
"Døden inngikk ikke i min utdannelse. I løpet av tolv år på skolen og femten år ved forskjellige universiteter fikk jeg aldri noen utdannelse i kunsten å dø. Jeg tror ikke engang døden noengang ble nevnt."
Slik skriv Sven Lindquist i boka "Uttrydd hver eneste jævel". Denne og nokre andre tekstar eg har lese i det siste, har fått meg til å venda tilbake til refleksjonane over det moderne samfunnet sitt forhold til døden.
For nokre år sidan opplevde eg å bli brått og uventa alvorleg sjuk. Det vil vera feil å sei at eg var livstruande sjuk, snarare opplevde eg ein ny kvardag som skilte seg fundamentalt frå det livet eg til då hadde levd. I ein månads tid opplevde eg så stor smerte, at eg berre fann kvile i tanken på å døy. For meg, som fram til då hadde sett på livet som djupt meiningsfullt, vart dette naturleg nok ei skjelsetjande oppleving.
Mine tunge dagar endte etter nokre veker, og eg har for lenge sidan vendt tilbake til kjensla av at dei fleste kvardagar er gode dagar. Like fullt er det noko som har forandra seg etter denne opplevinga.
Det er vanleg å hevda at årsaka til at døden nærast er usynleg som eksistensielt problem i det moderne samfunnet, er at døden er den eine livserfaringa som ikkje lar seg forklara gjennom moderniteten sine forklaringsmodellar. Døden representerer noko anna enn alle dei andre problema me er stilt ovanfor. Døden lar seg ikkje fornekta eller helbreda, døden er endeleg og slik sett irrasjonell i eit moderne samfunn. Kan dette vera årsaka til at døden er blitt eit tabuemne i det offentlege rom?
Det manglar ikkje på treningsråd, livstilsråd, ernæringsråd og legeråd som skal rettleia oss i korleis me skal halda døden på avstand så lenge som mogeleg. Det som manglar er erkjenninga av døden som ein naturleg del av livet. Kva for konsekvensar har det at denne erkjenninga er blitt ukjent for oss i det moderne samfunnet? Mest iaugnefallande er det truleg at me har mista evna til å snakka om døden, både når nokon nær oss døyr eller når nokon me kjenner får veta at dei snart skal døy.
Ein anna konsekvens av at døden er blitt eit tabuemne, er at me har fått eit svakare forhold til døden som eksistensielt problem. Sjølv om livet sin midlertidige eksistens synes innlysande og sjølvsagt ved fyrste augnekast, vil eg hevda at alt for få har tatt innover seg konsekvensane av ei slik innsikt. Med overhengande fare for å verka moraliserande, trur eg at dei som har erkjent døden, både vil gjera andre livsval og setja større pris på livet sin kvardagslege gang, enn dei som ikkje har det.
"Dødens oppgave er å tvinge mennesket til vesentlighet", skriv Lindquist i boka si. Det er freistande å gje han rett.













































