda, mange klimaforskarar fryktar i verste fall at den menneskelege sivilisasjonen kan vera truga. Det er derfor rimeleg å hevda at oljefondet byggjer på ei ressursforvaltning som trugar den økologiske balansen på jorda.

Kvar og korleis forvaltar me så vårt privilegium og vårt globale ansvar gjennom oljefondet? 98% av fondet var ved årsskiftet investert i rike land i den vestlege verda. Omlag 2% er investert i nyindustrialiserte land (til dømes Singapore og Sør-Afrika), ingenting er investert i dei fattigaste landa i verda. Det ligg idag intet mandat i forvaltninga av oljefondet som tilseier at investeringar innanfor miljøsektorar er å foretrekka, gjennom til dømes å investera i fornybar energi. I korttekst er forvaltninga av det norske oljefondet med på å forsterka kløfta mellom rike og fattige land, samtidig som forvaltninga lid under eit manglande miljømandat.

Det har likevel skjedd visse forbetringar i forvaltninga av oljefondet dei siste par åra. I desember 2004 vart dei nye retningslinjene i eigarskapsutøvinga for oljefondet sett i verk. Dette inneber både at oljefondet er blitt ein meir aktiv eigar (gjennom til dømes å delta på generalforsamlingane i selskapa ein er medeigar i), og til at oljefondet no har mulighet til å trekka seg ut av visse investeringar som er uetiske. Det er likevel urovekkjande at mandatet som er nedfelt i dei etiske retningslinjene, er såpass svakt at Noreg fortset å investera i til dømes selskap i tobakks- og våpenindustrien og i selskap som produserer miljøgifter.

I lys av dei utfordringane verda står ovanfor, er det på høg tid at finansdepartementet gjev Noregs Bank ein nytt forvaltningsmandat for oljefondet. For det fyrste må det etiske mandatet styrkast, oljefondet bør trekka seg ut av langt fleire uetiske investeringar. Dessutan er tida inne for å endra investeringsprofilen i oljefondet: Kvifor ikkje investera ein stor andel av oljefondet i fattige land og i eit internasjonalt satsingsfond på fornybar energi?

Ei ny forvaltning av oljefondet vil gje oss noko mindre pensjonssparing, til gjengjeld vil den kunna setja ny internasjonal dagsorden i forsking på fornybar energi og i solidaritetsarbeid. Kor lenge skal me kvila i illusjonen om at god vekst i pensjonsfondet vil sikra trygg alderdom for nokre millionar bleikfeite nordmenn om førti-femti år, når den globale klima- og ressursutviklinga peikar mot at det blir andre utfordringar enn pensjonen som kjem til å uroa oss mest i år 2050?

Det er liten tvil om at ei ny forvaltning av oljefondet med investeringar i fattige land og i fornybar energi, har andre implikasjonar enn ei noko svekka norsk pensjonssparing. I næraste framtid skal eg derfor koma tilbake til korleis me kan utforma ei ny forvaltning av oljefondet.

I kveld nøyer eg meg med å konstatera at oljefondet er uttrykk for eit historisk privilegium for Noreg. Til no har me på ingen måte utnytta potensialet i dette privilegiet.

lørdag, september 23, 2006

I fuglefangarane sine fotefar





Som tidlegare nevnt, var eg i sumar på ein sju-åtte timars spasertur over Værøy, ein forblåst fiskerikommune ytst i havet i Lofoten. Lagnaden ville det til at eg på mi ferd over Værøy endte opp i det fråflytta utværet Måstad (sjå bileta). Då eg var der, visste eg ingenting om Måstad, anna enn at det var ei veglaus grend i eit vakkert irsk-inspirert landskap.

I helga har eg lese romanen "Alt for Norge" av Pål Espolin Johnson, som er ein biografisk roman frå livet i Måstad i fyrste halvdel av førre århundre. I Måstad budde omlag 120 menneske, som livnærte seg på fiske, jordbruk, eggsanking, fuglefangst med hund og ørnefangst for hand!

Johnson skildrar eit særeige lokalsamfunn, kor menneska lever sjeldan nær naturen. I boka får ein følga Måstad-folket gjennom årstidene og generasjonane sin gang. Kvar årstid har sine kreative former for matauk, som på ulikt vis kosta menneskeliv.

På det meste fanga dei 120 innbyggjarane omlag 15000 lundefuglar til matbruk i året, i tillegg dreiv dei både eggsanking og høyberging i det stupbratte fjellet. Måstad er og ein av svært få stader kor ein kjenner til at ein har fanga ørn for hand. Ørnejakta vart dreven ved at ein la ut åte med hyssing i, i framkanten av ei fjellhylle. Då ørna landa, var fangstmannen rask med å dra til seg ørna ned i ei skjult hule som han gøymte seg i. Fangstmannen knekte nakken på ørna før ho fekk summa seg og sett seg til motverje. På ein god dag kunne ein fangstmann koma til gards med 6-7 ørner!

Både høyberging, fuglefangst og fiske kosta mange måsværingar livet, i nokre generasjonar døydde nesten halvparten av alle menn i ulukker. Likevel fortsatte altså måsværingane sitt kvardagslege kamp mot naturen med livet som innsats, fyrst i den siste delen av den norske utvandringa var det mange som lot seg lokka av eit meir stillfare liv i Amerika. Ein lar seg undra over korleis det gjekk til at folka var så seigliva, og til å halda fast på ei livsform som krevde så mykje?

Romanen "Alt for Norge" gjev innblikk i eit naturalhushald og i ein kontakt med naturen som eg ikkje kan hugsa å ha opplevd sidan eg las Helge Ingstad si bok "Pelsjegerliv" for nesten ti år sidan. Johnson si bok har stor autensitet, sjølv om det manglar ein god del på Ingstad sin litterære kvalitet.

Det er uansett litt bittert at eg ikkje visste noko om desse sogene då eg åt mi mebrakte niste i eit av dei falleferdige tuna i Måstad i juni. Til alt hell traff eg sosialmedisinar Per Fugelli på spaserturen tilbake til herberget eg budde i på Værøy. Han gav meg eit boktips som førte til ei forvitneleg lesaroppleving.

torsdag, september 21, 2006

Glimt frå ein sumar
























Eg innrømmer det like godt fyrst som sist: Eg er komen inn i ei lita bloggkrise i Oslo. Det er ingen grunn til overdramatisera dette, bloggkriser er trass alt å foretrekka i høve til dei fleste andre kriser.

Krisa fører likevel til at det går lang tid mellom kvar gong eg skriv eit nytt innlegg på bloggen. I mangel av ein personleg eller politisk dagsorden, legg eg no ut nokre bilete frå sumaren min på Tysnes. Eg skal ikkje gjera dette til ein biletblogg, me får tru dette blir eit einsleg unntak.

Det er ingen løyndom at mykje av årsaka til bloggkrisa mi, er at eg har visse problem med å tilpassa meg den høge pulsen i storbylivet i Oslo. Så snart eg har funnet storbykoden, skal eg venda tilbake til jamnlege innlegg på bloggen.

søndag, september 03, 2006

Når natta kjem

I natt er eg på nattevakt. Natta er den tida på døgnet då mennesket er på sitt mest navlebeskuande. Eg er ikkje hakket betre, i natt har eg har funnet tida mogen for å laga ei liste over planane mine for tida framover:

1. Eg skal gje jamnt faen i korleis Arne Strand (Dagsavisen) meiner at SV må oppføra seg for å overleva i regjeringsposisjon.

2. Eg skal drikka meir vin. For ti år sidan var eg ein aktiv vinleggjar, og eg lot aldri sjansen gå frå meg til å sei nokre ord om kor mykje godt det bur i ei flaske heimelaga fikenvin. Vegen frå nokre stillfarne glas vin til gode kvardags-samtalar om (til dømes) politikk eller økofilosofi var heller aldri lang.

Kvar vart det av mitt gamle engesjement? Frå i morgon av kastar eg meg over vinflaska igjen.

3. Eg skal leva eit langsommare liv enn eg har gjort i det siste. For å greia dette, skal eg: A. Berre ta trikken, aldri (eller i nødsfall) T-banen eller bussen. B. Starta med qi gong. C. Surfa mindre, lesa meir.

4. Eg skal læra meg å leva med at Brann aldri vinn seriegull. Det vil spara meg for mange tunge dagar, spesielt no som hausten kjem.

5. Eg skal bli "beste tysnesing" på Berlin halvmaraton til våren. Ja, du leste rett, intet mindre.

Eg ligg allereie i hard trening på studentsamskipnaden i Oslo sine tredemøller. Legg merke ein utrent, langhåra tredveåring i ei utvaska Branndrakt frå 1980 neste gong du er innom Sentrum Athletica. Der har du meg, i rute mot ei etterlengta målplassering ved Brandenburger Tor 8.april 2007.

torsdag, august 24, 2006

Eit endelaust eksil?


Omsider er mitt årlege sumareksil på Vestlandet over. Også denne gongen vart det for mykje lønsarbeid, også denne gongen vart det for lite tid til det ein eigentleg burde bruka tida si på. Rett nok har det blitt ein del gode soldagar i fjellet og på sjøen når eg har hatt fri, men jamnt over vart det for mykje fokus på lønnsslippen i år også.

Det er vel få, om nokon stader i mitt liv som har ei slik ro i seg som tunet vårt (sjå bilete) heime på Tysnes. I lengda verkar denne roa passiviserande, men i små, passelege sommardosar er det ei sjeldan god ro.

No er eg på plass i mitt neste eksil, det er Oslo. Her har eg vore sjeldan heldig, og har fått plass i eit kollektiv på Grønland. Her er ingen kjøkenutsikt mot fjorden som i Tønsvika, men til gjengjeld er eg næraste nabo til min favorittbrune pub i Oslo, Grønlandshagen.

I mitt nye kollektiv (med innlagt breiband) skal eg i hvert fall bli flinkare til å oppdatera denne bloggen. Så får tida visa om også dette vert eit eksil, eller om eg endar mine dagar som bufast i Oslo?

fredag, juli 07, 2006

På ferdaveg i Lofoten


I forrige veke var eg på ferie, då reiste eg frå herberge til herberge i Lofoten. Sidan eg no må regnast som ein Lofoten-kjennar, kjem det nokre reisetips til deg som skal reisa til øyriket i nord i framtida:

1. Reis med hurtigruta når du reiser til og frå Lofoten. Sjølv eg, som har sterke aversjonar mot sjøreiser, må innrømma at hurtigruta er noko heilt anna enn andre sjøreiser. Kor ser ein elles slikt lys, og på kva for andre reiser finn ein slikt rom for langsam ro?

2. Ingen som reiser til Lofoten, kan tillata seg å gå glipp av herberget i Stamsund. Ein fargerik fiskebrukeigar driv eit herberge som har 20-30 gjester frå heile verda. Etter å ha overnatta på nokre titals herberge i inn- og utland opp gjennom åra, har eg aldri opplevd ein slik gjestfridom og eit slikt miljø blant gjester og vertskap som i Stamsund.

3. Å reisa i Lofoten er ein form for språkreise. I løpet av mine tre fyrste dagar i Lofoten, snakka eg norsk eit par-tre gonger. Finnes det nokon annan stad her i kongeriket kor engelsk og tysk er fyrstespråka, og kor norsk er forvist til det tredje mest talte språket?

Etter denne erfaringa skal eg slutta å reisa til Berlin for å vedlikehalda tysken min. Frå no av reiser eg på herbergeferie i Lofoten.

4. Les novella "Vin i Kabelvåg" av Arild Nyquist før du reiser til Lofoten, det er ein sjeldan god humoristisk tekst av Lofoten-diktaren. Det er også ein av mine personlege favorittekstar i den norske bokheimem.

Eg leita etter indremisjonskaféen i novella då eg var i Kabelvåg, men fant ingenting. Det var nok best slik.

5. Dersom det ikkje er plass til deg i Herberget i Å, er det eit godt alternativ å overnatta på kyrkjegarden i Moskenes. Eg fann meg ein roleg plass under dei store granane i nordre enden av gravplassen, og har sjeldan sove så stille under open himmel. Pass likevel på å pakka inn eventuell medbrakt mat, eg fekk nemleg erfara at det kryr av sultne måsar i området.

6. Den forblåste øya Værøy ytst i Lofoten husar mange underlege og særeigne attraksjonar. Eg nevner nokre: Ein nedlagt flyplass kor landingstårnet er omgjort til vertshus, ein gravplass (sjå bilete) som ligg så nært havet at sjøsprøyten står inn over gravene i uvêr, ei fråflytta veglaus grend som i si tid livnærte seg på ørnefangst for hand og oppál av ein hunderase som var spesialisert på å fanga sjøfugl til matbruk.

Er du like heldig som meg, kjem du dessutan i prat med den ferierande sosialmedisinaren Per Fugelli på di ferd over Værøy. Det kan bli ditt livs sjanse til å sjå Per Fugelli utan tversoversløyfe.

tirsdag, juni 20, 2006

Farvel til ein by


Den siste kvelden er komen. Bøkene er pakka ned, rommet er nyvaska og kofferten står klar i gangen for avreise. I kveld merkar sjølv kattane at det er noko i gjære her på tunet. Mitt landlege eksil er forbi, snart skal det berre vera minnet att etter meg både her i Tønsvika og i Tromsø.

Det blir for dumt å skriva noko om Tromsø og Tønsvika i kveld. Desse stadane står meg for nært no, ein eventuell tekst ville blitt både pompøs og pinleg. I staden får eg prøva og skriva noko når eg er vel heime på Tysnes om ei dryg veke.

Med sumaren kjem det og rolegare tider på denne bloggen. Om to veker startar sumarjobben min i Bergen, då vert det lite tid til blogging. Før det set eg meg altså på Hurtigruta til Lofoten, kor eg blir buande på eit herberge i Stamsund i ei knapp veke.

Eg lovar å koma sterkt tilbake, frå hausten av satsar eg på å blogga ivrig frå frå eit kollektiv i Schweigaards gate på Grønland i Oslo. God sumar!

mandag, juni 19, 2006

Høyrt i kantina


I går åt eg lunsj i Teorifagskantina saman med ein gamal kjenning av meg, Glenn Fagervik. Glenn er ein kunnskapsrik mann, og me er fleire som brukar han som kjelde når me innimellom lurer på ting. Her er eit utdrag frå dialogen vår under lunsjen i går:

- Det er noko eg har lurt på i det siste. Det er dette med krikar og krokar. Eg veit jo kva ein krok er, men kva er eigentleg ein krik, spurte eg.
- Det er ein krik, sa Glenn.
- Det burde eg ha visst, sa eg.

fredag, juni 16, 2006

By utan kritisk presse


Eg syng på siste strofa no. Natt til onsdag set eg meg på hurtigruta sydover, og mi tid i Tromsø er då ugjenkalleleg over for denne gang. Det er mangt og mange eg kjem til og sakna her i byen, tre og eit halvt år under nordlyset set sine spor.

I denne samanhengen skal eg likevel fokusera på den institusjonen eg aldri kjem til og sakna, det er byens regionsavis Nordlys. Ein svært stor del av det redaksjonelle stoffet i Nordlys er av annanrangs kvalitet i høve til andre aviser det er naturleg for ei regionavis i ein universitetsby å samanlikna seg med. Eg har valgt å spissformulera kritikken mot avisa i tre hovudproblem:

1. Den tabloide profilen.
Nordlys er nærast blitt synonymt med tabloide vinklingar, ofte minner framsida oss meir om Se og Hør enn ei nyhetsavis i ein universitetsby. Det ser det ut til at avisa skyr seriøs nyhetsjournalistikk, og nedprioriterer nyhetssaker av viktig prinsipiell art. I staden pregar kjendisstoff og typiske finurlege kvardagssoger (”Katt overlevde takras”, "Fridde i Nordlys og fikk ja" osb.) nyhetsprofilen til Nordlys.

2. Den svake kommentarjournalistikken.
Det slår meg gong på gong at Nordlys manglar redaktørar og andre kommentarskribentar som har nok autoritet og kunnskap til å skriva i ei avis som skal setja dagsorden i ein kultur- og universitetsby. På leiarplass opplever me gong på gong at avisa ikkje tek andre argument enn sine eigne på alvor, og altfor få av kommentarane i avisa greier og utfordra eller opplysa ein danna lesar.

I ei tid kor raske medium som internett og TV trugar opplagstala til papiravisene, er det mildt sagt underleg at Nordlys ikkje har sett potensialet i kommentarjournalistikken. Tromsø er prega av å vera ein svært konkurransesyktig kultur- og universitetsby, kvifor utfordrar ikkje Nordlys fleire av byens skarpe pennar til å skriva fast i avisa?

3. Den svake og tendensiøse dekninga av utfordringar for Nord Noreg.
Nordlys er det viktigaste offentlege forumet for utvikling av idéar og visjonar om kva Nord Noreg skal bli, og om kva landsdelen skal leva av i framtida. I eit slikt lys, er det ei sjølvsagt målsetjing for Nordlys og tilstreba at alle partar kjem til orde, både i lesarbrevspaltene og i avisa si redaksjonelle dekning.

På radioprogrammet ”Sånn er livet” kunne me for nokre veker sidan høyra at AP-representanten Synnøve Konglevoll fortelja om kvifor ho ikkje stilte til gjenval for Troms AP til forrige stortingsval. Konglevoll vart nemleg utsett for ein hets-kampanje frå Nordlys i forkant av nominasjonen til forrige stortingsval. Årsaka til denne hetsen, var at ho gjekk mot oljeutvinning i Barentshavet, på grunn av dei store miljøomkostningane ei slik utbyggjing ville ha.

Nordlys er kjent for sin kampanje for olje- og gassutvinning i nordområda. Det er naturlegvis Nordlys si oppgåve å ta eit tydeleg standpunkt i ei sak som er så viktig for regionen. Men i dag går Nordlys så langt at avisa ikkje evnar å sjå at det finnes viktige motargument mot sitt eige synspunkt. Når Nordlys i tillegg aktivt undergrev dei som er ueinige med sitt synspunkt, har avisa misbrukt si rolle som den viktigaste premissleverandøren i nord-norsk offentlighet.

Kampanjen for olje og gass i nord fører dessutan til at Nordlys i liten grad evnar å sjå Nord Noreg i andre perspektiv enn sitt eige oljeprofetiske. Kvifor er ikkje avisa langt krassare mot dei siste års utvikling i fiskerinæringa? Kva for andre utviklingmuligheter har Nord-Noreg, kan det finnast ei mogeleg framtid bortanfor eller ved sida av olje- og gassutvinning? Og kvifor ikkje satsa meir på djupe og analyserande artiklar om distrikta si utvikling og framtid? Landsdelen har nok av forskarar og aktivistar som kan uttala seg om utviklinga og slik sett gje oss andre perspektiv enn dei me no har blitt tilgodesett med.

Vegen framover
Den svært tabloide profilen og den einsidige redaksjonelle dekninga kan etter mitt syn bli Nordlys sin bane i åra framover. Den profilen som Nordlys i desse dagar framdyrkar, vil alltid tapa i konkurranse med raske medium som TV og internett.

Som avislesar ynskjer eg å bli opplyst, engasjert og utfordra. Når skal Nordlys vakna, og innsjå at mange er som meg i kulturbyen Tromsø?